Historisk arkiv

Omdømmet for norsk sjømat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens innlegg på Fisk 2006.

Omdømmet for norsk sjømat

Statssekretær Vidar Ulriksen
Fisk 2006, Tromsø 28.november 2006

Så er vi komne til vegs ende på denne konferansen der omdømmet for norsk sjømat har stått i sentrum. Det er kasta lys over temaet frå mange sider og vi har fått høve til å diskutere dei mange fasettane omgrepet omdømme skaper.

Eit godt omdømme er noko vi må gjere oss fortent til. Litt forenkla kan vi vel seie at omdømmet til ei matvare kulminerer hos forbrukaren. Det er her status for heile produktet og ferda frå havdjupet eller frå kysten blir gjort opp. Held kvaliteten på vara mål? Er ho truverdig?

Sluttbiletet forbrukaren sit att med vil avgjere kva han eller ho kjøper til middag - ei avgjerd som er av vital interesse for norsk fiskerinæring. Om vi seier at forbrukaren si avgjerd baserer seg på eit enkelt bilete av matvara, så tyder det ikkje at biletet er enkelt. Samlinga av foredrag her på konferansen, understrekar alle dei komponentane dette biletet er samansett av.

Forsvarleg ressurs­forvalting, berekraftig fôr, miljøforhold, sporing, dyrevelferd, trygg og sunn mat, god handtering i alle ledd, marknadsføring og marknadskontakt er nokre element i denne samanhengen. Mangfaldet i problemstillingane speglar også det samansette ansvaret som ligg til grunn for omdømmet til sjømaten vår. Ansvaret er godt spreidd blant sjømatbedriftene langs heile verdikjeden og hos styresmaktene. Og det er vist at ein svikt i eitt ledd kan øydeleggje mykje.

Berekraftig forvalting er utan tvil grunnleggjande i samband med omdømme. Ta til eksempel det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket i Barentshavet. Dei siste åra har vi her vore vitne til kriminalitet av store dimensjonar knytt til miljø og økonomi.

Overfisket av norsk arktisk torsk i Barentshavet i 2005, er rekna til ein samla førstehands­verdi på om lag 1,5 milliardar kroner! NOKAS-ranet blir lite i denne samanhengen. Ja, for dette er eit ran av verdiar – også verdiar som ikkje kan målast i kroner og øre . Ranet har også store konsekvensar av biologisk art. Bestandar kan på sikt stå i fare for å bli truga.

Ei berekraftig regulering blir endå meir komplisert når det er vanskeleg å bli samde med andre land om kor stort det faktiske uttaket av fisk er. Problemet har også økonomiske og sosiale sider, fordi inntektene frå den svartfanga fisken vert dregne unna dei som rettmessig skal leve av fisken.

Eit omfattande ulovleg fiske i Barentshavet vil også kunne bli ein svart flekk på omdømmet til sjømat i alle marknader ute og heime! Dette kan ramme store delar av fiskerinæringa, fordi oppkjøparar og konsumentar kan kome i tvil om dei kjøper ei legitim vare.

Det er ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa å vinne bukt med dette problemet, og norske styresmakter samarbeider i dag med ei rekkje andre land. Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland har vore avgjerande for at vi i mange år har hatt ei berekraftig forvalting av bestandane i Barentshavet.

Vi har hatt tett kontakt i ei årrekkje og har i dag ei felles ressursforvalting med avtalar om kontroll og opprusting av lovverket i begge land – alt dette for å kunne stoppe tjuvfisket effektivt. Samarbeidet med EU-kommisjonen og ei rekkje sentrale fiskerinasjonar er også kraftig utvida dei siste to åra. For to veker sida vedtok Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) forpliktande regler om hamnestatskontroll - ein avtale som vil gjere det langt vanskelegare å lande ulovlege fangstar til neste år.

Noreg har svært gode føresetnader for å drive havbruk. For å bevare eit godt omdømme for sjømaten, må vi likevel vere merksame på dei økologiske problemstillingane i tilknyting til næringa.

