Historisk arkiv

Regjeringas fiskeri- og kystpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på representantskapsmøtet i Vest-Norges fiskesalslag i Florø 20. april 2006

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på representantskapsmøtet i Vest-Norges fiskesalslag i Florø 20. april 2006

Regjeringas fiskeri- og kystpolitikk

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på representantskapsmøtet i Vest-Norges fiskesalslag i Florø 20. april 2006

Dirigent, formann møtedeltakarar og gjestar!

Nok ein gong vil eg ynskje hjerteleg til lukke med 60-års feiringa. Det er hyggeleg å få vere med på representantskapsmøtet som statssekretær og som gjest, ikkje minst då eg kjem frå lagets distrikt og tidlegare har deltatt på møter i representantskapet i ulike roller.

Som fiskar veit eg sjølv kor viktig råfisklova deltakarlova og salslaga har vore og er for fiskeria, fiskarane og busetnaden langs kysten. Råfisklova er saman med deltakarlova fiskeria sin grunnlov, og dannar grunnlaget for norsk fiskeripolitikk. Soria Moria erklæringa slår fast at Regjeringa vil oppretthalde desse lovene.

Men; i dag skal eg ikkje snakke om råfisklova og omsetnaden av fisk. Eg skal freiste å teikne eit bilete av regjeringas fiskeri- og kystpolitikk.

Fiskeri- og havbruksnæringa betyr mykje for Noregs eksportinntekter og for busetnaden langs kysten. Det er difor ein viktig dela av regjeringas politikk og vi har allereie teke ei rekke grep og satt i gang fleire prosessar for å gje fiskeri- og havbrukspolitikken ei ny retning.

Soria Moria-erklæringa beskriv regjeringas politiske ambisjonar, og syner samstundes ein del av dei grepa vi vil ta for å nå måla.

Regjeringa har store ambisjonar for Noreg og den næringspolitikken som skal førast i åra som kjem. Soria Moria-erklæringa slår fast at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i heile verda, innanfor dei område der vi har fortrinn. Eitt av dei fem satsingsområda regjeringa har peika ut er marin sektor. Årsaka til det er sjølvsagt den kompetansen og dei fortrinna vi har på dette feltet. Dei andre satsingsområda er maritim sektor, energi, miljø og reiseliv.

Regjeringa ynskjer å føre ein aktiv fiskeripolitikk med eit samfunnsperspektiv. Fiskeripolitikken skal ivareta folk og lokalsamfunn langs kysten. Det inneber at vi ikkje kan la marknadskreftene rå aleine. Samstundes må vi sjølvsagt forhalde oss til det marknaden vi skal selje fisken til.

Det er fullt mogleg å kombinere dette med dei mange og utfordrande krav marknaden stiller, inkludert globalisering og auka konkurranse.

Vi skal legge til rette for lønsemd og arbeidsplassar i flåte og på land. Vi skal bidra til å oppfylle den politiske målsettinga om ein moderne, variert og lønsam flåte som skal bidra til aktivitet langs heile kysten. Vi meiner det er fullt muleg både å ivareta bedriftsøkonomiske omsyn og eit samla samfunnsperspektiv. Vi skal både ha lønnsemd og berekraftige bedrifter, samstundes som vi skal legge til rette for at små og store lokalsamfunn langs kysten skal kunne utvikle seg i ein positiv retning. Difor skal vår politikk byggje på ei berekraftig ressursforvalting og ei rettferdig fordeling av fiskeressursane.

Næringas betydning nasjonalt og internasjonalt

Fiskeri- og havbruksnæringa er i dag av dei største næringane i Noreg. Vi forvaltar ei nasjonalformue - havet - og vi ønskjer å legge til rette for størst muleg avkastning for samfunnet og den enkelte næringsaktive av det som vert hausta, produsert og vidareforedla.

