Historisk arkiv

Foredrag på Nordland Fylkes Fiskarlags årsmøte 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

På Nordland Fylkes Fiskarlag sitt årsmøte i Bodø gjorde gjorde statssekretær Vidar Ulriksen greie for regjeringas fiskeripolitikk. - Den politikken vi fører, tek vare på både dei bedriftsøkonomiske og dei samfunnsmessige omsyna. Fiskeripolitikken vår er god miljøforvaltning og god ressursforvaltning. Det handlar om ein ansvarleg og balansert marin politikk.

Statssekretær Vidar Ulriksen, Bodø, 27. september 2007 

 

Kjære forsamling,

Eg er bedt om å seie nokre ord om regjeringas fiskeripolitikk.
I tråd med tidlegare praksis vil eg ikkje gå inn på ressursfordelingspørsmål mellom flåtegrupper før etter at landsmøtet i Noregs Fiskarlag har fått uttale seg om dette temaet.

Fiskeripolitikk er i dag eit tema som både interesserer og vedkjem heile kysten og resten av landet, ikkje berre fiskarane. Fiskeripolitikk er heller ikkje berre ei nasjonal sak. Over 90 % av det norske fisket føregår på bestandar vi deler med andre land, og vi eksporterer over 95 % av fisken. Internasjonal forvaltning og handelsspørsmål er difor også ein del av fiskeripolitikken.

Fiskeripolitikken dreiar seg ikkje berre om sjølve fisket. Fiskeriforvaltninga har lenge vore basert på forsking og knytt til miljøspørsmål. Miljøspørsmåla får stadig større innverknad, både nasjonalt og internasjonalt.

Fiskeripolitikk er difor ikkje lenger berre summen av Fiskeri- og kystdepartementet sine reguleringsvedtak, men summen av ei lang rekkje prosessar – nasjonalt og internasjonalt, der fiskerispørsmål står meir eller mindre sentralt.

Men det er likevel slik at det er regjeringa som handlar og tek avgjerder, og desse handlingane og avgjerdene er uttrykk for ein samla fiskeripolitikk. Regjeringa styrer på grunnlag av Soria Moria-erklæringa, og har ført ein konsistent og føreseieleg politikk på grunnlag av denne erklæringa.

Kongekrabbe

Regjeringa la fredag 14. september fram stortingsmeldinga om forvaltning av kongekrabbe. I meldinga vert det varsla ulike grep som skal takast i forvaltninga av kongekrabben.

Det overordna målet til regjeringa er så langt råd er å avgrense ei vidare spreiing av kongekrabbe i norske havområde, og sikre ein lågast muleg bestand av kongekrabbe utanfor det kommersielle fangstområdet. Det er òg eit mål for regjeringa å regulere bestanden av kongekrabbe innanfor det kommersielle fangstområdet slik at det legg grunnlag for næringsaktivitet og sysselsetjing.
Mange har vore opptekne av kven som får ta del i den kommersielle fangsten. Alle som i dag kan delta, skal framleis få delta, anten dei kjem frå Finnmark, Troms, Nordland eller andre stader i landet. Det nye når det gjeld deltaking er at det skal vere fri adgang til å delta i kongekrabbefangsten for fartøy under 11 meter frå Aust-Finnmark.

Det skal lagast ein eigen lovheimel for å innføre ein særskild adgang for desse lokale fartøya – ein lokaladgang.

Arbeidsgruppa som vinteren 2005/2006 evaluerte kongekrabbeforvaltninga foreslo bl.a. å tildele nye deltakeradganger kvart år basert på løpande deltakerkriteriar, i staden for ein ”automatisk” fornying av tidlegare deltakeradganger. Ei slik ordning skulle tene som ein kombinasjon av årlige kvalifiseringskrav og aktivitetskrav, for å gi ein kontinuerlig samanheng mellom bifangstproblema i torske- og rognkjeksfisket og deltakeradgang for fangst av kongekrabbe.

I lys av arbeidet med stortingsmeldinga om forvaltning av kongekrabbe  valde ein ikkje å gjennomføre slike endringar i deltakerreguleringa i 2006 og 2007.

