MAREANO viktig når politikken skal formast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 06.05.2010
MAREANO er eit glimrande eksempel på korleis forsking kan brukast aktivt som grunnlag for avgjerder når politikken skal formast, sa statssekretær Vidar Ulriksen då han opna årets brukarkonferanse i Oslo.
- MAREANO er eit glimrande eksempel på korleis forsking kan brukast aktivt som grunnlag for avgjerder når politikken skal formast, sa statssekretær Vidar Ulriksen då han opna årets brukarkonferanse i Oslo.
Resultata av kartlegginga er mellom anna brukt til å utarbeide det faglege grunnlaget for oppdatering av forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten.
- MAREANO er høgt prioritert i Fiskeri- og kystdepartementet. Eg vil minne om at vi starta i 2005 med ei samla løyving på 5 millionar kroner. I 2010 er løyvinga tidobla til 51,5 millionar. Programmet har hittil kartlagt totalt 1500 artar, og faktisk avdekka heile 16 nye artar. Det er både spennande og imponerande, sa Vidar Ulriksen.
- Les statssekretæren si opningstale: MAREANO - Verdi og visjonar for framtida
- MAREANO sine nettsider