Historisk arkiv

I rute mot ein strategi for nærskipsfarten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystministeren inviterte 11. juni til det førebels siste møtet i arbeidet med ein strategi for nærskipsfarten. Møtet vart halde i lokala til Logistikk- og Transportindustriens Landsforening (LTL) i Oslo.

- Det er ein stor jobb å få meir av godset over frå veg til sjø. Men dersom vi lukkast gir det positive verknader for miljøet i form av lågare utslepp, og folk vil merke at trengselen på vegane blir mindre. Eg er også heilt sikker på at for næringslivet vil dette bidra positivt på botnlinja, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystministeren inviterte tidlegare i år til eit samarbeid om å lage ein breitt forankra nærskipsfartsstrategi og har no leia tre møte med styresmakter, hamner og næringsaktørar for å få gode forslag til å få meir gods over på kjøl.

På møtet måndag 11. juni oppsummerte Berg-Hansen innspela som har kome så langt. Eit utkast til strategidokument vil deretter bli sendt ut for kommentarar over sommaren. Det ferdigstilte strategidokumentet vil gi eit godt fagleg grunnlag for å utforme transportpolitikken for den komande tiårsperioden.

 –Eg har fått mange innspel som vi tek med oss. Men å få meir gods på kjøl er eit dugnadsarbeid. Regjeringa skal gjere sin del av jobben, samtidig er det heilt avgjerande at alle aktørar stiller opp med konkrete tiltak slik at vi når målet om eit betre sjøtransporttilbod, seier Berg-Hansen.

Kontakt FKD, pressevakttelefon 22 24 66 99