Historisk arkiv

Opninga av Fortuna Oils raffineringsanlegg for selolje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Av statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet - Kristiansund 19. juni 2006

Av statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet - Kristiansund 19. juni 2006

Opninga av Fortuna Oils raffineringsanlegg for selolje

Av statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet

Kristiansund 19. juni 2006

Kjære forsamling!

Det er ei stor glede for meg å vere her i Kristiansund i dag for å markere opninga av Fortuna Oils sitt raffineringsanlegg for seljolje. På mange måtar er det ei historisk hending – opninga av det einaste raffineringsanlegg for selolje i verda.

Kristiansund er ein by som i all tid har levd av det havet gir. Vi veit at opphavet til ”Bacalao de Noruega” stammar frå klippfiskeksportørane i Kristiansund. Byen har også lange sjøfartstradisjonar og Kristiansund har alltid fått impulsar frå andre land og kontinent.

I dag arbeider meir enn 400 personar i fiskeri- og havbruksnæringa i Kristiansund og kommunen er vert for ei rekkje selskap innanfor fiskeri- og havbruksektoren. Det gjeld mellom anna bedrifter innan områda marine oljar, lakse- og ørretslakting, analyse, bioprotein-produksjon, handel med fisk, forvalting av trålarar, marine fiskemottak, ressurskontroll og aktive fiskarar. Etableringa av Fortuna Oils er eit nytt og viktig tilskot til det fiskeriretta næringslivet i Kristiansund.

Utnytting av fiske- og fangstressursane

Fiskeri- og havbruksnæringa er ei av våre desidert viktigaste næringar og potensialet for vidare vekst i marin sektor er stort, ikkje minst gjeld det utnytting av biprodukt og utnytting av ulike komponentar av marine organismar og marint råstoff. I dag går diverre mykje av dette tapt.

Matvanane har i seinare år endra seg kraftig i den vestlege verda. Det gjeld utvalet av mat og måten maten vert tillaga på. Folk er meir opptekne av kvar maten kjem frå og korleis han påverkar helsa vår.

Det er ein trend i dag å utvikle matvarer som også tek vare på folks helse og velvære – såkalla funksjonell mat. I EU vert det selt funksjonelle matvarer for 18-20 milliardar kroner i året. Veksten er 15-20% per år, medan veksten for vanlege matvarer berre er 1-2% per år!

Tidleg i mai kunne vi lese i Fiskeribladet om produktet OliMar - ”Superoljen av sel og oliven” - som vert produsert av Fortuna Oils og skal ut i den norske marknaden. Blandinga av selen frå Ishavet og olivenolje frå Middelhavet skal gje folk betre helse! Dette er ei god historie. Både fordi oljen kan hjelpe folk til eit betre liv og fordi det er godt nytt for oss som ønskjer å fremme nytt, kunnskapsbasert næringsliv i Noreg.

Forvaltninga av selbestanden

Skal vi få til ein lønsam foredlingsindustri av sel, må fangsten aukast betydeleg, og det er politisk semje i Noreg om eit større og berekraftig uttak av sjøpattedyr. Innovasjon Noreg og Fiskeri- og havbruksnæringas Forskningsfond har etablert eit næringsutviklingsprogram for norsk sjøpattedyrnæring. Utgangspunktet er at heile dyret skal nyttast.

Selbestandane i verda veks. Logisk sett burde bestandane regulerast på same måte som vi regulerar andre bestandar. Men mange friviljuge organisasjonar går på følelsesmessig grunnlag mot selfangst. Dette har ført til at sjøpattedyrnæringa har blitt kraftig redusert. Det er difor spesielt gledeleg at GC Rieber har tatt sjansen og investert betydelege beløp i eit nytt anlegg i Kristiansund for raffinering av selolje.

Nyskaping og innovasjon

Denne regjeringa vil stimulere til nyskaping og innovasjon. Målet til regjeringa er at Noreg skal bli ein av dei mest dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda, innan dei område der vi har naturlege fortrinn. Marin sektor er eit slikt område.

Fortuna Oils er eit svært godt eksempel på kva slags verksemd denne regjeringa ønskjer fleire av i Noreg. Verksemd der vi utviklar nye produkt med utgangspunkt i det vi er gode på, nemleg marin sektor.

Denne historia viser også at det er ein krevjande prosess frå idé til produksjon, og at ny industri er resultat av kompetanse på mange felt. Fortuna Oils bygger på forsking innan sjømat og medisin, tilgang på godt marint råstoff, litt olivenolje frå Middelhavet og kapital. Og ikkje minst handlar det om menneske som såg eit forretningspotensial, og som har tatt sjansar.

De fortener ros for den store innsatsen som er lagt ned i arbeidet med etableringa av Fortuna Oils. Eg er svært takknemleg for å få dele denne dagen med dykk. Gratulere med dagen og stå på vidare!

Med dette erklærar eg anlegget for opna.