Historisk arkiv

Artsmangfaldet - viktig for sjømatnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Naturen har gitt oss ei gåve i store og rike havområde, sjølve grunnlaget for viktige næringar langs kysten i mange hundre år. Det biologiske mangfaldet i farvatna våre har gitt oss ei stor og mangfaldig sjømatnæring i Noreg. Vi skal ta vare på naturverdiane vi har fått, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho opna Natur 2011 - Hav i endring hos Artsdatabanken i Trondheim i dag.

Derfor har vi lovfesta at fiskeriforvaltninga vår skal ta omsyn til artane sine leveområde og biologisk mangfald. Å bevare dette mangfaldet er derfor ein viktig føresetnad for langsiktig og berekraftig utvikling av sjømatnæringa. Vi veit at eit stort biologisk og genetisk mangfald gjer dei marine økosystema meir robuste mot både menneskeskapte og naturlege påverknader, held Berg-Hansen fram.

Statsråden nemnde også at i norsk fiskeriforvaltning er det ein årleg gjennomgang av ei liste med rundt 80 bestandar som det blir fiska på, eller som fiske indirekte verkar inn på. Ho nemnde også utkastforbodet i norske farvatn for å stimulere fiskarane til å fiske målretta og kom inn på vernet av viktige korallrev og sårbare botnhabitat mot skadeleg fiske. 

- Bruker vi kunnskapen på riktig måte i forvaltninga vår, ser eg ikkje nokre motsetningar mellom å ta vare på biologisk mangfald og natur, og det å skape enda større verdiar og fleire arbeidsplassar av det naturen har gitt oss, sa statsråden.