Historisk arkiv

Møte med innehavarar av akvakulturløyve til visningsføremål.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

-Eg synes det var eit godt initiativ å samle dei fleste av innehavarane av visningsløyve. Eg har trua på samarbeid, ikkje berre mellom innehavarar av visningsløyve, men og mellom innehavarane og offentlege myndigheiter, og i så måte oppfordra eg til å fortsette dialogen, sa statssekretær Vidar Ulriksen da han deltok på møte med innehavarar av akvakulturløyve til visningsføremål på Toft ved Brønnøysund torsdag 22. april.

Formålet med visningsløyve er å styrkje kunnskapen om havbruk hos publikum.
-Visningsløyve kan vere eit verktøy til å gje omverda auka innsikt i næringa, og i måten fisken blir oppdretta på. Auka forståing og kunnskap om produksjon og levevilkår for fisken kan bidra til at næringa får større goodwill elles i samfunnet. Eg meiner visningsanlegga har eit potensial til å kunne bidra positivt i arbeidet med omdømmet til havbruksnæringa, sa Ulriksen.