Historisk arkiv

Hovudprioriteringar i fiskeripolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens foredrag på årsmøtet i Sogn og Fjordane Rederiforening.

Statssekretær Vidar Ulriksens foredrag på årsmøtet i Sogn og Fjordane Rederiforening.

Hovudprioriteringar i fiskeripolitikken

Statssekretær Vidar Ulriksen

Foredrag på årsmøtet i Sogn og Fjordane Rederiforening 10. desember 2005, Hotell Aleksandra i Loen.

Leiar, representantar og gjester

Regjeringa har store ambisjonar for Norge og den næringspolitikken som skal førast i åra som kjem. Soria Moria-erklæringa slår fast at Norge skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i heile verda, innanfor dei område der vi har fortrinn. Og eitt av dei fem satsingsområda regjeringa har peika ut er marin sektor, på grunn av den kompetansen og dei fortrinna vi har på dette feltet.

Sjølvsagt må det vere lønsemd i alle ledd av næringa. Men det er vår klare overtyding at vi treng visjonar for kysten vår som dreiar seg om noko meir enn kroner og øre. Difor vil fiskeri- og kystpolitikken til denne regjeringa ha eit langt breiare perspektiv enn det reint bedriftsøkonomiske.

Problemet er at vi dei siste åra har hatt ein fiskeripolitikk som ikkje har teke nok omsyn til folk og lokalsamfunn.

Dette må vi gjere noko med.

Sjølvsagt vil regjeringa forholde seg til marknaden sine mange og utfordrande krav, inkludert globalisering og auka konkurranse.

Vi skal legge til rette for lønsemd i flåte og på land. Enkeltbedriftene må sjølvsagt gje eit godt utkomme for dei som driv dei, men verdiskapinga på grunnlag av dei nasjonale fiskeressursane våre skal også så langt råd er komme dei fiskeriavhengige kystsamfunna til gode. Eg meinar det er fullt muleg både å ivareta bedriftsøkonomiske omsyn og eit samla samfunnsperspektiv.

Vår politikk skal bygge på ei berekraftig ressursforvalting og ei rettferdig fordeling av fiskeressursane. Dette skal eg utdjupe litt nærare.

Berekraftig ressursforvalting

Den største utfordringa vi har i norsk fiskeriforvalting no, er å få bukt med det uregulerte overfisket i Barentshavet. Hendingane den siste tida har vist dette tydeleg. Overfisket i Barentshavet representer eit tap på omkring ein halv milliard kroner i førstehandsverdi i året på norsk side. Det krev ikkje mykje fantasi for å forstå kva dette har å seie for inntekter, arbeidsplassar og busetting. Difor er kampen mot overfiske og for ei berekraftig utnytting av ressursane ei høgt prioritert sak for departementet. Det skal visast i måten vi prioriterer både tid og pengar på.

I statsbudsjettet har vi difor styrka Fiskeridirektoratet sitt arbeid med ressurskontroll med 15 millionar kroner i høve til Bondevikregjeringas budsjettforslag. Midlane skal blant anna brukast til fleire inspektørar og styrka internasjonalt samarbeid om ressurskontrollen. I tillegg aukar Kystvakta sitt budsjett med ein tilsvarande sum, altså 15 millionar. Det er dessutan sett av 2,5 millionar kroner over Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett til kompetanse- og tillitskapande arbeid mellom norsk og russisk side.

Vi veit at innsatsen i høve til overfiskeproblematikken må settast inn på fleire frontar. Vi arbeider gjennom avtalene vi inngår med Russland, EU og andre for å få på plass det formelle grunnlaget for kontroll og reaksjonar. Og vi arbeider gjennom samarbeidsavtaler med land der fisken blir landa for å stoppe mottak av fisk som er fiska i strid med avtalene.

