1,5 millionar til kvinnetiltak i Japan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 03.11.2012
Noreg gir 1,5 millionar kroner for å fremme kvinnene si deltaking i gjenoppbygginga etter jordskjelvet som ramma den austlege delen av Japan i 2011.
Noreg gir 1,5 millionar kroner for å fremme kvinnene si deltaking i gjenoppbygginga etter jordskjelvet som ramma den austlege delen av Japan i 2011.
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen deltok laurdag i ein seremoni der den norske ambassaden i Japan signerte ein avtale med Sendai byadministrasjon og Sendai likestillingsstifting. Avtalen inneber at Noreg gir 1,5 millionar kroner til målretta kvinnetiltak.
I følgje FN får naturkatastrofar følgjer for meir enn 100 millionar kvinner og jenter kvart år, men dei blir sjeldan tilstrekkeleg involverte i førebyggande arbeid. I det førebyggande arbeidet er det viktig å nytte eit breiast mogleg kompetansegrunnlag. Kvinner sin kompetanse er ein viktig del av dette.
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen har under reisa si i Japan besøkt Ishinomaki og sett omfanget av dei materielle øydeleggingane som jordskjelvet og atomkatastrofen førde med seg.
- Det er svært viktig å involvere kvinner og kvinneorganisasjonar i gjenoppbyggingsarbeid. For å få dette til må kvinner ikkje berre vere omtalte i planverket – dei må også vere med i planleggings- og avgjerdsprosessar på alle nivå, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Sendai er ein føregangsby når det gjeld likestilling. Ordførar Okuyama og hennar kollegaer har lagt ned mykje arbeid i å styrkje kvinnene sin posisjon i avgjerdsprosessane. Avtalen mellom Noreg og Sendai vil bidra til å styrkje likestillingsarbeidet i Sendai ytterlegare.