Historisk arkiv

Ressurskontroll, sporing og miljømerking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innlegg på representantskapsmøtet i Norges Sildesalgslag 7. juni 2007

Innlegg på representantskapsmøtet i Norges Sildesalgslag 7. juni 2007


Kjære alle saman!

Det går godt i mange fiskeri no. Det er stor aktivitet og i marknadane er resultata historisk gode.

I år vart det underteikna ein kyststatsavtale for norsk vårgytande sild, for første gong sidan 2002. Avtalen er historisk ved at den gir Noreg den høgaste delen av totalkvoten som har vore oppnådd sidan fempartsforvaltinga av NVG-sild blei innleitt i 1996. Bestanden er i god forfatning, og kvotane er høge. Den femtepartsavtalen som no er inngått, er eit nytt framsteg i forvaltingssamarbeidet om fiskeres¬sursane i Nordaust-Atlanteren. Alle dei store bestandane i norske farvatn er no regulert. Dette er viktig for ein forsvarleg og berekraftig forvalting av desse viktige ressursane, og også for kampen mot ulov¬leg, uregulert og urapportert fiske, som regjeringa legg stor vekt på.

I pelagisk sektor vert sjølvsagt forhandlingane om fordeling av tobis  følgd med spesiell interesse. La meg difor begynne med nokre ord om kvar vi står.

I kvoteavtalen mellom Norge og EU vart partane einige om ein gjensidig kvote i kvarandre sine soner på 20.000 tonn. Vi vart også einige om ein felles metodikk for forsøksfiske etter tobis i 2007, og at ein skal følgje ICES – Det internasjonale råd for havforsking - si rådgjeving. Det vart gjennomført eit prøvefiske frå 1. april til 6. mai. Sjølv om EU heldt fram å fiske etter prøvefisket, har vi frå norsk side vore heilt klare på at vi skulle vente på rådet før vi opna eit eventuelt fiske. Seint 15. mai kom eit råd frå ICES om ein totalkvote på 170.000 tonn.

Som de veit har Norge og EU arbeidd for å finne fram til fordeling og felles forvaltning av blant anna tobis og augepål. Dei norske posisjonane er baserte på den såkalla ”Charlottenlundrapporten” som er det grunnlaget forhandlingane skulle basere seg på. Alt etter kva tidsperiode ein legg til grunn skal Norge ha ein andel på mellom 27 og 32 %.

Til no har vi ikkje lukkast å komme i mål med ein avtale om fordeling, og vi måtte difor vedta ein norsk kvote 51.000 tonn, noko som baserer seg på ein rimeleg norsk andel (30%) av tobisbestanden.

Etter nokre magre år kan det gode fisket i vår tyde på at tobisfisket kan verte betre i framtida. Vi skal likevel vere forsiktige. Difor bestemde vi i samråd med Havforskingsinstituttet å lukke ein del felt i norsk sone og dermed håpe at tobisen kjem att også her.

Det kan ta tid før Norge og EU vert einige om fordeling. Difor var det viktig for oss å prøve å etablere felles forvaltningstiltak. Felles kriteria og det at råda kjem frå ICES, er framsteg. Slike råd vil verke meir nøytrale enn om ein skulle forholde seg til andre kjelder.

Det har likevel vore ulike syn på årets tobisforvaltning. Norge og EU er difor einige om saman å spørje ICES om råd for korleis vi skal forvalte tobisen i framtida.

Eg vil understreke at vi ikkje har gitt opp å få til ein avtale om fordeling, men som de veit er slike spørsmål ofte vanskelege og tidkrevjande.

Så til dagens tema
Temaet mitt i dag er sporing, miljømerking og ressurskontroll. Innlegget mitt dreiar seg mykje om arbeid med ulike system, om marknadsføring og om forvaltningsmål som eg går ut frå at de i sildesalslaget er velkjende med.

Sildesalslaget er det tredje salslaget som gjer dette til et hovudtema på representantskapsmøtet sitt i år. Det er bra. Pilotprosjekt som vil vere mønsterdannande for sporingsarbeidet framover ligg i startgropa no. Og viktige aktørar som salslaga må vere tydelege i rolleforståinga si og i å stimulere til debatt om kva vegval som skal takast.

Her i starten kan det vere interessant å konstatere at koplinga mellom sporing, merking og etisk god mat er eit uttrykk for at vi no meiner vi er i stand til å meistre svært kompliserte samanhengar innan sjømat¬produksjon og forvaltning, og at vi har kome langt i å vise at vi har ei truverdig næring og ei truverdig forvaltning.