Nokre tal illustrer kvar fiskeri- og havbruksnæringa står nasjonalt og internasjonalt. Det samla fangstuttaket i norske fiskeri har dei siste 10 åra halde seg relativt stabilt mellom 2,6 og 3,1 millionar tonn. Vi er dermed nr. 10 i verda når det gjelder hausta kvantum. Havbruksproduksjonen vår aukar år for år. I 2005 vert det produsert ca 600 000 tonn.

Vi produserer vesentleg meir mat av fisk enn det vert produsert mat i norsk landbruk. Skulle vi ete alt sjølve, måtte kvar nordmann, stor og liten, sette til livs 3,5 – 4 kg fisk kvar dag!

Omkring 95 prosent av norsk fisk og fiskeprodukt vert eksportert. Norge eksporterer sjømat til ca 150 land og til alle delar av verda. Vi er verdas tredje største eksportør av sjømat. EU er samla sett framleis vår desidert største marknad med 61 prosent av vår totale eksportverdi. Eksporten til Russland har auka betydeleg dei siste åra. Ved utgangen av 2005 var Russland for første gang vår største enkeltmarknad.

I 2005 vart vår samla eksport i overkant av 31 milliardar kroner, mot 28,2 milliardar kroner i 2004. Samla fortel alt dette at vi er ei fiskeristormakt. Vår stemme vert høyrd og våre val lagt merke til.

Ressurskontroll

Det syner ikkje minst regjeringas aktive innsats for å bukt med ulovleg fiske og overfiske i våre havområde. I det siste er det ulovleg fiske i Barentshavet som har vore i fokus. Det er den største utfordringa vi har i norsk fiskeriforvalting no.

Kampen mot overfiske og for ei berekraftig utnytting av fiskeressursane, har vore ei av dei viktigaste sakene for oss sidan vi flytta inn i Fiskeri- og kystdepartementet i midten av oktober.

Sidan 2001 har vi avdekka at det er ulovleg fiske av betydeleg omfang i våre nære havområde, og i dei seinare åra har serleg Barentshavet vore i fokus. Dei siste berekningane til Fiskeridirektoratet og Kystvakta, syner at overfisket i Barentshavet i 2005 fortsette på same nivå som tidlegare år. Det ulovlege uttaket i fjor er berekna til 100 000 tonn torsk til ein verdi av omkring halvannan milliard kroner i førstehandsverdi. Det er 20, kanskje heile 25 prosent av den totale torskekvota! Noregs del av dette er litt under halvparten. (Til samanlikning: Dei samla eksportinntektene frå norsk-arktisk torsk fiska i Barentshavet er på 8-9 milliardar kroner årleg.) Dette har ein enorm innverknad på dei norske kvotene og det krev ikkje mykje fantasi for å forstå kva dette har å seie for inntekter, arbeidsplassar og busetting.

Dette aksepterer vi ikkje og difor arbeidar vi kontinuerleg og på fleire frontar i kampen mot overfiske og for ei berekraftig utnytting av ressursane.

For det første har vi styrka Fiskeridirektoratet sitt arbeid med ressurskontroll for 2006 med 15 millionar kroner. Totalt står dermed ca. 68 millionar kroner til disposisjon i ressurskontrollarbeidet og talet på årsverk aukar til ca. 85. Samanlikna med midlane direktoratet hadde i 2004 og 2005 er dette ei vesentleg styrking. I tillegg vart Kystvakta sitt budsjett auka med ein tilsvarande sum. Styrkinga vil samla innebere ein ny giv både på land og på sjøen.

Midlane til Fiskeridirektoratet skal gjere kontrollen meir effektiv. Hovuddelen av satsinga er oppretting av ein eigen innsatsgruppe mot ressurskriminalitet. Denne gruppa skal gjere at Fiskeridirektoratet i sterkare grad enn i dag, har moglegheit til å avdekke grov økonomisk kriminalitet. Gruppa skal bestå av både nytilsette og dei som allereie arbeider med desse sakene.

