Vil betre forholda i Hardangerfjorden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyhet | Dato: 24.04.2009
-Hardangerfjorden er eit område som har spesielle og særeigne utfordringar. Fjorden har mange oppdrettslokalitetar i bruk og stor biomasse av oppdrettsfisk. Hardangerfjorden er samstundes ein av dei to viktigaste fjordane for vill laks i Hordaland, med syv elvar med verdifulle laksebestandar, sa statssekretær Vidar Ulriksen da han i dag besøkte Øystese for å delta på Hardangerfjordseminaret.
Seminaret omhandlar tema knytt til villfisk og oppdrettsverksemd, og Ulriksen orienterte i sitt opningsinnlegg om prosessen med ei ny forskrift for Hardangerfjorden og ”Strategi for en miljømessig bærekraftig norsk havbruksnæring”, som vart lagt fram 1.april i år.