Historisk arkiv

NIFES sitt 60-års jubileum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si tale ved opninga av NIFES sitt 60-års jubileum

Tale ved opninga av NIFES sitt 60-års jubileum 28.11.07

Statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking markerer i dag 60-års jubiléet sitt. Gratulerer med dagen!  Eg skal også helse så mykje frå statsråden og frå resten av Fiskeri- og kystdepartementet.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking - eller NIFES som vi kallar instituttet til dagleg - er berre eitt år yngre enn departementet sjølv. Departementet hadde som kjent 60-års jubileum i fjor.

NIFES er ein av dei svært viktige medhjelparane til Fiskeri- og kystdepartementet. NIFES hjelper til å realisere Fiskeri- og kystdepartementet sine mål gjennom å drive overvaking og forsking og utvikle analysemetodar innanfor hovudområda ernæring for fisk og trygg og sunn sjømat.  NIFES skal vere, og er, ein truverdig og nøytral kunnskaps- og premissleverandør. Gjennom innsatsen sin hjelper NIFES til med å fremme verdiskapinga av ressursane i havet.

Det er eit hovudmål at NIFES har nødvendig sjølvstende, kapasitet og kompetanse for å gi informasjon og råd om risikofaktorar i sjømat og om dei positive effektane av sjømat i human ernæring. Dette er i tråd med staten sin forbrukarpolitikk på matområdet, og staten sine plikter i følgje miljøinformasjonslova. Det heng også saman med Helse- og omsorgdepartementet sin handlingsplan for betre kosthald i befolkninga (for perioden 2007-2011).

Forutan forvaltningsråd til departementa gir også NIFES kunnskapsstøtte og forvaltningsstøtte til Mattilsynet og andre forvaltningsorgan i arbeidet for å sikre trygg og sunn sjømat.

Starten på det som seinare er blitt NIFES, var eit vedtak i Stortinget 9. juni 1947. Nasjonen hadde behov for å dokumentere vitamin A og vitamin D i tran.  Dette er viktige stoff for helsa vår. Mykje av denne tranen vart eksportert til utlandet, og det var derfor viktig at kvaliteten på analysane heldt eit høgt internasjonalt nivå. Aktiviteten den gongen vart lagd til ei avdeling under Fiskeridirektoratets Kjemisk-Tekninske Forskningsinstitutt.
I 1975 vart avdelinga omorganisert til Fiskeridirektoratets vitamininstitutt, som skifta namn til Fiskeridirektoratets Ernæringsinstitutt i 1983.  I 2003 vart instituttet skilt ut frå Fiskeridirektoratet, blant anna for å skilje risikovurdering og risikohandtering, og vart då Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking, direkte underlagt Fiskeri- og kystdepartementet.

Sidan den gongen har instituttet markert seg ved fleire høve. Dei mest kjende hendingane er knytte til:

  • Artikkelen i det vitskaplege tidsskrifta Science som kom ut i 2004, der amerikanske forskarar sette fram påstandar om at norsk oppdrettslaks var farleg å ete.
  • Vidare har NIFES markert seg gjennom hjelpa til norske matstyresmakter i samanheng med Russlands-saka i 2005/2006 der fersk laks stod i sentrum.
  • No nyleg har instituttet markert seg i samband med eit prosjekt ved Rothaugen skole der ein undersøkjer effekten av å ete feit fisk i 9. klassar, blant anna knytt til konsentrasjonsevna til elevane.

Dei to første eksempla viser klart kor viktig det er at vi har oppdatert vitskapleg basert dokumentasjon om tilstanden til den fisken som blir omsett i marknaden - og det viser også klart kor viktig NIFES er for fiskerinæringa og for fiskerinasjonen Norge. Verda må få sikker informasjon om at sjømat frå Norge er trygg sjømat.

