Gjer det enklare å byggje nye fiskefartøy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 21.06.2013
Kongen i statsråd har i dag godkjent å opne for bruk av leigefartøy når eit reiarlag har inngått kontrakt om nybygg. Det vil gjere det enklare for reiarlaga å finansiere bygging av nye fiskefartøy. – Dette vil vere eit bidrag til ein meir miljøeffektiv, klimavenleg og moderne norsk fiskeflåte som kan gi betre arbeidsvilkår for mannskapet, og meir effektive fangstmetodar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeriregelverket har til no berre opna for bruk av leigefartøy ved havari og forlis.
Nytt fiskefartøy inneber ei stor investering for eit reiarlag. Ofte blir det gamle fartøyet selt før nybygget er levert. Med dei nye reglane, som opnar for å bruke leigefartøy, risikerer ikkje reiarlaga at fiskeriinntektene fell bort i perioden frå det gamle fartøyet er selt til nybygget er klart for bruk.
For å bruke leigefartøy er det mellom anna eit krav at reiarlaget har inngått skriftleg avtale om kjøp av nybygg, og forvaltninga kan stille vilkår om at reiarlaget bruker mannskap frå det gamle fartøyet som leigefartøyet erstattar.