Historisk arkiv

NTP 2010- 2019: kva har planen å seie for sjøtransporten i Bergensregionen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på Logistikkdagen 2007 i Bergen

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på
Logistikkdagen 2007 i Bergen


Vil NTP 2010-2019:

  • Ivareta Bergen og Vestlandsregionens behov for infrastruktur?
  • Ivareta samanhengar mellom veg, bane, sjø og fly?
  • vere ein langsiktig og nytenkande plan som sikrar meir miljøvennleg transport av gods og passasjerar


Gode forsamling,

Først av alt vil eg takke for invitasjonen til dette arrangementet.

Sjøtransporten har ein stolt plass i norsk historie, ikkje minst kjem det til syne her på Vestlandet. Då hanseatane regjerte byen var, som de kjenner til, ”Bryggen” det sentrale godsknutepunktet. Fisk blei frakta hit frå Lofoten, og skipa vidare ut til marknadane i Europa.

I dag er det ikkje godstrafikk frå ”Bryggen”, men hamna sentralt i Bergen er like fullt ei viktig hamn for  norsk godstrafikk og sjøtransport.  Både containertrafikken og ro-ro-trafikken har hatt ein betydelig auke over Bergen hamn. Det er vi som talar sjøtransportens sak naturlegvis glade for. Men som fleire andre stader skortar det etter kvart på areal til hamnedrift -  i alle fall midt i byen der Bergen hamn ligg no. Krav til terrorsikring gjer òg at det kan vere gode grunnar for at hamnedrifta ikkje ligg nett der folk ønskjer å bu og ferdast. 

 Bergen hamn -  mulegheiter for ekspansjon

Det er gjort ein analyse av mulege ekspansjonsområde for Bergen hamn. Tankane om at Bergen hamn kan avlaste importhamnene på Austlandet finn eg svært interessante. I dag kjem mykje av importgodset til Bergen over fjellet frå Oslo, ei betre arbeidsdeling mellom hamnene i aust og vest vil difor avlaste vegen og kunne gjere det norske transportnettverket meir effektivt.

Det er fleire lokaliseringsalternativ i rapporten om ei framtidig Bergen hamn. Eg er oppteken av at ein legg til rette for intermodale løysingar. Sikring av robust infrastruktur til og frå hamna er viktig i denne samanhangen. Det er også sentralt at hamna vert lokalisert slik at tilgongen på areal er tilstrekkeleg i eit lengre perspektiv. Utvikling av hamna krev ei utvikling på vegsida.

Meir transport på sjø!

I Soria Moria-erklæringa peikar regjeringa på at utvikling  av hamner som logistikknutepunkt er eit sentralt grep for å styrke sjøtransporten. Målet er at mest muleg godstrafikk skal bort frå landevegen og over på båt.

For å flytte godset frå bil til båt og bane er det viktig å få til eit godt samspel mellom transportformene. Ikkje minst er det ei utfordring å skape kombinerte transportkjeder, der omlastinga frå eit transportmiddel til eit anna skjer så effektivt som muleg. I dette biletet blir hamner som syr saman ulike transportmiddel særleg interessante! Hamnene må fungere som omlastingsterminalar, og ikkje som ein barriere mellom sjøvegen og landevegen. Frå statens side har vi forventningar til at trafikkhamnene gjennom utvikling av drifta i terminalane,  og i samarbeid med kvarandre, medverkar til å skape tilbod som transportørane og vareeigarane finn nytte i. Eg har forventningar til at hamnene skal gje til kjenne eit stort engasjement  og ta ansvar for å utvikle seg i ei retning som gjer dei til effektive knutepunkt på godslinja.

Vi politikarar må på vår side syte for at dei langsiktige planane for investeringar i sjøverts og landverts infrastruktur legg til rette for at hamner blir sentrale knutepunkt, som gir lett og smidig overgang av gods mellom dei ulike transportmidla.

