Historisk arkiv

Havbrukskonferansen 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens foredrag på Havbrukskonferansen i Bergen.

Statssekretær Vidar Ulriksens foredrag på Havbrukskonferansen i Bergen.

Havbrukskonferansen 2006

Foredrag Havbrukskonferansen Bergen 29.mars 2006

Statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet

Innleiing

Dagen i dag er eit høve til å sjå bakover, og til å sjå framover

  • Vi skal markere avslutninga på forskingsprogrammet HAVBRUK – Produksjon av akvatiske organismer (2000-2005)
  • Det er også ein oppstartskonferanse for det store programmet HAVBRUK – En næring i vekst (2006 -2015).

Eg skal konsentrere meg om å sjå framover – og eg vil snakke rundt følgjande tre punkt:

  1. Kva blir viktige forskingsområde framover sett frå departementet?
  2. Kven skal betale for forsking? Fordeling mellom privat og offentleg sektor. Kva er privat og kva er offentlig ansvar?
  3. Korleis skal vi leggje til rette at forskingssystema skal fungere best mogleg slik at vi får best mogleg effekt ut av forskingskronene?

Men først, la oss glede oss over at i fjor sette fiskeri- og havbruksnæringa eksportrekord. Vi eksporterte sjømat for 31,7 milliardar kroner. Av dette stod havbruksnæringa for nesten halvparten. Trass i store utfordringar i marknaden gjennom mange år, har næringa vakse, og det er i dag optimisme og investeringsvilje i næringa. Sjølv om det i det siste har vore stor merksemd om kjøp og sal av selskap på børsen, skal vi ikkje gløyme at dette er ei distriktsnæring, lokalisert langs heile kysten.

Eg gjentar gjerne det statsråden har sagt: Historia om havbruksnæringa i Noreg er som eit eventyr, ei forteljing om å lukkast ved å satse der vi har naturgitte fortrinn. Om historia har vore suksessrik, så er havbruksnæringa også ei næring for framtida. I tillegg til ei stabilt veksande laksenæring, har vi mange nye artar som no kjem for fullt i dei næraste åra. Det er også knytt store forventingar til fangstbasert akvakultur.

Regjeringa har store ambisjonar for landet vårt. Noreg skal bli eit av dei leiande innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiar i verda innan dei områda der vi har fortrinn. Regjeringa har peika ut marin sektor som ei av fem næringar som det skal satsast spesielt på framover. Nettopp fordi dette er ei næring der vi i dag er internasjonalt konkurransedyktig, har god kompetanse og naturgitte fortrinn som gjer at det er eit potensial for framtidig vekst.

I ei tid då det er mykje fokus på fråflytting og nedlegging av arbeidsplassar, særleg i utkantområde, er det óg særs gledeleg at havbruksnæringa er ei kystbasert næring som gir framtidstru til folk i små kystsamfunn, langs vår langstrakte kyst.

Regjeringa si målsetjing er å legge til rette for konkurransedyktige rammevilkår, slik at verdiskaping og arbeidsplassar langs kysten blir sikra, også vidare framover.

Alt ligg til rette for vidare vekst i næringa.

FAO publiserte nyleg ein rapport som viser at den tradisjonelle fiskerinæringa sitt bidrag til konsum vil kunne falle frå 80 - 90 millionar tonn årleg til 40 millionar tonn årleg innan 2010.

Samtidig forventar ein at velstandsutvikling og befolkingsvekst vil gi grunnlag for ein større marknad. Europa har allereie verdas største sjømatunderskot etter Japan. Gapet mellom tilbod og etterspurnad vil kunne bli møtt med berekraftig norsk fangst og havbruk.

Med vår lange kystline har vi som nasjon eit ansvar for å produsere meir fisk. Norske forskarar gir óg viktige bidrag til at utviklingsland kan produsere maten sin sjølv. Dette gir signifikante bidrag til verdas matvareproduksjon.

Utan forsking ville vi ikkje vore der vi er i dag. Forskingsinnsats over fleire år har gitt viktige bidrag til dei arbeidsplassane og inntektene vi i dag har frå næringa.

