Ny bok om Barentshavet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 15.02.2012
- Boka ”The Barents Sea – Ecosystem, Resources, Management” markerer meir enn eit halvt århundre med norsk-russisk forskingssamarbeid, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen under lanseringa på Litteraturhuset i Oslo.

- Vi har gjennom desse åra utvikla ei svært vellukka forvaltning av dei felles fiskebestandane våre i Barentshavet. Det tette og gode forskingssamarbeidet mellom Noreg og Russland har heile vegen vore avgjerande for denne forvaltninga, sa Berg-Hansen.
Havrettskonvensjonen og innføringa av nasjonale økonomiske soner på 1970-talet var starten på ein ny æra i fiskeriforvaltninga. Dette la ansvaret for forvaltninga av ressursane i Barentshavet på kyststatane Noreg og Sovjetunionen.
- Frå starten av var det silda og torsken som spelte ei sentral rolle i havforskingssamarbeidet. I dag er samarbeidet langt breiare. At det no er laga ei bok om Barentshavet basert på felles norsk-russisk forfattarskap, demonstrerer kor omfattande samarbeidet er blitt, sa fiskeri- og kystministeren.