Rekruttering til næringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 07.04.2010
- Fiskeri- og havbruksnæringa skal verte ein sentral del av Noregs kunnskaps- og kompetanseøkonomi, sa statssekretær Vidar Ulriksen då han i går heldt innlegg for Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane.

- Ressursane i havet har gjennom generasjonar gitt håp og optimisme for framtida. Regjeringa har som mål at Noreg skal verte verdas fremste sjømatnasjon. Det set krav til at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havmiljø. Men det krev også at vi har god kunnskap om forbrukartrendar, kjøpskriterier, marknadsføring og omdømmebygging – og vert i stand til å utvikle produkt ut frå dette, sa Ulriksen mellom anna.