Ny rettleiar skal betre sameksistensen mellom seismikk og fiskeri
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 28.06.2012
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og olje- og energiminister Ola Borten Moe hadde torsdag 28.juni møte med Norges Fiskarlag i Trondheim. På møtet diskuterte dei tiltak som skal sikre at fiskeria og petroleumsverksemda på norsk sokkel kan leve side om side.
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og olje- og energiminister Ola Borten Moe hadde torsdag 28. juni møte med Norges Fiskarlag i Trondheim. På møtet diskuterte dei tiltak som skal sikre at fiskeria og petroleumsverksemda på norsk sokkel kan leve side om side.
Det har tidlegare vore peika på uklare tilhøve i næringane om rammeverket for seismiske undersøkingar. Statsrådane informerte Norges Fiskarlag om at det no vil bli laga ein rettleiar for å betre dette. Rettleiaren skal beskrive rammeverket som gjeld for seismiske undersøkingar på norsk sokkel og han vil vere viktig for både fiskeri- og petroleumsnæringa. Arbeidet vil starte i Fiskeri- og kystdepartementet og Olje- og energidepartementet over sommaren.
- Erfaringane heilt sidan 1960-talet viser at fiskeri- og petroleumsverksemd kan leve side om side på havet. Vi vil halde fram med å leggje til rette for sameksistens mellom desse næringane som har så mykje å seie for landet vårt. Eg er fornøgd med at vi no kan starte arbeidet med ein rettleiar som skal gjere forholdet mellom seismikk og fiskeri tydeleg for framtida, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Olje- og energiministeren orienterte også Norges Fiskarlag om innsamlinga av seismikk som Oljedirektoratet skal gjennomføre utanfor Nordlandskysten i år. Kartlegginga vil ikkje starte før Havforskingsinstituttet har gjennomført sin makrellkartlegging i same område.