I fiskeriforhandlingane i Kaliningrad i haust vart Norge og Russland einige om ei rekke tiltak med sikte på å stoppe det uregulerte fisket av torsk i Barentshavet. Vi har innført rapporteringsplikt for både fiske- og transportfartøy som deltar i omlasting til havs. Fiskefartøya skal sende rapport før omlasting, og omlastingsfartøya skal rapportere umiddelbart etter at omlastinga er ferdig. Det skal sendast rapport om kvar fisken skal landast. Det gjeld for både lastefartøy og fiskefartøy som sjølv landar fangsten hos tredjeland. Det er framleis forbode å laste om til fartøy under bekvemmelegheitsflagg.

Vidare skal vi samarbeide gjennom NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen) for å etablere hamnestatskontroll i alle aktuelle europeiske land, og det skal arbeidast vidare for å få til kontrollavtaler med desse landa. For Noreg sin del er det no berre Spania og Portugal som gjenstår, og her vil vi ta direkte kontakt med dei landa med sikte på å få på plass slike avtalar.

Norge og Russland er einige om å opprette felles mobile inspeksjonsteam med inspektørar frå både Russland og Norge som kan rykke ut til landingshamner for å observere landingane i samarbeid med dei lokale kontrollstyresmaktene. Vi jobbar no med praktiske spørsmål som gjeld oppretting og finansiering av slike team.

Både Russland og Norge vil vurdere om vi kan forby transitt gjennom våre jurisdiksjonsområde for fartøy under bekvemmelegheitsflagg.

Trykk på russiske styresmakter, både frå embetsverket og frå politisk hald, er framleis heilt nødvendig. Utan medansvar og handling frå russisk side klarer vi ikkje å få stoppa dette fisket, som både er alvorleg miljøkriminalitet og alvorleg økonomisk kriminalitet.

Nasjonal ressurskontroll

Så vil eg understreke at når det gjeld ressurskontroll er det viktig og nødvendig å ha orden også i eige hus. Elles er vi ikkje truverdige på bortebane.

Vi har den siste tida fokusert på russisk overfiske og spansk tjuvfiske av blåkveite, på fartøy under bekvemmelegheitsflagg og på kva andre land gjer eller ikkje gjer. Diverre veit vi at også kontrollar her heime jamleg avdekkar ulike former for alvorlege regelbrot.

Det er heilt avgjerande at regelverket vert respektert. Vi må alle bidra til ei ordna og berekraftig fiskerinæring.

Vi vil difor framleis ha fokus på den nasjonale kontrollen, og her er det viktig at fiskarane sine organisasjonar saman med landindustrien og andre grupper jobbar vidare med det haldningsskapande arbeidet som vart sett i gang for nokre år sidan. Renommeet til norsk fiskerinæring som ei rein næring er viktig i marknadane våre, det er viktig i forhold til dei statane vi deler bestandane med og det er viktig i forhold til norsk opinion og styringsverk.

Rettferdig ressursfordeling

Så skal eg vende tilbake til innretninga på den nasjonale fiskeripolitikken.

Regjeringa legg til grunn at fellesskapet gjennom lovverk og reguleringar skal sikrast styring og kontroll over ressursane i havet. Kvar ny fiskeriminister blir møtt med spørsmålet om ressursfordelinga mellom gruppene. På same måte som forgjengarane våre vil vi lytte til råda frå Norges Fiskarlag, men samtidig understreke at det er fiskeri- og kystministeren sin rett, si plikt og sitt ansvar å gjere den endelege fordelinga. Når det er sagt, så går vi ikkje rundt med planar om å endre på fordelinga mellom gruppene; heller ikkje å flytte banklineflåten frå kystflåten til havfiskeflåten.