Eg kjem tilbake til dette, men eg meiner det er viktig å ha klart for oss at sporingsverktøyet som no vert utvikla i fiskerinæringa kan vere eit stort steg framover i arbeidet for å dokumentere at vi er truverdige, både i næringa og i forvaltninga.

Det siste året har sporing kome høgt på dagsordenen – i Norge, i andre land og i internasjonale fora.

Som forbrukarar er vi opptekne av maten. Vi vil ha trygg mat, og vi vil vite kvar maten kjem frå.

Eit godt omdømme vert eit stadig viktigare konkurransefortrinn for sjømatbedriftene. Det gjeld konkurranse i heimemarknaden, og i endå større grad ute i eksportmarknadane våre.

Diskusjonen om det gode omdømmet i marknaden er særleg knytt til berekraft. For fiskeria gjeld dette berekraftig hausting og forvaltning.

På havbrukssida omfattar eit godt omdømme at fisken kan produserast med minst muleg ureining for omgjevnadane og at det i produksjonen går med minst muleg av knappe innsatsfaktorar som fiskemjøl og fiskeolje. Rømming av oppdrettsfisk er også ein del av dette bildet.

Det er sjølvsagt ikkje berre næringa og forbrukarsida som er opptekne av berekraft. Politisk leiing i Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for forvaltninga av ein av dei viktigaste ressursane i Norge. Det er klart at eitkvart verktøy som kan hjelpe oss i dette arbeidet er kjærkome. Utviklinga av systema for sporing kan vere eit avgjerande tilskot for ei ressursforvaltning med store utfordringar. 

Sporing og miljømerking
La meg så seie nokre ord om kva sporing og miljømerking er.

Sporing handlar om å ha system som sikrar at informasjon om det som har skjedd med fisken gjennom verdikjeda følgjer produktet, frå fjord til bord.

Miljømerking handlar om å ta i bruk private standardar for å dokumentere overfor forbrukarane at fisken kjem frå ein berekraftig forvalta bestand eller at fisken er fiska med reiskapar som ikkje skadar miljøet. Uttrykket miljømerking femner om fleire ulike standardar.

Det er liten tvil om at sporingssystema bør vere på plass for å kunne tilby ei truverdig merking. Dersom ikkje informasjonen om produktet kan sporast gjennom heile verdikjeda, er det vanskeleg for forbrukaren å kontrollere om merket faktisk er det som det gir seg ut for å vere.

Miljømerking handlar om at private aktørar ønskjer å dokumentere til dømes god ressursforvaltning, fordi det finst eit krav i marknaden om dette. Vi gjer alt vi kan for å sikre ei god og forsvarleg ressurs¬forvaltning, og eg kjem tilbake til det. Vi gjer også det vi kan for å dokumentere at den norske fiskeriforvaltninga er forsvarleg og berekraftig. I fjor lanserte vi den engelskspråklege nettportalen www.fisheries.no nettopp for å komme bredt ut med informasjon om dette arbeidet.

Dersom krav i marknaden gjer at næringa treng eit miljømerke, vil vi gjere det som trengst for å få fram informasjon om det norske forvaltningssystemet. Men initiativet til å ta i bruk eit privat miljømerke må komme frå næringa.

Vi ser at næringa har samla seg om arbeidet med miljømerking, og vi set pris på at vi får delta som observatørar i gruppa som driv arbeidet.

Eg har sett at det er framsett påstandar om at norske styresmakter skulle vere motstandarar av miljømerking for å unngå oppslag om at norske fiskeri ikkje er berekraftige. Vi er ikkje motstandarar av miljømerking. Openheit tener interessene våre. Vi har ingen ting å skjule. Eg ønskjer velkommen ein open og god debatt om korleis vi kan bli betre og styrke vår posisjon som ansvarleg fiskerinasjon.

Formål med sporing
Næringa og styresmaktene har delvis ulike motivasjonar for å ville innføre sporingssystem.

Fiskeri- og kystdepartementets utgangspunkt er todelt:
Vi ønskjer å nytte sporing som eit verktøy i arbeidet med å kome det ulovlege, urapporterte og uregistrerte fisket – såkalla UUU-fiske, til livs. Vi er spesielt opptekne av å leggje til rette for system som gjer det muleg å spore, eventuelt også merke, fisken som er lovleg fanga. Poenget er å kunne spore fisken tilbake til landings- og sluttsetel eller andre dokument. Slik fisk vil vere registrert og avrekna på fartøyet sin kvote.

På denne måten vil vi gjere det muleg for butikkane og forbrukarane å velje fisk som er lovleg fanga og berekraftig forvalta.

Nokre ord om å være ”best i verda”
Eit kanadisk universitet offentleggjorde nyleg ei internasjonal undersøking som viser at Norge stiller først i klassa når det gjeld kontroll over sine marine levende ressursar.