Forslaget er behandla i stortingsmeldinga kapittel 9.1. Konklusjonen er at ei slik løysing ville resultert i ein stor utskifting av kven som kunne delta i fangsten frå år til år. Forslaget ville gjort deltaking i fisket mindre forutsigbart for fiskarane.
I enkelte kyst- og fjordområde kunne det også blitt vanskelig å oppfylle eventuelle aktivitetskrav knytt til torske- og rognkjeksfisket, på grunn av plaga med kongekrabbe som bifangst.

Ut frå det vi veit no, vil i alt rundt 500 fartøy med gamle og nye deltakarar kunne delta i fangsten. Dette vil sjølvsagt gje mindre kvotar for det enkelte fartøy som allt er med i fangsten, men vil truleg likevel auke legitimiteten til reguleringane.

På denne måten kan dei som er mest ramma av plagene som følgjer med kongekrabben óg få ta del i fangsten.
Grensa for å få lokaladgang er sett såpass lågt som 11 meter då det er dei minste og minst mobile fartøya frå området som har færrast driftsalternativ.
Enkelt har hevda at dette er regonalisering av fisket, det kan eg ikkje sjå. 
Det er meir snakk om å ta på alvor at dei som har størst plage med kongekrabben i forhold til å drive anna fiske skal få førsterett til å hauste av denne resursen. Vi legg også opp til at dei som har fiske som hovedinntekt skal få fiske dobbelt så mykje som dei som også har inntekt frå anna enn fiske.
Begge delar er etter mitt syn eit utrykk for rettferdig fordeling.

NOx-avgift

NOx-avgifta vart ikkje innført for å fylle statskassa. Ho vart heller ikkje innført for å skattleggje fiskerinæringa eller andre sektorar. Ho vart innført for å få redusert ei alvorleg forureining.

Gjennom Gøteborg-protokollen frå 1999 forplikta Norge seg til å sleppe ut maksimalt 156 000 tonn NOx i 2010.

Det betyr at utsleppa må ned.

Styresmaktene si tilnærming har vore at vi skal gjennomføre dei tiltak som er nødvendige for å nå dette målet – men til lågast muleg kostnad for samfunnet og for dei næringsdrivande.
Samstundes med at avgifta vart innført frå årsskiftet, vart det derfor opna for å frita for avgifta, dersom det kjem på plass ein forpliktande avtale om utsleppsreduksjonar mellom staten og næringslivet.

Eg forstår at de er utolmodige med tanke på framdrifta i arbeidet med ein miljøavtale. Det er mange spørsmål som må avklarast, eg trur vi snart finn fram til løysingar som er tenlege for alle partar.

Det viktigaste – ikkje berre for staten, men for miljøet og for oss alle – er at vi finn ordningar som sikrar at utsleppa faktisk blir reduserte. Ikkje at det vert betalt ei avgift til staten.

Strukturordningar for fiskeflåten

Som de alle veit, har vi lagt fram ei stortingsmelding om strukturpolitikk for fiskeflåten. Meldinga byggjer i store trekk på den strukturpolitikken det var tverrpolitisk einigheit om, fram til 2003. Dei nye ordningane er ei fornuftig og balansert vidareutvikling av denne politikken, og tek omsyn til både dei bedriftsøkonomiske og samfunnspolitiske dimensjonane. Dette er heilt i tråd med Soria Moria-erklæringa og regjeringas fiskeripolitiske mål.

Gjennom arbeidet med strukturverkemidla har vi utvida strukturkvoteordninga for kystflåten nedover til 11 meters heimelslengde, 13 meter i notfisket etter makrell. Med det har vi løfta strukturarbeidet eit hakk vidare. Når vi sette grensa til 11 meter, så var det etter eit klart råd frå strukturutvalet. Det er kanskje nokre fartøyeigarar i gruppa mellom 10 og 11 meter som hadde håpa at grensa skulle bli lågare, men vi vil arbeide for at dei minste kystfiskebåtane skal få eit godt grunnlag for drifta si gjennom andre verkemiddel enn strukturkvotar.