Distriktskvotar

Eit grep er å ta i bruk ordninga med distriktskvotar. Soria Moria-erklæringa seier som kjent at nasjonale styresmakter skal kunne avsetje inntil 10 prosent av den nasjonale kvoten til landing og bearbeiding i spesielt utsette distrikt for å sikre sysselsettinga i industrien. Fartøy i alle delar av landet som ønskjer å levere fisk for bearbeiding i den aktuelle regionen skal behandlast likt. Regionale styresmakter skal få tilbod om å fordele desse landingane til dei område og bedrifter som i kortare eller lengre tid har behov for slike spesielle verkemiddel.

Dette skal ikkje berre gjelde Finnmark, men omfatte heile landet.

Distriktskvotar er ikkje noko nytt. Lovheimelen eksisterer og ei ordning med distriktskvotar vart nytta mellom 1983 og 1991. Dei siste åra ordninga var i bruk omfatta den 3000 tonn torsk som Fiskeridirektoratet kunne fordele til trålarar for levering og tilverking ved landanlegg i næringssvake distrikt.

Vi skal snart sjå nærare på kva for måte og i kva omfang vi vil ta i bruk distriktskvotar. Eg kan love at vi skal starte forsiktig, og ikkje ta ut 10 prosent med ein gong. Før vi kan setje i gong må vi definere tydelege kriteria som må ligge til grunn for at stader eller distrikt skal kunne få rett til å ta i mot landingar under ei distriktskvoteordning. Vi må dessutan vurdere kva fiskeslag og fartøygrupper som skal omfattast av ordninga. Formålet med ordninga er ikkje å vri fordelinga av fangstgrunnlaget mellom ulike fartøy, men å få kanalisert på førehand fastsette delar av råstoffet til på førehand fastsette område, for å sikre sysselsetting på land.

Av dette følgjer at det vil vere opp til den enkelte fartøyeigar sjølv å avgjere om han vil vere med eller ikkje vere med på ordninga med dei gjeldande vilkår. Det er difor ikkje grunn til å frykte at nokon fartøy vil bli kvotetaparar når distriktskvoteordninga er på plass.

I dag vert betydelege råstoffmengder førde direkte ut av landet utan nokon form for bearbeiding. Distriktskvotane skal knytast til krav om bearbeiding, og vil difor berre kunne leverast til produksjonsbedrifter, ikkje til dei som driv med trading. På denne måten kan dei gjere sitt til at ein større del av de samla råstofftilførslene blir bearbeida i Norge. Vi vil med dette grepet sikre arbeidsplassar på land.

Leveringsvilkår

Utforming og handheving av leveringsvilkåra har også mykje å seie for sysselsettinga. Soria Moria-erklæringa legg opp til ei streng handheving av leveringsvilkåra, slik at konsesjonar blir inndregne ved grove brot. Men det er og behov for å sjå på sjølve utforminga av leveringsvilkåra.

Det er no to prosessar i gang på dette feltet. For det første arbeider Fiskeridirektoratet med kva sanksjonar som skal gjennomførast overfor dei brota som var i fjor på gjeldande leveringsvilkår. Dette er ei delegert myndigheit som direktoratet handterer i tråd med regelverk og instruksar.

For det andre har departementet sett i verk ei evaluering av dei leveringsvilkåra som gjeld, og spør om dei har medverka til å oppfylle måla for ordninga. Parallelt med den eksterne evalueringa vil vi få laga tydelege mål for dei framtidige leveringsvilkåra, og deretter vurdere korleis regelverket må utformast og følgjast opp for å nå desse måla.

Vi vil at leveringsvilkåra skal utformast og handhevast slik at dei sikrar bearbeiding og arbeidsplassar i dei lokalsamfunna som er tilgodesett, og slik at det er forutseieleg både for fartøya og for landindustrien. Leveringsvilkåra skal gje gode rammer for å planlegge drifta, og gje grunnlag for meir stabil sysselsetting og for auka sysselsetting.

Rekruttering

Rekruttering av ungdom inn i fiskaryrket heng saman med deltakaravgrensinga som er innført i dei aller fleste fiskeria. Strukturering, driftsordningar og kondemnering set også rammevilkår som påverkar rekrutteringa.