  • Eit systematisk avlsarbeid har gitt oss ein laks som veks raskt, har god kvalitet og held seg frisk.
  • Førebyggjande helsearbeid som vaksiner, ernæring og driftskunnskap har vore avgjerande for at vi har ei oppdrettsnæring i dag. Vi kjenner alle til dei store tapa i laksenæringa på 80-tallet på grunn av sjukdommar. I dag er sjukdomsproblemet for laksenæringa i all hovudsak løyst.
  • Vi har betre kunnskap om korleis oppdrettslaksen skal forbli trygg mat for forbrukarar i Noreg, og i dei utanlandske marknadene.
  • Vi har betre kunnskap om korleis vi skal kunne utnytte fortrinnet vårt med å kunne levere fersk fisk til kundane i Europa (ferskfiskfordelen)
  • Vi veit meir om fleire råvarer som kan brukas i fiskefôrproduksjonen.
  • Og sist men ikkje minst, innafor teknologiområde har vi for eksempel utvikla merdteknologi og fôringsteknologi som gir meir effektiv drift og auka lønnsemd for oppdrettarane.

Når dette er sagt, har næringa nok av langsiktige utfordringar.

Historia har lært oss at forsking er grunnleggjande for vekst i akvakulturnæringa. Vi legg difor opp til ein fortsatt monaleg offentleg satsing på forsking.

La meg nemne kort nokre av dei områda vi ser for oss vil utløyse forskingsbehov framover.

Trygg mat: Forsking innan trygg mat og førebygging av negative miljøkonsekvensar av fiskeoppdrett vil vere viktig framover. Skal vi kunne selge våre produkt må vi kunne garantere kundane at oppdrettsfisk er trygg mat. Vi må óg kunne garantere stadig meir miljømedvitne forbrukarar at oppdrett er ei miljøvenleg næring. FoU er verktyet som set oss i stand til å gi forbrukarar og kundar objektiv og god informasjon.

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) la i går fram ein rapport som seier at vi bør ete meir fisk enn kva vi gjer i dag. Det er óg ønskjeleg med auka konsum av feite fiskeslag for dei aller fleste av oss.

Rapporten seier óg at det er ønskjeleg med fortsatt reduksjon i nivået av framandstoff i fisk og anna sjømat. Gjennom EØS-avtalen skal vi følgje EU på dette området. Der vert det lagt opp til ei markant senking av grenseverdiar for dioksin og dioksinliknande PCB innan 2008. Dette er ei utvikling som også er heilt i tråd med kva som er norsk politikk.

Næringa sjølv har óg eit ansvar for å ta i bruk ny renseteknologi ettersom slike blir kommersielt tilgjengelege, også før dette vert nedfelt i dei felles europeiske regelverka på dette området.

Marknadskunnskap: Når vi skal ut i marknaden med nye produkt er forskingsinnsatsen vår ein føresetnad for å lukkast. Soria Moria slår fast at Regjeringa skal arbeide for auka kunnskap om internasjonale marknader, drive marknadstilpassa utviklingsarbeid og styrkje marknadsarbeidet både innanlands og utanlands.

Vi vil utnytte ferskfiskfordelen: Regjeringa vil utforme ein nasjonal strategi for vidare utvikling av fiskeri- og havbruksnæringa som byggjer på vårt fortrinn med tilgang på fersk råstoff av høg kvalitet. Vi arbeider no med å utforme denne strategien. Ein slik strategi vil byggje på fleire element, som krev auka forskingsbasert kunnskap.

Utsalsstadene er til dømes opptekne av hylletid – av at produkta held høg ferskheitsgrad og kvalitet over tid. Dette fordrar fokus på forpakningsteknologi – på prosessar og på emballasje. Eg veit at fleire forskingsmiljø i Noreg har stor merksemd rundt desse temaa.

Fôr: Forskingsinnsats innan fôrkjelder og utvikling av alternative fôrkjelder for oppdrett er eit anna område der vi treng meir kunnskap. Tilgang til nok fôr vil kunne vere ein flaskehals for vidare vekst i næringa. I tillegg er fôr den største utgiftsposten for oppdrettarane, og no som prisen på fiskemjøl og fiskeolje er stigande, stig fôrprisane ytterlegare.

Areal og arealbruk: Tilgang til areal er ein annan viktig flaskehals for framtidig utvikling. Vi treng betre metodar for å vurdere kunnskap om kva som er god lokalitet for produksjon av ulike artar. Slik kunnskap vil gjera det mogleg å optimalisere arealbruken gjennom prioritering av artar osb. Stikkord er auka behov for kunnskap om smitterisiko, særleg med tanke på krav til minsteavstand mellom anlegg.