Gruppa skal jobbe både med grov økonomiske kriminalitet som skjer i Noreg, og den som skjer i andre land der norske interesser er involvert. Gruppa, som av enkelte er kalla for ”Fipos”, som fiskerinæringas svar på ”Kripos”, skal sjølvsagt jobbe tett saman med andre fiskeristyresmakter og toll- og politistyresmakter både i inn- og utland for å avdekke ressurskriminalitet.

Vi veit at innsatsen i høve til overfiskeproblematikken må settast inn på fleire frontar. Vi arbeider gjennom kvoteavtalane vi inngår med Russland, EU og andre for å få på plass det formelle grunnlaget for kontroll og reaksjonar. Og vi arbeider gjennom såkalla kontrollavtaler med land der fisken blir landa for å stoppe mottak av fisk som er fiska i strid med avtalene. Vi har no har inngått slike avtaler med alle dei viktigaste fiskerinasjonane i Europa, med unntak av Spania. Kontrollavtalene er viktige for å etablere ei felles forståing for kor stort problemet med overfiske er, og at dette er noko vi må kjempe mot med alle tilgjengelege midlar.

På regionalt nivå, vil eg serleg nemne eit viktig initiativ vi har teke i NEAFC (kommisjonen for fiske i det nordaustlege Atlanterhav) for å få etablert reglar for hamnestatskontroll i europeiske hamner. Den ulovlege fisken som vert fanga i Barentshavet vert landa i europeiske hamner. I store kvanta. Det er derfor tvingande nødvendig at fangstane vert kontrollert ved landing i Europa og at ulovlig fisk vert avvist. Hovudproblemet er nemleg i mange tilfelle at fiskefartøyas flaggstat viser manglande vilje og evne til å ta reelt ansvar for egne fartøy.

Når flaggstaten ikkje kontrollerer sine eigne fartøy, vert hamnestatskontroll og kontroll av fisken når den vert landa, ein nøkkel til å få bukt med overfiske. I dag er det ikkje fungerande reglar på dette området, men når vi lukkast i å få på plass eit fungerande regelverk, vil det innebere at det ikkje vert mogleg å lande ulovleg fanga fisk i europeiske hamner. Vi søker på sikt å lage eit Schengen-system for fisk, med felles yttergrenser for landing av fangst i Europa. Ulovlige fangstar skal på denne måten kunne jagast frå hamn til hamn. Får vi til dette, har vi kome langt!

Vi arbeider også med andre tiltak. Mellom anna vil vi sikre oss det juridiske verktøyet for å kunne nekte utanlandske fartøy som tidligare har deltatt i ulovlig fiske tilgang til å lande fisk i norske hamner. Det same gjeld i forhold til å sette i verk tiltak for å nekte slike fartøy å få bunkers og andre hamnetenester i Noreg. Vi vil gjøre det vanskelig for desse fartøya. Det skal ikkje lønne seg å drive ulovlig fiske!

Fiskerisamarbeidet med EU

Etter at ein oppretta 200 mils økonomiske soner blei omtrent 90 % av havets ressursar underlagd nasjonal kyststatsjurisdiksjon. Likevel er det slik at rundt 90 % av norsk fiske føregår på bestandar vil delar med andre land. Dette gjeld sjølvsagt også i Nordsjøen. Som de veit forvaltar Noreg desse fiskeriressursane saman med EU. Dette er betinga av geografiske forhold, og er ikkje noko vi kan endre.

Eit godt samarbeid med EU er derfor grunnleggjande for god forvaltning, særleg for nordsjøfisket. Også framover vil vi leggje stor vekt på samarbeidet med EU, eit samarbeid som er under konstant utvikling, og som stort sett går i riktig retning.