Rekruttering handlar både om å rekruttere ungdom inn i fiskaryrket som mannskap, og rekruttering av unge fiskarar inn i næringa som eigarar av fartøy. Dette handlar med andre ord både om at fiskaryrket må vere attraktivt for unge menneske som kan velje blant ei mengde ulike utdanningar, og det handlar om å legge til rette for at ungdom kan etablere seg med eigne rettar og fartøy i dei deltakarregulerte fiskeria. Vi vil at dette spørsmålet skal grundig utgreiast til neste år.

Strukturpolitikken

Strukturpolitikken er eit anna spørsmål som skal utgreiast til neste år. Det har vore mykje debatt rundt dei strukturtiltaka som er gjennomførde til no. Eg meinar bestemt at dei eksisterande strukturordningane ikkje har tilstrekkeleg legitimitet.

Det trengst ein pause der vi kan stoppe opp og tenke oss om før vi bestemmer den vidare kursen. Regjeringa vil som de veit setje ned eit strukturutval. Dei som skal sitje der får blant anna i oppdrag å sjå på og evaluere korleis strukturtiltaka har virka i høve til måla om å sikre ein flåte tilpassa ressursgrunnlaget; ein moderne, variert og lønsam flåte; sikre fiskeressursane som ein felles ressurs; og å sikre aktivitet og sysselsetting langs heile kysten. Utvalet skal med andre ord sjå både på dei bedriftsøkonomiske og samfunnsmessige konsekvensane.

Så vil eg understreke at strukturpausen og utvalsarbeidet ikkje er eit ja eller nei til framtidige strukturtiltak, ingen konklusjonar er dregne på førehand.

Utvalsarbeidet bør også munne ut i forslag til framtidige ordningar som skal ivareta måla eg nemnde ovanfor. Dei skal finne fram til ordningar som bidrar til å oppretthalde ein fiskeflåte som er differensiert i størrelse, som sikrar ei god geografisk spreiing og som gjev dei enkelte fartøya eit driftsgrunnlag med lønsame og trygge arbeidsplassar.

Strukturpolitikken for fiskeflåten må også medverke til å oppfylle andre samfunnsmessige mål, som å sikre fiskeressursane som felles eigedom og å sikre heilårlege leveransar av råstoff til vidareforedling langs heile kysten. Strukturpolitikken må ivareta dette, og ikkje føre til at somme distrikt misser fiskeflåten sin.

Oppsummering og mellombels ordningar

Soria Moria-erklæringa har varsla strukturpause medan strukturutvalet er i arbeid.

Kondemneringsordninga for fartøy under 15 meter vert vidareført.

Driftsordninga vert vidareført i 2006. Dei som har brukt ordninga i 2 år får høve til å bruke den også neste år.

Når vi no vidarefører driftsordninga i 2006, står lovas krav om aktivitet som fiskar fast.

Altså; fartøyeigarane som er aktive fiskarar kan i 2006 leige ut kvoten eit tredje år utan at eige fartøy er i aktivitet.

Det var driftsordningane. Så over til strukturpausen og skjeringsdatoen som har vore eit heitt tema den siste tida. Etter å ha motteke fleire delegasjonar og svært mange telefonar, brev og e-postar i departementet så er konklusjonen at stoppdatoen 19. oktober står fast.

Men regjeringa har samtidig bestemt å justere dette slik at også søknader mottekne etter 19. oktober – men før 31. desember i år – blir behandla dersom det dreiar seg om eigarar som søkjer om tildeling av strukturkvote på grunnlag av uttak av fartøy som dei hadde fått ervervsløyve og konsesjon/deltakartilgang for før 19. oktober.