Forhold villfisk – oppdrettsfisk Kunnskap om interaksjonen mellom ville og oppdretta arter er eit anna område der det er eit stort behov for kunnskap. Det er viktig å få kartlagt eventuelle verknader oppdrettstorsk har på villfiskstammer. Teke i betraktning at 10 % av kystlina ligg innafor nasjonale laksefjordar er det óg viktig å få kartlagt effekten av å avgrense oppdrett innafor desse områda.

Nye artar i oppdrett. Arbeidet med å få fram nye artar i kommersielt oppdrett er ei prioritert oppgåve framover. Vi er godt i gang med oppdrett av torsk, og torskeoppdrett har stort potensial til å auke verdiskapinga i marin sektor. Det vi ser er at det tek tid å løfte nye artar og at vi må vere budde på at kvar art stiller nye utfordringar – til teknologi, til fôr, til vaksiner, til marknadskunnskap. Så sjølv om vi kan nyttiggjere ein del av den kunnskapen vi har frå lakseoppdrett, så treng vi å utvikle ny kunnskap på ei rekkje område. Dette tilseier at vi må arbeide systematisk, og ikkje løfte for mange nye artar samtidig.

Utnytte betre biprodukt og anna marint råstoff. I tillegg ser vi fleire døme på bioteknologiske moglegheiter og bruk av marint råstoff til langt meir ein mat og næringsmidlar. Også på dette området kan vi vel i beste fall berre ane omfanget av det som er mogleg i framtida.

FUGE. Noreg er sentralt plassert innan den funksjonelle genomforskinga på laks og torsk takka vere politiske føringar, norske forskingsmiljø sin internasjonale status og FUGE si oppfølging av strategiar og løyvingar. Genomforsking vil vere eit viktig bidrag mellom anna for å styrkje helse, fôr og rømmingsproblematikken i næringa.

Slike biologiske problemstillingar som gjeld oppdrett av fisk må adresserast gjennom kunnskap om fiskane sine genom. Dette er eit stort forskingsfelt som vil krevje store investeringar, og skal vi klare å løfte dette godt nok er vi avhengige av å samarbeide med andre land.

Nordområde: Kunnskap er sentralt i regjeringa si nordområdesatsing. Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta aktivt i det internasjonale polaråret og har sett av midlar til å starte førebuingane i 2006. Polaråret er eit stort internasjonalt samarbeid og vil gi viktige bidrag til regjeringa si kunnskapssatsing om og i nordområda.

Konkurranseforholda i havbruksnæringa: Regjeringa vil i løpet av 2006 sette i gang eit arbeid for å sjå på konkurranseforholda i havbruksnæringa. Konkurransekrafta til norsk oppdrettsnæring avheng av mange ulike faktorar, men óg av i kva grad næringa investerer i forsking og utvikling, samanlikna med sine konkurrentar.

Det skal ikkje setjast i verk større, nye utgreiings- eller utvalsarbeid. Gjennomgangen vil skje i regi av Fiskeri- og kystdepartementet, i samråd med næringa, forskingsmiljø og andre fagmiljø.

Korleis sikre finansiering av forsking?

Forsking er vårt viktigaste verkemiddel for framtidig lønnsemd og vekst i akvakulturnæringa. Regjeringa har som mål at forskingsinnsatsen skal auke til 3 prosent av BNP innan 2010.

Deler av dette skal takast over offentlege budsjett. Men skal vi nå dette målet, må næringslivet satse meir på forsking. Dette betyr at også havbruksnæringa må investere meir i forsking.

Det er fleire grunnar til dette.

For det første så er det mi tru at skal næringen lukkast i den internasjonale konkurransen så må næringa vere flinkare enn konkurrentane på innovasjon og utvikling.

Tilgangen på oppdatert kunnskap blir ein stadig viktigare konkurransefaktor. Bedriftene må difor drive eit systematisk forskings- og utviklingsarbeid for å lukkast i ein marknad der konkurransen blir stadig hardare.

Deler av verdikjeda akvakultur investerer i dag allereie store beløp i forsking. Fôrprodusentane er eitt eksempel på dette. No må oppdrettsselskapa lære av desse, og ta større ansvar for eiga forsking og utvikling.

For det andre så er vi no i ein situasjon der næringen har vokse fram til ei moden næring med lønnsame bedrifter, som har betre føresetnader enn i næringa sine ungdomsår til å fungere som drivarar av forsking og utvikling. Dette er ein positiv utvikling for næringa. Det å bli større og vaksen, medfører óg meir ansvar for eiga utvikling. Det er difor naturleg at den relative delen av offentlege kroner i lakseforsking trappast ned. Eg understrekar relative, fordi som eg sa er det vår ambisjon å auke den offentlige forskinga også.