Styresmaktene vil derfor forvalte havbruksnæringa på ein slik måte at vi tek vare på funksjonar og produktivitet i naturen. Dette skjer for eksempel gjennom strenge krav til plassering og til teknisk standard på oppdrettsanlegga.

Det er nedsett ein ny kommisjon for å hindre rømming­. Og det blir forska på korleis miljøet blir påverka av havbruk. Før jul vil regjeringa etter planen leggje fram ein stortingsproposisjon om vern av vill-laks, der vi foreslår å utvide ordninga med nasjonale laksefjordar.

Mange forbrukarar er opptekne av spørsmål som kvar fisken kjem frå, at fisken er lovleg fanga og berekraftig forvalta, og at han er trygg å ete. Dette må vi kunne svare forbrukarane på! Sporing er eit viktig element i denne samanhengen.

Sporing er ei verdfull brikke i kampen mot ulovleg fiske. Og gjennom gode system for sporing kan mat som ikkje er trygg for helsa bli tilbakekalla. Sporing er også viktig for at ulike ordningar for merking skal ha nødvendig truverd.

Norske institusjonar som Fiskeriforsking og SINTEF har spelt ei svært viktig rolle i arbeidet med å utvikle standard for sporing nasjonalt og internasjonalt. I tida framover vil næringa, styresmaktene og forskingsinstitusjonane saman måtte prioritere sporing høgt for at norsk fisk skal halde fram med å ha eit godt omdømme.

For opphavsmerking - som eg ser er etterlyste i media - ønskjer vi ei obligatorisk merking av produsentnamn og adresse i heile EØS-området. I påvente av felles EØS-reglar har vi oppfordra næringa til frivillig å merke produkta sine med produksjonsstad. Norske styresmakter jobbar med å utarbeide ein rettleiar for frivillig opphavsmerking.

Eg har allereie vore inne på det - vi er ikkje sterkare enn det svakaste leddet vårt. Tidlegare i haust stod vi i fare for å få full stans i eksporten av fisk til Russland fordi det blei avdekt bruk av falske eksportsertifikat.

No veit vi ikkje kvar desse forfalskingane har skjedd, men eg vil understreke at dersom enkeltaktørar i næringa tek sjansen på slikt juks, så vil det kunne undergrave det arbeidet styresmaktene har lagt ned i denne saka. Alle må ta ansvar for Noreg og norsk fiskeri- og havbruksnæring sitt omdømme.

Det marine verdiskapingsprogrammet som Fiskeri- og kystdepartementet har etablert bør også kunne vere eit verkty her. Programmet har ei særleg innretting mot marknaden og skal stimulere til marknadsbasert innovasjon. Forpliktande samarbeid i nettverk mellom marine bedrifter er ei sentral arbeidsform.

Det er eit mål med programmet å utløyse meirpris til norske bedrifter av kvar eining fisk som blir omsett. Derfor skal ein arbeide for sterkare relasjonar mellom produsentar og kjøparar og utvikling av kunnskap om kjøpar sine behov og kjøpsåtferd.

I våre dagar vil bygging av omdømme ha ein naturleg plass i ei slik målsetjing. Vi har forventingar til at bedrifter som søkjer seg til aktivitetane til programmet ønskjer å arbeide med omdømmet sitt.

Og vi føreset at medverknad i programmet gir bedriftene eit løft, kunnskapsmessig og strategisk, også på dette området.

Fisk 2006 er ein viktig møteplass og ein arena der problemstillingar som er aktuelle for næringa kan drøftast og der vi saman kan leite etter vegen vidare.

Dette er berre ei av dei mange oppgåver Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond tek på seg. Det er gjort greie for evalueringa av Fondet tidlegare i dag. Denne evalueringa er gjennomført på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet. Og departementet sender no rapporten på offentleg høyring. Rapporten og høyringsbrevet kan lastast ned frå heimesida til departementet, og høyringsfristen er sett til 1. mars neste år.

Då står det berre igjen for meg å takke FHF for jobben som er gjort med Fisk 2006. Takk til alle bidragsytarar for interessante innlegg og god diskusjon. Og takk for eit hyggjeleg samvær!