Bakgrunnen for dette er at vi vil ta omsyn til at dei som har kome lengst i tilpassinga under gjeldande reglar, ikkje skal bli skadelidande. Dei som er i denne situasjonen, har eller kan ha gjort, bindande økonomiske disposisjonar. Desse har vi villa unngå å ramme, samtidig som det har vore viktig for oss å motverke at svært mange fartøy blir strukturerte bort medan vi vurderer utforminga av den framtidige strukturpolitikken. Eg meiner at vi med denne løysinga har imøtekome hovudinnvendingane i dei reaksjonane som kom.

Så har det vore mykje merksemd rundt situasjonen for gruppa av konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter. Lat oss for å gjere det enkelt her og no omtale gruppa som banklinegruppa – utan at garnfartøya med det skal kjenne seg gløymde.

Her har det vore peikt på at dei som går ut av rederikvoteordninga no ved årsskiftet, kjem i ein uheldig situasjon. Det vert hevda at dersom desse skal inn i fiske att, vil strukturpausen i realiteten føre til ein kapasitetsauka i banklinegruppa. Og det har vore nemnt fleire tal om kor mange dette handlar om.

Som de veit: Rederikvoteordninga vart oppheva av den førre regjeringa i mars 2005, samstundes med at strukturkvoteordninga vart innførd. Det vart likevel lagt til rette for at dei som allereie var tildelt rederikvote ut over 2005, kunne fortsette innanfor ordninga i samsvar med dei vedtak som var fatta.

Etter at vi har gått inn i enkeltsakene, er det so langt vi kan sjå fem fartøy i banklinegruppa som har vore tekne ut av fiske etter reglane for rederikvoteordninga og der tildeling av rederikvote går ut 31. desember 2005. Det var fremma søknader om strukturkvote som omfatta tre av desse fem, før strukturpausen vart innført. Etter det eg er kjend med, er ein av desse søknadane innvilga, ein er avslått fordi vilkåra for tildeling av strukturkvote ikkje var oppfylde, medan departementet ikkje er kjent med om den tredje er handsama.

Det er vanskeleg å gje strukturpausen skulda for at vilkåra for tildeling av strukturkvote, ikkje var oppfylt. Det tyder at ståket rundt desse sakene kokar ned til at det er to fartøyeigarar som ikkje hadde bestemt seg for kva dei ville gjere når ordninga gjekk ut, før strukturpausen vart innført.

Statsråden har likevel, i eit brev til Stortinget, opplyst at vi vil vurdere tilpassingar i reguleringane for 2006 for å legge til rette for ei enkel løysning for desse for dette året. Konkret gjeld det reguleringane av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N, som er dei fiskeslaga som rederikvoteordninga for banklinegruppa omfattar.

Nokre perspektiv

Eg har no fortalt kvar denne regjeringa vil og kva verkemiddel vi ønskjer å ta i bruk innanfor fiskeripolitikken. Eg vil gjerne høyre synspunkt på dette. Men før eg avsluttar vil eg komme med nokre refleksjonar rundt ”det store bildet” - krefter og utviklingstrekk som vil utfordre dykk som næringsutøvarar og meg som ansvarleg politikar i tida framover.

Fiskeri- og havbruksnæringa er i dag ei av dei største næringane i Norge.

Tal

Nokre tal kan illustrere kvar fiskeri- og havbruksnæringa står nasjonalt og internasjonalt.

Det samla fangstuttaket i norske fiskeri har dei siste 10 åra halde seg relativt stabilt mellom 2,6 og 3,1 millionar tonn. Vi er dermed nummer nr. 10 i verda når det gjeld hausta kvantum. Havbruksproduksjonen vår aukar år for år. I 2005 vert det produsert ca 600 000 tonn. Vi produserer vesentleg meir mat av fisk enn det vert produsert mat i norsk landbruk. Skulle vi ete alt sjølve, måtte kvar nordmann, stor og liten, sette til livs 3,5 – 4 kg fisk kvar dag!

