Historisk arkiv

Nye innovasjonsprosjekt for sjømatbedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Vi ønskjer at fleire norske bedrifter kan utvikle forbrukarvennlege sjømatprodukt. Slike produkter kan gi ein høgre og meir stabil pris. På den måten kan vi styrke sjømatnæringa og sikre arbeidsplassane langs kysten, seier statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet.

Gjennom det marine verdiskapingsprogrammet lyser Forskingsrådet no ut 40 millionar kroner til marknadsdrivne innovasjonsprosjekt. Det er ein føresetnad at bedriftene sjølve eig og driv utviklingsarbeidet. Prosjekta må ha bakgrunn i eit forskings- og utviklingsbehov og ta sikte på å fjerne flaskehalsar i verdikjeda frå råstoff til marknad.

Det er Noregs forskingsråd som lyser ut dei nye innovasjonsprosjekta i samarbeid med Innovasjon Noreg og Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond.