Marin datadugnad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 27.10.2011
Noregs forskingsråd har gitt 48 millionar kronar til å samle marine data frå over 100 år med havforsking. Havforskingsinstituttet leier arbeidet som skal gjere data frå 17 norske forskingsinstitusjonar tilgjengeleg gjennom ein felles portal. - Dette er ei uvurderleg satsing for marin forsking, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen, som gratulerer Havforskningsinstituttet med prosjektet.

Noreg sit på ein skatt av innsamla marine data frå meir enn 100 år med havforsking. Men denne informasjonen er spreidd hos ei rekkje institusjonar og på ei rekkje ulike dataformat. Den planlagde felles dataportalen vil gi norske og internasjonale forskarar tilgang til denne enorme mengda data. Det vil gi unike moglegheiter for vidare forsking.