Tar luseproblematikken på alvor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 21.04.2009
- Regjeringa tar bekymringsmeldingane om lakselus på alvor. Lusesituasjonen for dei viltlevande laksefiskbestandane er uakseptabel i fleire område langs kysten, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

På eit møte mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Mattilsynet, Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet vart situasjonen og vidare arbeid for å nedkjempe lakselusa drøfta. For nærare informasjon om kva som kom ut av møtet, sjå omtale på Mattilsynet sine heimesider: Nyttige innspill i lakselusarbeidet og hos Havforsningsinstituttet: Bekymret for lakselus.
Regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring inneheld ei rekkje tiltak for å møte alvoret i situasjonen, særleg trusselen som møter dei viltlevande laksefiskbestandane.