(Kontrollsamarbeidet blir stadig utvida og utviklar seg fortløpande)

Spørsmålet om veging og vasstrekk for pelagisk fisk har det vore arbeidd med lenge. På dette feltet har vi komme langt. I fleire år no har arbeidsgruppa for kontroll med pelagiske landingar arbeidd for å få på plass vegesystem som er sikra mot at det kan fuskast.

Det viser seg no at arbeidet gjev resultat. Dette er viktig for å sikre aktørane i næringa både på sjø og land like konkurransevilkår. Det heilt avgjerande at alle overheld dei vedtekne kvotane om ein skal oppnå ei høg langsiktig avkastning av fiske.

Basert på det sterke fokuset som har vore på landingar av uregistrert norsk arktisk torsk i EU land, var kontrollspørsmål sjølvsagt sentralt i forhandlingane med EU om ei bilateral kvoteavtale for 2006. Vi fekk da også styrka den delen av avtala som omhandlar kontroll på fleire punkt.

Arbeidsgruppa som eg nettopp nemnde, har fått utvida sitt mandat til også å gjelde kampen mot IUU-fiske. I tillegg skal dei arbeide for å få betre kontroll med landingar av kvitfisk rundt Nordsjøen.

(Utkastpåbod)

Eit problem eg må peike på i forhold til EU, er at vi forvaltar same bestandar på ulik måte. I norsk sone har vi utkast forbod mens EU i mange år har hatt eit utkast påbod i EU farvatn.

Dette kjenner de godt til, men eg må understreka at utkastpåbodet er uakseptabelt og at denne regjeringa vil vere opptatt å framføre Noregs motstand mot dette. Sjølv om dette har vore eit langt lerret å bleike, kjem vi ikkje til å gje oss her, og vi veit at det norske synet møter auka forståing frå mange hold.

( Ressursforvaltning - langsiktige forvaltningsplanar for torsk, hyse, sei og sild)

Denne regjeringa er oppteken av å leggje forholda best muleg til rette for at aktørane i fiskeri- og havbruksnæringa skapar lønsame arbeidsplassar. Ei berekraftig forvaltning av alle fiskebestandane i våre farvatn er ikkje berre eit overordna mål, men også ein føresetnad for at næringa oppnår stabil lønsemd.

Diverre har forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen gjeve grunn til bekymring. Det er derfor bra at Noreg og EU er blitt einige om langsiktige forvaltningsstrategiar for torsk, hyse, sei og sild. Desse forvaltningsplanane skal ivareta omsynet til ei forsvarlig forvaltning, men også bidra til stabile rammebetingelsar for næringa.

Men det er kun langsiktig samarbeid som hjelper. Når EU sin andel av torskekvota i Nordsjøen er på 83% seier det seg sjølv at einsidige norske tiltak ikkje vil hjelpe, og at vi må spele på lag.

Når det gjeld torsk er situasjonen framleis vanskeleg og totalkvoten har vore på eit svært lågt nivå dei siste åra. Kvoten for torsk i 2006 blei ytterlegare redusert til 23.205 tonn, noko som er den lågaste kvoten nokonsinne.

(Litt om kolmule og NVG)

Som de kjenner til var det einigheit mellom kyststatane om fordeling og forvaltning av kolmule i desember i fjor. Kolmuleavtalen mellom EU, Færøyene, Island og Noreg inneber at vi etter 6 års forhandlingar endeleg fekk på plass ein avtale om forvaltning og fordeling av kolmule, som eg håper vil gi ein forsvarleg forvaltning av denne bestanden.

Eg er óg glad for avtalen som vart inngått med EU i desember i fjor om forvaltninga av NVG-sild i 2006. Avtalen bidreg til ein ansvarleg forvaltning av denne bestanden og innebar også at forbodet mot å lande utanlandske fangstar i Noreg, vart oppheva.

(Kvotebytet med EU er viktig for dette distriktet)

Som de alle veit inngår vi kvart år avtalar med EU om gjensidig byte av fiskekvotar i kvarandre sine farvatn. I forhold til EU er spesielt botnfiskkvota for banklineflåten i EU-sona, og blåkveitekvotane ved Grønland viktig for mange fiskarar i dette distriktet.