Dette er sjølvsagt gledeleg. Og denne regjeringa prioriterer god ressurskontroll og ansvarleg fiskeriforvaltning høgt. Salslaga har svært viktige oppgåver her, oppgåver som har mykje å seie for den samla norske innsats på ressurskontrollområdet.

Det er lagt særleg vekt på kampen mot overfisket i Barentshavet. Vi meiner no å kunne sjå begynnande resultat av dette arbeidet i form av ein nedgang i overfisket av både torsk og hyse.

Eg har store forhåpningar til den kontrollordninga som vart etablert frå 1. mai i år rundt det nordaustatlantiske havbassenget. Under denne ordninga skal alle landingar av frosenfisk i Europa klarerast som lovleg fanga av flaggstaten til fartøyet, før fangsten kan landast. Dette gjev lovande perspektiv for det internasjonale fiskerisamarbeidet.
Når dette er sagt så ønskjer eg meg sterkare konkurranse om første¬plassen i den kanadiske undersøkinga. Vi treng det i Norge for å kunne strekkje oss lenger og vi er avhengige av at dei statane vi samarbeider med vert betre og tydelegare i sitt ansvar.

La meg ta eit poeng til med utgangspunkt i undersøkinga. Det at Norge kjem godt ut tyder ikkje at alt er fryd og gaman. Det er heilt uakseptabelt at norske næringsaktørar driv med ulovlegheiter. I kampen mot UUU-fiske rettar vi med andre ord innsatsen både mot farvatn utanfor norsk jurisdiksjon og mot heimlege farvatn. Her er det sjølvsagt ein samanheng. Og la meg vere heilt tydeleg: Skal fiskeri- og kystministeren og eg kunne reise verda rundt med ein bodskap om at vi må få internasjonal orden på fiskeria, må vi vere sikre på at vi alle skikkar oss vel på heimebane. Elles kan vi kome til å misse truverd.

Det andre utgangspunktet for Fiskeri- og kystdepartementet er at sporing sjølvsagt også er ein viktig reiskap for å sikre at matvarer som kan innebere helsefare raskt kan trekkast tilbake frå marknaden.

Næringa har sjølvsagt ei eiga interesse i å dokumentere at ein berre driv omsetning av lovlege varer.

Vidare har næringa gjennom matlova visse krav om sporing basert på behovet for å kunne trekkje tilbake fisk frå marknaden. Effektive sporingssystem vil også redusere næringa sine kostnader om varer må trekkjast tilbake frå marknaden.

I tillegg opnar bruken av sporingssystem for å hente ut andre gevinstar i økonomi- og konkurransesamanheng.

Bedriftene kan optimalisere verdikjeda si. God og målretta sporing synleggjer produksjonsprosessen og viser forbetringspunkt.

Ei anna sak for næringa er at det trengst sporing for å kunne nytte alle typar merkeordningar. Ved god merking kan næringsaktørane oppnå høgre pris på produkta sine. Fleire og fleire marknader spør etter meir omfattande sporing. Til dømes hadde vi i departementet i fjor haust besøk av ei japansk TV-gruppe. Dei reiste rundt i Norge for å sjå på sporingsarbeidet som vert gjort i ulike bedrifter. I Japan står sporing av fisk høgt på dagsordenen.

Eg vil nemne at også EU-kommisjonen og EU-parlamentet har varsla at sporing skal prioriterast høgt i tida som kjem.

Harmonisering av sporingssystem
Departementets rolle i arbeidet med sporing har hittil vore å legge til rette for ein dialog mellom dei aktørane som er opptekne av dette. Slik ønskjer vi å medverke til framdrift i arbeidet.

Vi har særleg vore opptekne av å sikre at det ikkje vert utvikla ”ulike sporingsspråk”. For å få på plass eit system med sporing i heile verdikjeda er det viktig at systema ”snakkar” med kvarandre – altså at dei kan foreinast i ein standardsamanheng.

Styresmaktene og næringsorganisasjonane må medverke til dette i lag.

Salslaga må spele ei vesentleg rolle. Norges Sildesalgslag er ein svært viktig og ansvarleg aktør både i oppgåvene knytt til førstehandsomsetninga og i arbeidet med ressurskontroll.

I tillegg til at fiskerinæringa får til sporing av sine varer, er det viktig at arbeidet vert harmonisert med anna arbeid på sporingsområdet i Norge.

SINTEF og Fiskeriforsking har lenge arbeidd med å utvikle standardar for sporing av fisk og ligg langt framme internasjonalt.

