Historisk arkiv

Vil ha fire nye år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Fiskeri- og havbrukspolitikken skal medverke til langsiktig og miljøforsvarleg verdiskaping i heile samfunnet vårt. Regjeringa har halde lovnadane frå Soria Moria-erklæringa og ønskjer fire nye år for å sikre at ressursane blir utnytta på ein god og framtidsretta måte, sa statssekretær Vidar Ulriksen på Sjømatdagane på Hell tysdag.

På kort sikt er utfordringa å avhjelpe ringverknadane av finanskrisa på norsk fiskerinæring. På lengre sikt gjeld det å byggje vidare på dei resultata vi har oppnådd. Noreg skal ha ein aktiv rolle i det internasjonale arbeidet med å utnytte verdshava på ein berekraftig måte. Kampen mot ulovleg fiske held fram. Vi vil ha ein global avtale om hamnestatskontroll og bruke sporing i kampen mot ulovleg fisk. Fiskeri- og havbruksnæringa skal sikrast gode rammevilkår og ei god næringsutvikling.

Kvifor 4 nye år? - statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på Sjømatdagane