Historisk arkiv

Invitasjon til seminar: Nye næringsmulegheiter – grøn energi frå havet?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystministeren inviterer til seminar med temaet: Kan tare bli ei ny kjelde for bioenergi? 25. oktober kl. 12.00-16.00 i Grubbegata 1, Oslo.

Fiskeri- og kystministeren inviterer til seminar med temaet: Kan tare bli ei ny kjelde for bioenergi?

Tid:
25. oktober kl. 12.00-16.00.
Stad: Møterom Skrova i Fiskeri- og kystdepartementet, Grubbegata 1, Oslo.

Med dette seminaret vil vi samle næringsaktørar, universitet og høgskular, dei som tek avgjerder og verkemiddelapparatet for å få belyst og debattert mulegheiter og utfordringar.

På seminaret får vi status for kvar forskinga og næringsutviklinga som gjeld bruk av tare til bioenergi står i dag. Vidare vil seminaret også leggje vekt på verdien av berekraftig bioenergi.

Utnytting av tare til lønnsame produkt har lang tradisjon i Noreg. Del to av seminaret vil ta for seg dagens utnytting av tare og kva som kan bli aktuelt framover.

Bakgrunnen for seminaret er følgjande:

  • Behovet for mat og energi i verda aukar.
  • Noreg har dei største bestandane av tare i Europa.
  • Tare bind karbon svært effektivt og veks raskt.
  • Fiskeri- og kystdepartementet arbeider med ei stortingsmelding – Noreg, den fremste sjømatnasjonen i verda. I denne meldinga vil vi også drøfte nye næringsmulegheiter.

Vi legg opp til god tid til spørsmål og debatt.

SINTEF Fiskeri og havbruk har hjulpe departementet i å utarbeide program.

 
Meld deg på her

Sjå programmet