I tillegg til at fiskeribransjen sine system snakkar med kvarandre, er det også ein fordel at dei andre matkjedene snakkar same språk. Det er også viktig for fiskeribedriftene. Vi kan sjå på eit eksempel:

Ei bedrift produserer fiskebollar. Dersom det ferdige produktet skal kunne sporast tilbake, er det ikkje nok at produsenten veit kvar fisken kjem frå. Dei andre innsatsfaktorane, for eksempel mjøl og tilsettingsstoff, må også kunne sporast.

For å sikre at dette vert muleg, er Fiskeri- og kystdepartementet med i E-sporingsprosjektet.

Prosjektet starta i regi av Landbruks- og matdepartementet. Målet er å kartleggje korleis vi best kan byggje opp system som sikrar sporing av mat og tilfredsstillande utveksling av informasjon i matkjeda.

I Fiskeri- og kystdepartementet er vi opptekne av å få til ein brei representasjon frå fiskerisida i prosjektet og vi har av den grunn nemnt opp ei styringsgruppe. Styringsgruppa vil få ansvar for å følgje opp pilotprosjekt, følgje opp støtteprosjekt om grunndataregister og å foreslå eventuelle nye tiltak.

Regelverket
I lovverket har matlova heimel til å påby sporing. Dette gjeld berre krav om sporing eit ledd fram og eitt ledd tilbake i verdikjeda. Dette er ikkje nok til å sikre full verdikjedesporing.

Verdikjedesporing krev at ein skal kunne hente fram informasjon om eit sluttprodukt der alle omdanningane produktet har vore igjennom, er registrert. Sporingsheimelen for fisk i matlova er knytt til mattrygg¬leik, ikkje til om fisken er lovleg fanga eller ei.

I Fiskeri- og kystdepartementet arbeider vi no med ei ny havressurs¬lov. Der vil vi foreslå ein heimel for å påby sporing av fisk som del av ein styrka ressurskontroll.

Bakgrunnen for dette er vanskane med å kome UUU-fisket til livs. Det ulovlege fisket i Barentshavet har vist oss kor omfattande og saman¬sette desse problema er. Aktørane er utspekulerte og ressurssterke og gjer mykje for å skjule dei ulovlege aktivitetane. Å kunne sikre at omsett fisk er lovleg fanga vert svært viktig i kampen mot UUU-fisket.

Dette er høgt prioritert i departementet og regjeringa er svært oppteken av å vinne bukt med det ulovlege fisket.

Med heimel i havressurslova kan sporing gjerast obligatorisk slik at aktørane sjølve ikkje kan avgjere om dei vil bruke sporing eller ei.
Vi reknar med at Stortinget skal få framlegget til havressurslov hausten 2007.

Arbeidet med sporing framover
På forskingssida har det vore arbeidd med sporing ei tid. Det starta i stor skala med det EU-finansierte prosjektet Tracefish, der Fiskeri¬forsking og SINTEF har spelt ein viktig rolle.

Det er også tydeleg at den norske fiskerinæringa har teke eit stort felles løft for å kome i gang med sporingsarbeidet.

Norges Sildesalgslag har spelt ein viktig rolle som pådrivar for utvikling av sporing. Før finansieringa av pilotprosjekta var avklart, var sildesalslaget i gang med å utvikle av ein standard for sporing i pelagisk sektor. De er i gang og de ligg i forkant. Det arbeidet de er ansvarlege for innanfor pelagisk sektor vil kunne danne mønster for sporingsarbeidet i Norge.

På styresmaktene si side vil Fiskeridirektoratet ha ein sentrale rolle i sporingsarbeidet. Direktoratet er ein naturleg samarbeidspartnar for salslaga. Direktoratet får også oppgåver knytt til krava frå Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) om dokumentasjon når fisk skal landast. I oppfølginga av det nye hamnestatsregimet vil NEAFC sjå nærare på sporingsspørsmålet.

Å innføre sporingssystem vil krevje mykje av næringa, ikkje minst vert salslaga sin rolle avgjerande. Mykje av informasjonen som trengst finst allereie i næringa og forvaltninga. Det er likevel ein omfattande prosess å få informasjonen til å følgje fisken gjennom heile verdikjeda.

Frå styresmaktene si side vil vi gjere det vi kan for å støtte næringa i den første fasen. Det er viktig for oss at prøveprosjekta kjem i gang så fort råd er. Teknologien er der, men det krev vilje og innsats å få dette til å fungere i praksis. Først når vi ser korleis prosjekta formar seg kan vi meine noko om kor krevjande det vert å få dette til i større skala.

Vi veit vi kan få til gode løysingar i samarbeid med sildesalslaget og dei andre salslaga. De har den kunnskapen, erfaringa og innsikta som vi må ha med for å lukkast.