Historisk arkiv

Store moglegheiter for norsk leverandørindustri

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Norske selskap og norsk leverandørindustri innan akvakultur tilbyr teknologiske løysingar og kompetanse som gjer dei til verdsleiande innanfor området sitt. Desse bedriftene har fantastiske moglegheiter for ytterlegare verdiskaping, og ikkje minst er dei heilt avgjerande for å nå regjeringa sin ambisjon om at Noreg skal vere verdas fremste sjømatnasjon, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Berg-Hansen gjesta i dag det verdsomspennande selskapet AKVAgroup si avdeling i oppdrettshovudstaden Puerto Montt i Chile. Selskapet har meir enn 700 tilsette og kontor i 8 land som leverer avansert utstyr og service til akvakulturindustrien. Saman med selskapa Mainstream og Marine Harvest presenterte dei verksemdene sine i Chile. 

-Den nye rapporten Verdiskaping basert på produktive hav i 2050 viser at Noreg kan seksdoble den marine omsetninga innan 2050. Rapporten anslår at store delar av omsetninga vil kome frå leverandørindustrien, seier Berg-Hansen.