Historisk arkiv

Tok imot stamnettutgreiingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Kystverket, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Avinor la i dag fram dei sektorvise stamnettutgreiingane sine. Dokumenta er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan.

Kystverket, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Avinor la i dag fram dei sektorvise stamnettutgreiingane sine. Dokumenta er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan.

- Regjeringa ønskjer å overføre meir gods frå veg til sjø. Meir transport på sjøen kan bidra til å nå måla i transportpolitikken om betre miljø, at det blir lettare å ta seg fram og at det blir færre ulukker. Godstransport på sjøen er eit område som vi vil prioritere i arbeidet med Nasjonal transportplan 2014-2023, og vi vil sjå på tiltak for å styrkje sjøtransporten, sa politisk rådgjevar Fride Solbakken.


 

Les meir på Kystverket sine nettsider.