Forbod mot landing av makrell tatt i færøysk og islandsk sone
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 01.08.2011
Etter gjeldande regelverk er det forbode å lande fangstar av makrell frå islandske og færøyske fartøy i norske hamner.
Etter gjeldande regelverk er det forbode å lande fangstar av makrell frå islandske og færøyske fartøy i norske hamner. Departementet vil presisere at ilandføringsforbodet også omfattar all fangst som består av makrell tatt i færøysk og islandsk sone, og fangst tatt av fartøy med lisens frå færøyske eller islandske styresmakter.
Kontakt: Avdelingsdirektør Sverre Johansen, tlf 22 24 64 47