Historisk arkiv

Satsing på kunnskapsoppbygging i torskeoppdrett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet vil vidareføre torskeavlsprogrammet. Det slo statssekretær Vidar Ulriksen fast då han torsdag talte på ein nettverkskonferanse i Bodø. Sjølv om det no er vanskelege tider for torskeoppdrett er torsk framleis den marine arten i oppdrett som myndigheitene prioriterer.

Ei rekkje nye reglar for torskeoppdrett er fastsette for å sikre ei miljømessig berekraftig utvikling, og det er sett i gang utgreiingsarbeid for å få meir kunnskap om risikofaktorar. Også i marknadsarbeidet blir torsk prioritert, og Ulriksen sa at oppdrettstorsk skal bli eit viktig supplement til villtorsken, slik at norske leverandørar skal kunne tilby europearane fersk torsk gjennom heile året.

Vidare satsing på torskeoppdrett
Statssekretær Vidar Ulriksen sitt foredrag på Sats på torsk sin nettverkskonferanse i Bodø, torsdag 11. februar 2010.