Beskytter 800 000 kvadratkilometer havbotn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 23.09.2011
- Noreg går fremst i arbeidet med å beskytte sårbar havbotn mot fiske med botnreiskapar. 800 000 kvadratkilometer havbotn, eller 38 prosent av alle norske farvatn, er no beskytta gjennom dei nye nasjonale reglane våre, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg- Hansen.
- Noreg går fremst i arbeidet med å beskytte sårbar havbotn mot fiske med botnreiskapar. 800 000 kvadratkilometer havbotn, eller 38 prosent av alle norske farvatn, er no beskytta gjennom dei nye nasjonale reglane våre, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg- Hansen.
Forskrift om regulering av fiske med botnreiskapar i Noregs økonomiske sone, fiskerisona rundt Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard tredde i kraft 1. september. Med bakgrunn i føre-var–tilnærminga definerer reglane all havbotn djupare enn 1000 meter som sårbar. På slik botn kan fiskereiskapar føre til skade på habitata på botnen.
- Det er viktig at Noreg følgjer opp den oppfordringa som er komen frå FN om å beskytte sårbare marine botnhabitat mot øydeleggjande fiskemetodar. Samtidig er det viktig at vi følgjer opp det arbeidet Noreg alt gjer i dei regionale fiskeriorganisasjonane. Når vi no har fått på plass eit nytt regelverk basert på same metodar som vi bruker internasjonalt, styrkjer dette det norske arbeidet på fiskerisektoren generelt, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Alle fiskeri set eit fotavtrykk, det vil seie at dei påverkar habitat (marine organismar sine leveområde) og økosystem. Spesielt habitata og økosystema på djupt hav er utsette for varige skadar. Med dei nye reglane er sårbare habitat på havbotnen i store delar av Norskehavet verna mot skade. Noreg har gått føre ved å innføre reglar som gjev same vern for sårbare habitat i eit heilt havområde som er delvis nasjonalt og delvis internasjonalt farvatn.