Hovudtrekka i ordninga er klare for både dei nye og gamle gruppene, sjølv om vi har enkelte spørsmål som enno ikkje har funne si endelege løysing. Eg tenkjer her blant anna på dei reguleringsmessige spørsmåla knytt til overregulering, faktisk lengde og gruppeinndeling. Desse jobbar vi vidare med, og vi tek sikte på ei avklaring i god tid før årsskiftet. Eg både håpar og trur at de i Nordland Fylkes Fiskarlag kan bidra med råd og gode innspel, og eg vil lytte til drøftingane her på årsmøtet.

Det sentrale poenget i strukturordningane er å gi næringa gode rammevilkår og mulegheiter til å utvikle seg, samtidig som vi når dei fiskeripolitiske måla våre. Altså  lønsame arbeidsplassar, busetjing og sysselsetjing langs heile kysten – både på sjø og på land.

Sameksistens mellom olje og fisk

Heilt frå ei arbeidsgruppe, leia av tidlegare havrettsminister Jens Evensen, gjorde dei første førebuingane til norsk petroleumsverksemd, har det vore teke omsyn til dei levande marine ressursane og det marine miljøet. Politisk har det alltid vore lagt vekt på forholdet til fiskeria.

Men for fiskaren som tradisjonelt har rådd grunnen åleine, kan nok til tider oljenæringa verke som ein inntrengar som øydelegg for fiskeria. Talet på seismiske undersøkingar på norsk sokkel har økt vesentleg. 
Uro rundt skyting av seismikk på fiskefelta utanfor Andøya i sommar, og rapportar frå fiskarar i Nordsjøen om auka konfliktnivå på fiskefelta, kan tyde på at det trengst ein ny gjennomgang av prosessane knytt til korleis seismikkskyting skal handterast i forhold til fiskeria.

For å bøte på desse forholda er det sett i gang arbeid for så langt råd er å unngå framtidige konfliktar. Mellom anna har det nyleg vore halde eit møte mellom Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet, og det er avtalt å oppnemne ei arbeidsgruppe som skal møtast 5. oktober for å vurdere totaliteten omkring seismikkskyting, bl.a. rutinane for varsling og høyring, og avdekkje opplæringsbehov.  Gruppa skal òg sjå på rolla til dei fiskerikunnige i prosessen.

Samstundes er desse problema òg med i drøftingane i den såkalla sameksistensgruppa. Her møtest fiskeri-, miljø- og oljemyndigheitene og representantar for forsking, Norges Fiskarlag og Oljeindustrien Landsforening. Dei skal mellom anna samordne vilkåra for oljeverksemda i Nordsjøen og Norskehavet. Det bør òg nemnast at når det gjeld seismikkskyting utanfor Vesterålen i Nordland VII og i Troms II, så er dette ei oppgåve Stortinget har pålagt Oljedirektoratet å gjennomføre i samråd med Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet og Fiskarlaget for å finne tider der seismikkskytinga er til minst skade for fiskeria.

Dei store installasjonane til havs legg også restriksjonar på fiskeria. Det kan nok sjå ut som om plattformer og røyrleidningar snart dekkjer heile Nordsjøen om utbygginga vert framstilt på eit kart i liten målestokk. Det er likevel store sjøområde igjen mellom installasjonane. 

Norske myndigheiter har stilt krav om at det skal kunne trålast over alle undervassinstallasjonar og røyrleidningar.  Likevel er det vel ofte slik at trålarane held seg unna av frykt for å få bruket øydelagt.

Fiskerimyndigheitene er også tungt inne i prosessane før utlysing av nye oljeblokker. Då vert det sjølvsagt teke omsyn til fiskeriaktivitet og til ressursane. I tilknyting til utlysing i konsesjonsrundane, og i tildelingane i førehandsdefinerte område  (TFO), er det utarbeidd særskilte miljø- og fiskerivilkår. Vilkåra er knytte til dei enkelte blokkene eller delar av blokkene som vert utlyste. Nokre område er særleg problematiske.  Dette gjeld til dømes Møre-blokkene der vi har hovudgyteområde for sild og det er stor fiskeaktivitet.
Dei vart derfor på tross av oljeindustriens sterke ynske ikkje med i den 19. konsesjonsrunden.

Den nemnde sameksistensgruppa går no igjennom alle vilkåra for petroleumsverksemd i Nordsjøen og Norskehavet. Planen er at gruppa skal leggje fram ein rapport ein gong i haust.