I 2003 finansierte havbruksnæringa 42 % av samla FoU-innsats innafor laksefisk. I tillegg kjem sjølvsagt bidrag via Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF), men det er framleis slik at det offentlege tek ansvar for over halvparten av all forskingsfinansiering knytt til laksefisk.

For det tredje så er det sterkt ønskelig med eit tyngre næringsengasjement i forsking. Ein tettare dialog mellom næringsaktørar og forskingsmiljø vil gjere forsking meir næringsrelevant. Dette vil gagne begge partar. Eg håpar den store interessa for denne konferansen er eit teikn på at interessa for forsking er aukande i næringa.

Eit større privat engasjement i forsking vil for det fjerde frigjere offentlege kroner til forsking på nye område, som til dømes forsking på oppdrett av nye marine artar.

Når dette er sagt, så skal det offentlege framleis ha ordningar som bidreg til å støtte opp under forsking i bedrifter. Regjeringa har lagt inn ei monaleg auka satsing på forsking og innovasjon i næringslivet.

  • I budsjettet for 2006 vart det gitt nesten 300 mill. kroner meir til næringsretta forsking gjennom Forskingsrådet. Budsjettet til Innovasjon Noreg er styrkt med 307 millionar kr i høve til i fjor, og SIVA er styrkt med 30 millionar kr. Dette er ei brei styrking av verkemidla, og gir dei høve til å bidra til auka innovasjon og nye arbeidsplassar over heile landet.
  • Regjeringa vil vidareføre SkatteFUNN-ordninga som er eit svært viktig verkemiddel for å auke forskingsinnsatsen i små- og mellomstore marine bedrifter. Ordninga er no under evaluering, og når evalueringa er ferdig i 2007, vil vi vurdere korleis ordninga eventuelt kan gjerast enda betre.
  • Det er og knytt store forventningar til dei nye SFI (Sentre for forskingsbasert innovasjon). Det er kome inn mange ’marine søknader’ med tunge private aktørar. Dette er gledeleg, og det blir spennande å følgje dette arbeidet vidare.
  • Opprettinga av FHF vart mellom anna gjort for å stimulere til auka forsking i bedriftene. Departementet har sett i gang ei evaluering av FHF som vil bli ferdig til sommaren. Eit av måla med denne evalueringa er å få kartlagt om ordninga fungerer etter intensjonen.

Forskingsmiljø og norsk havbruksnæring og forvaltning må sitje på kunnskap på høgt internasjonalt nivå innan områder som er viktige for utviklinga av næringa. Dersom forsking skal føre til ny erkjenning, eller utvikling av ny kunnskap, er det ein føresetnad at forskingsaktiviteten drivast av dyktige forskarar, innafor solide fagmiljø med høg fagleg standard.

Internasjonalisering er viktig. Sjølv om Noreg er ein stor nasjon innafor havbruksforsking er det totalt sett mange fleire forskarar i utlandet som forskar på dette området. Mange av desse er verkeleg dyktige. Samarbeid med forskarar i andre land er difor viktig. For å lære, skape nettverk og for å bli ein attraktiv partner på den internasjonale arenaen. Det er fleire gode eksempel på slikt internasjonalt samarbeid.

Vi samarbeider godt med USA og Canada. Minst like viktig er kontaktane og samarbeidet med EU. Det er særs gledeleg at at Noreg har hevda seg veldig bra i kampen om midlar frå det 6. rammeprogrammet i EU. Kvart 10. prosjekt har norsk deltaking, og for meg er det særleg positivt at så mange av dei norske aktørane finst innan fiskeri- og havbruksrelaterte prosjekt. Sannsynlegvis finn vi her óg den største norske deltakinga frå bedrifter. Dette gjeld både innan programmet ”Matvarekvalitet og -trygghet”, og innafor dei særskilde verkemidla som EU har tilrettelagt for små- og mellomstore bedrifter. Her finn vi norsk leverandørindustri og oppdrettarar så vel innan skjel og kråkebollar som kveite, laks, torsk og kreps.

I EU-prosjekt samarbeider norske bedrifter med utanlandske partnarar som både bidreg til utvikling av ny kompetanse, nye produkt og prosessar. Men ikkje minst er dette ei langsiktig marknadstenking!

To ofte brukte indikatorar for resultat frå forskinga er publiseringar, og i kva grad forskarar blir siterte. Publiseringar aukar, og når det gjeld siteringar ligg Noreg godt an i høve til snittet. Begge indikatorane tyder på at det er høg internasjonal kvalitet over norsk marin forsking.