Ein grunnleggjande viktig del av NIFES sitt arbeid er overvakinga av framandstoff både i villfisken og oppdrettsfisken. Dette er ei arbeidskrevjande og utstyrskrevjande oppgåve. Departementet vil at dokumentasjonsnivået med omsyn til framandstoff i fisk skal vere tilfredsstillande for alle relevante formål. Med andre ord - vi set høge krav til oss sjølve når det gjeld å kunne dokumentere tilstanden  for framandstoff i fisken.

Dette er ei prioritert oppgåve for departementet, og vi har lagt oss i selen for å skaffe nødvendige budsjettmidlar for å få til den nødvendige innsatsen her. Og det skal vi halde fram med, for vi har framleis eit stykke veg å gå før vi er der vi bør vere. Samarbeidet med Havforskingsinstituttet for betre utnytting av infrastrukturen som institutta samla rår over og best muleg koordinering og arbeidsdeling i analysearbeidet er også viktig. Vi må sørgje for at vi utnyttar dei samla verkemidla på dette området mest muleg rasjonelt.

Det tredje eksempelet, prosjektet ved Rothaugen skole,  kjem inn på ei anna side ved NIFES sitt arbeid, som er like viktig, nemleg å påvise effektane av sjømat på helsa til folk.

Eg vaks opp og bur i eit lite øysamfunn utafor Florø som heiter Batalden. Det ligg ytst i havgapet utanfor Florø, og eg brukar å seie at dei næraste naboane i vest bur på Shetland. Folk har gjennom generasjonar levd av det som havet kan gi, og sjølvsagt av og på fisk. Eg er sjølv fiskar av yrke og sjølvsagt godt vant når det gjeld kvaliteten på fisk. Heime lærde vi å bli glade i fisk og sjømat i mange forskjellige variantar, og eg vil framleis helst ha fisk til middag dei fleste dagane i veka.

Det er hyggeleg å sjå at forskinga i dag kan bekrefte det vi alltid har trudd, det er sunt å ha mykje sjømat i kosthaldet!

Men, vi treng i endå større grad å få fram den gode bodskapen om sjømat. Ikkje minst gjeld dette overfor den oppveksande slekt.

Den veldige informasjonsstraumen som blir retta mot forbrukarane i dag, og som delvis sprikjer i alle retningar og gjer folk usikre på kva som er sunt kosthald, gjer at vi treng solid vitskapleg basert informasjon om sjømaten sine eigenskapar i kosthaldet.

Sjømat er generelt ei svært god kjelde til protein, vitamin, sporelement og fleirumetta feitt (omega-3 feittsyrer). I tillegg er det fleire ting som tyder på at sjømat også inneheld ei rekkje andre helsefremmande komponentar. NIFES har blant anna gjort forsøk som viser at fiskeprotein reduserer insulinresistens og overvekt, og andre studiar viser at inntak av laks har ein positiv effekt for hjartepasientar.  Sjømat representerer derfor eit naturlig alternativ til ei rekkje helsekostprodukt og pillar. Eg er opptatt av at vi ikkje må erstatte sjømaten med omega-3 tablettar, men heller supplere med tablettar. Følelsen av å vere mett og god får vi aldri ved å ete tablettar, av fisk vert du mett på ein god og behageleg måte.


Arbeidet med å dokumentere og informere om sjømaten sine positive eigenskapar er ei krevjande oppgåve. Det er eit stort behov for at NIFES utviklar seg vidare på dette området. Vi har notert oss med interesse at NIFES er involvert og markerer seg i fleire interessante prosjekt i denne samanhengen. NIFES har ein sentral kompetanse på sjømatområdet og er ein viktig samarbeidspartnar for andre institusjonar. Det er med glede vi i departementet registrerer at instituttet er dyktig og ettertrakta i samarbeidet med andre institusjonar, både nasjonalt og internasjonalt.

I arbeidet med å utvikle seg vidare på dette området er det viktig at instituttet er dyktig til å synleggjere satsingsbehova, ikkje berre overfor Fiskeri- og kystdepartementet men også overfor andre som må yte sitt, for eksempel forskingsrådet.

Med desse orda ønskjer eg lukke til med jubiléet og med den vidare utviklinga av NIFES.