Ei tidlegare sameksistensgruppe for olje - fisk-problematikk leia av Olje- og energidepartementet, der fiskerisida og oljesida var representerte, la i juni 2003 fram ein rapport om petroleumsverksemd i nord. Rapporten foreslo å innføre totalt forbod mot utslepp av mellom anna produsert vatn i Barentshavet. Forbodet vart seinare stadfesta i ei stortingsmelding frå Olje- og energidepartementet.

Dialog mellom dei ulike interessentane er viktig. Når dei enkelte aktørane skjønar og aksepterer at både hausting av dei levande ressursane og opphenting av oljerikdomen frå havbotnen er viktige for nasjonen, kan det førast ein god dialog. I denne samanhengen må vi hugse at når oljen ein gong tar slutt så skal vi halde fram med å fiske – i all framtid.

Forvaltningsplanar for norske havområde

Regjeringa har i St.meld. nr. 8 (2005 – 2006) om ei ”helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten” tatt eit første steg for å kunne systematisere dei prosessane som må liggje til grunn for ei heilheitleg forvaltning av det enkelte økosystemet.

Denne planen, som vart lagt fram for Stortinget våren 2006, har mellom anna kartfesta særleg verdfulle område, område der det ikkje skal opnast for petroleumsverksemd og det er etablert seglingsruter for skipstrafikken, slik at oljetankarane må gå lenger frå land.
Planen tar omsyn både til fiskeria og til fiskeressursane.

I oppfølginga av planen er det mellom anna oppretta ei overvakingsgruppe som skal koordinere og systematisere overvakinga i Barentshavet. Overvaking med innsamling av data om dei enkelte komponentane i økosystemet er ei stor utfordring, både for forskarane som utfører oppgåva, og for dei som skal skaffe midlar til slike langsiktige oppgåver.

Hausten for eitt år sidan sette regjeringa i gang arbeidet med ein forvaltningsplan for Norskehavet. Planen skal leggjast fram som ei melding til Stortinget våren 2009. Mange har sagt at det er sett stramme tidsfristar for arbeidet med forvaltningsplanen for Norskehavet.  Men med erfaringane frå arbeidet med planen for Barentshavet i minne, reknar vi med å komme i mål innan fristen.

Fleire av underlagsrapportane frå Barentshavet kan nyttast på ny med små endringar. Det meste av dei aktuelle områda for petroleumsverksemd i Norskehavet er allereie opna med grunnlag i omfattande konsekvensutgreiingar.  Ein vil såleis neppe oppleve dei same sterke motstridande synspunkta som ein gjorde lenger nord.

Endring i vandringsmønsteret for nvg-sild

Det var ein milepel i norsk resursforvalning når vi i januar fekk på plass ein avtale om fordelinga av norsk vårgytande sild mellom kyststatane Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island.

Vandringsmønsteret til silda er i endring. Dei siste åra har ein større del av nvg-silda vorte fiska utanfor Vestfjord-systemet, samanlikna med tidlegare år. Vandringsmønsteret for nvg-sild i tida framover er usikkert og uvisst og til sist overlate til naturen sjølv. Det er derfor av veldig stor betydning at vi no har på plass ein kyststatsavtale om fordelinga.

Det var mange meiningar om grenselinja i Vestfjorden som vart innførd i fjor haust. Etter nokre justeringar vedtok departementet ei regulering for første halvår etter forslag frå Norges Fiskarlag. Fiskarlaget har hatt ei arbeidsgruppe i sving for å kome med forslag til reguleringstiltak knytt til grenselinja i Vestfjorden i fisket etter nvg-sild. Arbeidsgruppa si innstilling har no vore på høyring i medlemslaga, og eg ser fram til den endelege innstillinga frå organisasjonen med forslag til reguleringane no i haust.

Forholdet til Russland - ressurskontroll

Arbeidet for å få stansa det ulovlege, uregistrerte og uregulerte fisket etter torsk og hyse i Barentshavet har vore ei av dei viktigaste oppgåvene for denne regjeringa. Eg kan forsikre om at det er lagt mykje arbeid i dette. Saka er tatt opp på politisk nivå av statsministeren, utanriksministeren, justisministeren og ikkje minst av fiskeri- og kystministeren ved alle relevante bilaterale møte. I tillegg har vi sjølvsagt styrka Kystvakta, Fiskeridirektoratet og vårt eige departement sitt arbeid i denne krevjande saka.

