Historisk arkiv

Forventningar til blågrønt samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på Biomarint industriseminar 2007, Bergen 4. desember 2007.

Statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet

Biomarint industriseminar 2007, Bergen 4. desember 2007

Gode forsamling

Mykje av velferda vår er henta frå havet. I visjonen til Fiskeri- og kystdepartementet seier vi at vi også i framtida må konsentrere oss om det marine: ”Verdiar frå havet - Norges framtid”. Forsking er nødvendig for nyskaping og innovasjon i dei marine næringane, og for ei framtidsretta forvaltning av dei store marine ressursane vi rår over. Difor kjem vi til å satse sterkt på ei fokusert og målretta forsking over eit breitt felt frå marin miljøkvalitet og klimaendringar til sunn og næringsrik mat for verdas befolkning.  Fiskeri- og kystdepartementet investerer årleg meir enn ein milliard kroner på forsking, og vi ser at det er ei rekkje uløyste problem som treng ei auka innsats.

Vi har også sett at forsking og kunnskapsbasert forvaltning er eit konkurransefortrinn. Ei god forvaltinga av havbruksproduksjonen vår har dei siste åra spart oss for dei store tapa på grunn av lakselus og sjukdom, som vår største konkurrent Chile no har fått erfare. Vi skal framleis utvikle forvaltninga vår slik at vi sikrar ei berekraftig hausting av ressursar og ein havbruksproduksjon som skjer utan store negative miljøverknader.

I Fiskeri- og kystdepartementet er vi sikre på at ei deling av forskinga i ei  næringsretta og ei forvaltningsretta lei vil vere ein fordel for norsk fiskeri- og havbruksnæring i framtida. Vi er òg sikre på at eit samarbeid mellom blå og grøn sektor vil heve kvaliteten på forsking og produkt i begge sektorane. Vi legg til grunn at både næringane og forskningsmiljøa i disse sektorane har stort potensiale for å lære av og å utvikle kvarandre.

Fiskeri- og kystdepartementet eig nær 57% av aksjane i NOFIMA. NOFIMA skal vere det viktigaste leddet i satsinga vår på næringsretta forsking. NOFIMA er ei samanslåing av dei store og gode forskingsinstitusjonane  Matforsk, Akvaforsk, Fiskeriforsking, Norconserv og med enkelte mindre delar av dei forvaltningsretta forskingsinstitusjonane NIFES, Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet i eit forskingskonsern med hovudsete i Tromsø. Dette selskapet skal gje meir og betre forsking enn dei individuelle institusjonane gjorde kvar for seg for same mengde pengar. Det er ein føresetnad for omorganiseringa.

NOFIMA skal ha dotterselskap i Tromsø, Ås og Bergen.  Oppbygging av konsernleiinga i Tromsø er godt i gang. Det er tilsett konsersjef og kommunikasjonsdirektør. Søknadsfrister for stillinger som kommersiell direktør, direktør for forretningsområdet ” Akvkultur og marint råstoff”, og direktør for dotterselskapet i Tromsø er gått ut og prosesser med tilsetjingar er godt i gang. Vi vil her ha eit funksjonelt selskap danna ut frå Fiskeriforsking og Akvaforsk som planlagd 1 januar 2008. Dette selskapet vil med rette kunne leve opp til slagordet ”frå fjord til bord”.

Departementet kjem til å vera ein aktiv eigar og vil medverke til at NOFIMA lever opp til forventningane.

NOFIMA skal organiserast i 4 forretningsområde med mellombelse namn:

  • Akvakultur og marint råstoff
  • Foredling og distribusjon
  • Ingrediensar
  • Økonomi , strategi og marknad

På fleire av desse områda har NOFIMA allereie ein solid fagleg posisjon. Dette gjeld kanskje særskilt på område som havbruk og foredling. Også her ventar vi at synergiane skal gje faglege løft.

Andre områder er kanskje ikkje like godt etablerte, og på desse områda vil utfordringane i å nå dei ambisjonane NOFIMA har vere større.
 
Fiskeri- og kystdepartementet er nøgd med dei store ambisjonane til NOFIMA.  Måla fram mot 2011 seier at NOFIMA skal:

  • Vere blant dei tre beste i verda innan faglege hovudområde
  • Vekse med meir enn 10% per år på oppdragssida
  • Ha eit aukande internasjonal fokus
  • Ha ei balansert finansiering med 1/3 i langsiktig forskingsfinansiering, 1/3 i konkurranseutsett finansiering får offentlege organ og 1/3 frå industrioppdrag
  • Rette 30% av arbeidet  mot små og mellomstore verksemder
  • Sikre at 50% av arbeidet er kompetansebyggande og publiseringsverdig  forsking

Desse måla samsvarer med dei forventningane vi har, men vi veit også at det krevst eit solid arbeid, ikkje berre frå konsernsjef Ørjan Olsvik, men får kvar og ein i heile konsernet om ein skal nå fram.

Forslaget eg fekk til foredragstittel her i Bergen i dag er ”Forventningar til blågrønt samarbeid”. Men eg anar ei forventning om at eg skal seie noko om kva som skal skje med dottera i Bergen.