Å oppretthalde blåkveitekvota ved Grønland var viktig i forhandlingane om ein avtale med EU for 2006. Likeeins var det viktig at vi ikkje fekk ytterlegare reduksjon i botnfiskkvota i EU-sona. Sjølv om fangstane av lange og brosme har gått nedover viser førebelse tal at vi i 2005 fiska litt meir av desse artane enn i 2004. Dette er svært positivt for eit fiskeri som tradisjonelt har hatt mykje å seie for dette distriktet.

(Oppsummering – samarbeidet med EU)

Internasjonalt samarbeid er svært viktig på fiskeria sine områder. Det er berre gjennom samarbeid at vi kan oppnå måla om berekraftig forvaltning, og rettferdig fordeling av fiskeriressursane. Markedsadgang til dei marked der vi sel fisken vår krev også internasjonalt samarbeid. De skal ikkje vere i tvil om at vi prioriterer dette arbeidet.

Strukturpolitikken

Så nokre ord om strukturpolitikken. Den førre regjeringa innførte ei rekke strukturtiltak. Debatten om desse har gått høgt, både i og utanfor næringa, mens den førre regjeringa ennå var i virke, og etter at den nye regjeringa tiltrådte. Det syner etter vår meining at dei innførte strukturordningane ikkje har tilstrekkelig legitimitet.

Vi har fått mange reaksjonar på strukturstoppen – og særleg på at han kom uventa på næringa. Vi har etter at strukturstoppen vart innført justert på reglane, slik at følgjene av stoppen skulle verte so lite dramatisk som mogleg. Forlenging av driftsordninga var ein del av desse justeringane.

Vi trur ikkje det er mulig å føre ein fiskeripolitikk som alle er einige i; langt mindre ein strukturpolitikk som gjer alle til lags. Det er likevel rett og heilt nødvendig å ha ein brei debatt, der alle dei som er berørte av og interesserte i saka, har muligheit til å delta; både om den overordna fiskeri- og kystpolitikken, og ikkje minst om utforminga av strukturpolitikken.

Derfor oppnemde vi strukturutvalet.

Arbeidet strukturutvalet er i gang med å gjere vil gje oss ein oversikt over både positive og negative utslag av de strukturtiltaka som har vært gjennomført til no.

Når vi bestemmer oss i desse spørsmåla, så skal vi med andre ord gjere det på eit best mulig faktisk grunnlag. Samtidig vil vi få forslag om vegen vidare frå eit utval som er kompetent og som representerer ei rekke ulike interesser.

Kysten vår fortener ein politikk som byggjer på solid kunnskap og på grundige diskusjonar der ulike omsyn, fordelar og ulemper vert veid opp mot kvarandre. Ein politikk som er godt fundert har langt betre føresetnader til å vare lenge.

Strukturutvalet skal legge fram si innstilling 15. august. Utvalet skal få jobbe i fred, og eg vil ikkje spekulere i resultatet av utvalets arbeid.

Når innstillinga føreligg, vil forslaga frå utvalet blir sendt på høyring.

Vi tek så sikte på å ta politisk stilling til forslaga frå utvalet i løpet av hausten, slik at nye ordningar kan tre i kraft i frå 2007.

Avslutning

Verdiskaping, busetnad, ressurskontroll, samarbeid med andre fiskerinasjonar, strukturpolitikk – dei vala vi tek i desse sakene syner innhaldet i regjeringas fiskeripolitikk. Vi har nett starta på vårt arbeid, og ser fram til fortsettinga.

For å lage ein god politikk er vi også avhengig av gode innspel frå næringa.

Det er derfor viktig for oss å vere med på møter som dette og høyre på kva de har å seie oss!

Lykke til med møtet!