Vi har lange tradisjonar for å samarbeide med Russland om forvaltninga av dei delte bestandane i Barentshavet og Norskehavet. I august markerte Havforskningsinstituttet og Pinro 50 års forsningssamarbeid , men samarbeidet på forskningssida er egentlig mykje lenger.

Johan Hjort og Fridtjof Nansen drøfta marin vitenskap  og forskningsutstyr  Nikolai Mikhailovich Knipovich for meir enn hundre år sidan.
Professor Knipovich kom til Norge på jomfruturen til verdens første spesialutrusta fartøy for fiskeriforskning; “Andreij Pervozvonnyj”. Fartøyet var bygd for utvide fiskeriundersøkelsane som Knipovich alt hadde starta i Barentshavet. Det kollegiale vennskapet mellom Knipovich og Hjort varte livet ut.

Men tilbake til dagens situsjon.

Innanfor rammene av den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har vi eit etablert forum for å drøfte og avgjere viktige spørsmål.

Spørsmålet om ressurskontroll har dei seinare åra vorte stadig viktigare. Kommisjonen har derfor gjort ei rad vedtak for å betre arbeidet mot overfisket. I denne samanhengen er det sett ned fleire underutval og arbeidsgrupper for å sjå på felles kontrolltiltak.

Heldigvis ser det ut til at dette arbeidet, saman med det nye regimet for hamnestatskontroll i den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen, no gjev resultat. Frå 2005 til 2006 gjekk overfisket av torsk ned med 23%, medan talet for hyse var 55%. Det er og verd å merke seg at denne nedgangen skjedde i siste halvdel av 2006, og at det er ein nedgang i forhold til ein russiske kvote som var mindre i 2006 enn i 2005. Rapportar frå fiskeaktiviteten i Barentshavet og frå den europeiske marknaden tyder på at nedgangen held fram. Vi skal vere klar over at eit slik resultat har stor samfunnsøkonomisk verdi: Nedgangen i overfisket for torsk åleine frå 2005 til 2006 tilsvarar fisk for om lag 400 millionar kroner.

Blant dei nye tiltaka vi no arbeider med, er ei gjensidig utveksling av svartelister mellom dei ulike regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane og eit globalt regime for hamnestatskontroll.

I  heimlege farvatn utviklar vi elektronisk rapportering og overvaking som vil gjere kontrollen billegare og enklare for fiskarane, og meir effektiv. I tillegg skal vi utvikle eit system for sporing av fisk og fiskeprodukt, slik at alle fiskeprodukt skal følgast av dokumentasjon på at dei er laga av råvarer/råstoff som er lovleg fanga og omsett, slik at det skal bli svært vanskeleg å få seld svartfisk.

Til slutt: Norsk fiskerinæring står i ein gunstig posisjon. Kjøpesterke forbrukarar ønskjer seg i aukande grad mat frå sjøen.

Norsk sjømat vert i dag eksportert til nesten 150 land.

Forbrukarane knyter det norske opphavet til kvalitet. Det er avgjerande at vi tek vare på dette kvalitetsstempelet, og lever opp til vårt rykte både ute og heime.

Eg har nemnt ein del tiltak vi arbeider med.

I tillegg til dette skal vi i forslaget til ny havressurslov, som regjeringa vil leggje fram, igjen vise følgjande:

Den politikken vi fører, tek vare på både dei bedriftsøkonomiske og dei samfunnsmessige omsyna. Fiskeripolitikken vår er god miljøforvaltning og god ressursforvaltning. Det handlar om ein ansvarleg og balansert marin politikk.

Den viktigaste føresetnaden for ei lønnsam fiskerinæring er rett og slett at vi har fiskebestandar å hauste av – i all framtid.
Det daglege reguleringsarbeidet, kampen mot ulovleg, uregistrert og uregulert fiske, arbeidet med klimatiltak og mange andre oppgåver, er det ein samanheng i.