Historisk arkiv

Oppnemning av arbeidsgruppe som skal sjå på råfisklova og meklingsinstans

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag oppnemnt arbeidsgruppa som skal sjå på råfisklova og meklingsinstans.

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag oppnemnt arbeidsgruppa som skal sjå på råfisklova og meklingsinstans.

Arbeidsgruppa skal innanfor mandatet vurdere:
• Erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans ved usemje om fastsetting av minstepris på omsetning av fisk i første hand og den evalueringa som er gjort av prøveordninga, og eventuelt foreslå tiltak.
• Oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet etter at lova vart vedteken i 1951.

På bakgrunn av forslag frå dei aktuelle organisasjonane (med unntak av leiaren), har fiskeri- og kystministeren valt følgjande personar til å delta i arbeidsgruppa:

Namn: Foreslått av:
Ove Midttun (leiar)
August Fjeldskår
(vara Heidi Rånes) 
Norges Fiskarlag
Johannes Nakken
(vara Sveinung Flem)
Norges Fiskarlag
Gerd Kristoffersen
(vara Paul Jensen)
Norges Kystfiskarlag
Nils Williksen
(vara Jurgen Meinert)
NSL
Grethe Fossli
(vara Marta Valdes)
LO
Kristin Alnes
(Liv Monica Stubholt)
FHL
Magnar Pedersen
(vara Geir Ove Ystmark)
FHL

 
Mandat for arbeidsgruppe.