Eg forstår at tilsette i dei institusjonane som er omfatta av NOFIMA er usikre og utålmodige etter kva som skal skje og kva deira posisjonar i det nye selskapet skal vere. Det har gått 3 år sidan Bergesenutvalet la fram si innstilling. Det kan sjå ut som ei lang tid, men det har og vore ein komplisert prosess med svært mange aktørar og nesten like mange meiningar om korleis dette best skulle gjennomførast. Det er no klart at NOFIMA som forskingskonsern skal vere operativt frå 1.1.2008. Det nye instituttet vil ha om lag 400 tilsette på etableringstidspunktet. Hovudkontoret vil ligge i Tromsø.

I tillegg har regjeringa vedtek å etablere dotterselskap i Bergen, Ås og Tromsø, men departementet legg opp til at NOFIMA sjølv skal ha ansvaret for å organisere forskingsaktiviteten. I det ligg det også ansvar for å fordele oppgåvene mellom dotterselskapa slik at dei alle får ein størrelse og styrke som gjer dei til attraktive og konkurransedyktige aktørar.

NOFIMA sitt dotterselskap i Bergen vil byggast rundt avdelinga til Fiskeriforsking i Bergen. NOFIMA sitt dotterselskap i Bergen vil få ei sentral og styrande rolle innan forretningsområdet ”ingrediensar” - der aktiviteten i første rekkje vil vere konsentrert kring ingrediensar av marint opphav og særleg ingrediensar i bruk i fôr til oppdrettsfisk. Det inneber i så fall ei vidareføring og styrking av det arbeidet SSF og seinare Fiskeriforsking har gjort i Bergen.

Ei utfordring, slik eg ser det, er at dotterselskapet i Bergen må få ein størrelse og kompetanse ut over det vi i dag finn i Fiskeriforsking si avdeling i Bergen om ein skal få ei like livskraftig dotter som i Tromsø og på Ås. Vi er no på slutten av arbeidet med å fordele oppgåver og ansvar mellom NOFIMA og dei forvaltningsretta institutta, men det synest å vere liten ekstra kompetanse å hente knytt til ingrediensar i dei forvaltningsretta institutta ut over det dei sjølve treng for å kunne gje forvaltningsråd knytt til bruk av GMO, trygg og sunn mat og hausting av marine ressursar.   Kompetansen innan forretningsområdet ingrediensar til fôr har i første rekkje vore forankra i dei institutta som vil utgjere basen i NOFIMA – Fiskeriforsking og Akvaforsk.

Eg er overtydd om at ei satsing på ingrediensar er framtidsretta og eit rett strategisk val. Berre innan området ingrediensar til fiskefôr har ein store utfordringar. Fiskeri- og kystdepartementet har lagd ein prognose som viser at vi kan doble havbruksproduksjonen dei neste ti åra og kanskje auke produksjonen av oppdrettsfisk til 5-6 millionar tonn i løpet av 50 år.

Vi har ikkje dei fôringrediensane som trengst til denne produksjonsauken. Her er det store og uløyste oppgåver knytt til å utvikle både nye protein- og feittkjelder. Norsk oppdettsfisk skal vere sunn fisk som inneheld naturlege mengder marine omega-3 feittsyrer. På verdsmarknaden er det berre tilgjengeleg litt over ein million tonn marint feitt. Av dette vert 70-80% allereie i dag brukt til fiskefôr, samtidig som marint feitt i stadig større grad også vert nytta som kosttilskott til menneske. Det trengst difor ein solid forskingsinnsats for å

  • finne nye kjelder for marint feitt knytt til unytta ressursar
  • sikre ei god utnytting av biprodukt til produksjon av marint feitt
  • utvikle metodar for å produsere marint feitt gjennom bioteknologiske prosessar.

Også når det gjeld protein må det utviklast alternativ til fiskemjøl. Her vil nok utgangspunktet i større grad vere vegetabilske kjelder som må prosesserast og behandlast slik at dei dekkjer fisken sine behov og samstundes ikkje inneheld stoff som er skadelege for fisken eller som hindrar at fisken kan utnytte proteinet.

Det er mykje diskusjon om biodrivstoff. Dette vil også påverke ingrediensindustrien og gje nye utfordringar for NOFIMA. Bio-etanol vert framstilt gjennom fermentering, og protein vert eit biprodukt. Det vil vere ei utfordring å kunne nytte dette i fôr. Bio-diesel vil ta utgangspunkt i oljar. Her får vi ein konkurrent om knappe råvarer.

Dei oppgåvene eg har tatt fram no er kjende problemstillingar for NOFIMA, og oppgåver dei allereie i dag har fokus på. Dei ligg også nye og spanande oppgåver knytt til å kunne nytte marint råstoff som nye ingrediensar i mat til menneske, i fôr eller i industrielle prosesser. Her er det ikkje mi oppgåve å foreslå mulegheiter eller løysingar. Det er NOFIMA si oppgåve å komme med idear og å realisere desse gjennom gode forskingsprosjekt som leier til patent og industrielle prosessar. Greier NOFIMA si dotter i Bergen å fylle denne rolla vil vekst og  suksess følgje som resultat.

I Fiskeri- og kystdepartementet ventar vi oss ikkje noko mindre enn det.