Omkring 95 prosent av norsk fisk og fiskeprodukt vert eksportert. Norge eksporterer sjømat til ca 150 land og til alle delar av verda. Vi er verdas 3. største eksportør av sjømat. EU er samla sett framleis vår desidert største marknad med 61 prosent av vår totale eksportverdi. Eksporten til Russland har auka betydeleg dei siste åra. Ved utgangen av første halvår i 2005 var Russland for første gong vår største enkeltmarknad og utviklinga er positiv.

I år vil samla eksport truleg ende i overkant av 31 milliardar kroner, mot 28,2 milliardar kroner i 2004.

Samla fortel alt dette at vi er ei fiskeristormakt. Vår stemme vert høyrd og våre val lagt merke til.

Utviklinga av næringa og tillit til norsk sjømat

Det er mat det dreiar seg om!

Konsumenten og oppkjøparane får ofte valet mellom fleire tilsynelatande like produkt. Tillit til norsk sjømat gjennom eit godt renommé er avgjerande for at vi skal vere førstevalet og kunne oppnå vidare vekst.

Behovet for å diskutere, definere og forsvare det verdimessige fundamentet for utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa vil truleg, av ulike grunnar, bli tydelegare og sterkare dei neste 10-åra.

På kva område eller gjennom kva utviklingstrekk kan vi vente at dette skjer?

  • Ei akselererande teknologi- og kunnskapsutvikling opnar for stadig nye måtar å utnytte ressursane på. Vitskapelege framsteg har likevel alltid ein innebygd risiko for utilsikta resultat. Det må vi forholde oss til.
  • Hausting av naturen, inkludert marine ressursar, vil aldri kunne innebere ein biologisk nullrisiko. Ein slik aktivitet vil ha biologiske konsekvensar, både på godt og vondt.
  • Forståinga av forholdet mellom menneske og natur er under endring. I (mette,) rike og meiningsberande samfunn kjem dette til uttrykk på måtar som er prega av at folk har eit fjernt forhold til grunnleggande tilhøve, som at dyr må bøte livet for at vi menneske skal få dekka våre næringsbehov. Viktige debatter som ”bruk og vern” og spørsmål om fiskevelferd er til tider prega av dette.
  • Marknader er i endring med nye krav i ein global konkurransesituasjon.
  • Internasjonale avtaler med ambisiøse mål om ei heilskapleg forvalting av havmiljøet set krav til forvaltinga av dei marine næringane. Fiskeri- og havbruksnæringa er blitt ein del av miljøforvaltinga og noko som den internasjonale miljørørsla er oppteken av – Det gjer det ekstra viktig at vi er tydelege og deltek i å utvikle det normative grunnlaget for debatten.
  • Frivillige organisasjonar av ulik karakter og med ulike motiv set fiskeri- og havbruksspørsmål på dagsorden og legg trykk på internasjonale organisasjonar, på statar og næringsutøvarar for å få gjennomslag for sine synspunkt.

Tilhøva eg her har nemnt illustrerer også at fiskeri- og havbruksnæringa er i ein overgangsfase frå å vere heller ”lukka” næringar til å bli næringar som mange i storsamfunnet er opptekne av. Det er ein fellesressurs vi forvaltar og mange har etter kvart aksjar i dette og meiner dei har rett til å meine noko om det vi held på med.

Alt dette representerer openbert ei utfordring for både forvalting og næring når det etiske grunnlaget for verdiskaping i framtida skal meislast ut. Då er det svært viktig at vi ikkje berre tilpassar oss normene passivt, men at vi tek eit sjølvstendig ansvar for å forme normene gjennom aktiv deltaking. Her bør Norge ta mål av seg til å vere eit føregangsland internasjonalt.

Vi som no er i den politiske leiinga vil lytte til synspunkt frå næringa og er opne for konstruktive innspel når vi saman skal stikke ut kursen til framtidas fiskeri- og havbruksnæring.

Takk for oppmerksomheita.