Sjølv om det er mykje bra innan norsk marin forsking så betyr ikkje det at vi ikkje kan bli betre.

Ein annan indikator som Noreg generelt scorer dårleg på er talet på patent som kjem ut av forsking. Ein nyleg publisert OECD-rapport viser at vi ligg like under OECD-snittet. På dette området har vi noko å lære av våre nordiske kollegaer. Talet patent er ein indikasjon på i kva grad vi klarer å skape næringsverksemd ut av forskingsinnsats. Sverige har til dømes registrert 4 gongar så mange patent som oss per million innbyggjarar. FKD har frå og med i år løyvd pengar til FORNY-programmet. Målet med denne innsatsen er nettopp å styrkje kommersialisering av forsking innafor marin sektor.

Det er heller ikkje berre grunnleggjande biologisk forsking som er viktig for marin vekst og innovasjon. Grunnleggjande fag innanfor økonomi, marknad og teknologi og alle realfaga er også kritiske for framtidig marin utvikling og innovasjon. Generiske teknologiar som bioteknologi og IKT og nanoteknologi er spesielt viktige. For å omsette marin forsking til utvikling krevst difor ei multidisiplinær tilnærming som omfattar biologi, teknologiske og andre relevante faglege område. Forsking som kombinerer slike generiske teknologiar gir erfaringsmessig spesielt stor innovasjonskraft. Vi må bli flinkare til å stimulere til marin forsking innanfor desse miljø, og til å stimulere tverrfagleg forsking.

Det er med bekymring vi ser ein nedgang i hovudfagskandidatar innan fagområdet havbruk. Skal vi kunne forske treng vi at unge vel marin utdanning og karriere, også som forskarar.

I fjor publiserte Teknologirådet ein rapport der det kom fram at studentar på dei marine linjene i liten grad er synlege på utdanningsstadene, og at bedrifter i liten grad aktivt etterspurde studentane si kompetanse. Dette er bekymringsfullt. Skal vi nå våre mål treng vi all den hjernekraft vi kan få. Skal vi lukkast må vi alle bidra til å gi eit bilete av næringa som gjer at ungdom vert freista til å ta utdanning, og til å finne seg ein arbeidsplass i vår næring.

Her må både næringsaktørane og forskingsinstitusjonane engasjere seg. Det gjeld å få synleggjort at marin sektor er ein spanande og framtidsretta arbeidsplass. Både for dei som vil ha ei akademisk karriere, og for dei som vil ha jobb i næringslivet.

Den blå-grøne matalliansen

Det foregår ein prosess for å tydeliggjere oppgåvene til dei forvaltningsretta institutta Havforskningsinstituttet, NIFES og Veterinærinstituttet. Det er lagt vekt på at hovudbrukarane til disse institutta er forvaltinga.

Den nye strukturen skal gi forskingsmiljø som:

  • Er robuste og held eit høgt fagleg (internasjonalt) nivå.
  • Som ivaretek universiteta sine behov for randsoneinstitutt.
  • Som arbeider langs heile verdikjeda.
  • Som tek ut synergien mellom landbasert mat og fiskeri.

Det skal også opprettast eit selskap (NOFIMA) som skal overta eigarskapet i dei næringsretta institutta Akvaforsk AS, Fiskeriforskning AS, Norconserv AS og Matforsk AS.

Avslutning

Programmet syner at vi vil få mange interessante og relevante foredrag. Min honnør til forskingsrådet som arrangør, og så håper eg som sagt at den store interessa for konferansen er eit signal om auka interesse for havbruksforsking.

Eg vil óg nytte høvet til å ynskje styret og administrasjonen lukke til med gjennomføringa av det nye havbruksprogrammet. Dei skal forvalte mellom 1 – 1,5 milliardar kroner i løpet av programperioden. I tillegg kjem private midlar. Det kviler difor eit stort samfunnsansvar i å forvalte dette på ein måte som er til beste for næringa og landet.

Mitt håp er at vi om ti år kan samlast til havbrukskonferanse og snakke om eventyrleg suksess i næringa. Fortelje historier som handlar om store kulinariske opplevingar med norsk fisk på bordet. Historier om forskarar som har gjort nye gjennombrot, og ikkje minst historier om menneske som har funne gode arbeidsplassar akkurat der dei ønsker å vere – på kysten.

Lukke til med konferansen!