Regjeringas viktigaste verktøy i utforminga av transportpolitikken er difor Nasjonal transportplan.

NTP 2010-2019

Det er innhaldet i kommande nasjonal transportplan de ønskjer å diskutere her i dag.  Eg er opptatt av at det vert lagt tilstrekkeleg vekt på godstransporten i NTP 2010-2019. Det er difor nødvendig at hamnene vert endå sterkare integrerte i tenkinga rundt og utviklinga av effektive og sikre transportkjeder. Målet om eit integrert transportnett, der vi ser alle former for transport i samanheng,  må gjennomsyre planen. Vi i Fiskeri- og kystdepartementet ventar difor i spenning på planforslaget som transportetatane vil leggje fram i desember i år. Konkrete lovnader om kva som vil kome med i neste NTP kan eg difor ikkje gå inn på no.

Så langt i NTP-arbeidet har departementa mellom anna hatt politiske møte med fylkeskommunane og arrangert dialogmøte med regionalt næringsliv. Her har vi fått mange gode innspel som vi tar med oss vidare. På møtet med regionalt næringsliv her  i Bergen var det brei semje om at næringslivets transportbehov i regionen vil auke i åra framover.  Det kom òg fram at hovudproblemet for å auke andelen godstransport på sjø er for små godsmengder. Skal sjøtransporttilbodet i regionen få ein frekvens som gjer det konkurransedyktig, krev det ei samling av godset. Samarbeid mellom hamner, og satsing på enkelte hamner blei difor hevda å vere nødvendig viss resultatet skal bli meir transport sjøvegen.

Oljevern + sjøsikkerheit = effektiv og sikker sjøtransport

Olje- og gassverksemda er svært sentral i denne regionen. Den tverrgåande sjøvegen til og frå sokkelen, nyttetrafikken langs riksveg 1 og ein betydeleg transittrafikk med mellom anna oljeprodukt om bord, gjer farvatnet utanfor Vestlandet til eit tett trafikkert området. Framover vil regjeringa arbeide med å få fastsett påbodne seglingsleier langs Vestlandet for å få meir kontroll med trafikken som går langs kysten, og flytte farleg og forureinande last lengre ut frå kysten. Dette vil auke responstida ved ei eventuell ulukke. 

Sjøsikkerheit og oljevernberedskap er viktig for å gjere sjøtransporten til ei trygg, og dermed føretrekt transportform her i området.  Mellom anna så har Kystverket prioritert å utbetre merkinga av hurtigbåtleier i Hordaland for å unngå ulukker.

Eg vil óg trekkje fram at det i regjeringas forslag til budsjett ligg inne middel til fornying av oljevernutstyr med 25 millionar kroner. I revidert budsjett for 2007 vart det vedteke ei løyving på 29 millionar kroner til ei reetablering av hovuddepot på Fedje.  Dei to siste åra er såleis løyvingane til oljevernberedskapen styrka med til saman 54 millionar kroner. Dette er òg ei konkret oppfølging av Soria Moria-erklæringa.  Denne regjeringa leverer det den har lova, også for maritim infrastruktur, og det vil vi halde fram med.

Avslutning

Som de forstår er ambisjonane mine for NTP 2010-2019 knytte til sjøtransport. Trygg, sikker og effektiv sjøtransport er målet!

Lokalt har hamnene ei openberr rolle i å finne saman i regionale hamnesamarbeid og samarbeid med transportbrukarar.

Nasjonalt er Nasjonal transportplan det viktigaste verkemiddelet for langsiktig tenking i transportpolitikken. Det er for tidleg å seie noko heilt konkret om kva NTP 2010-2019 vil bety for Bergensregionen. Eg tør likevel love at satsinga på oljevern og sjøsikkerheitstiltak vil halde fram. I tillegg vil viktige knutepunkt der transportnetta møtast bli prioriterte. Etter to år med tydeleg satsing på samferdsle på statsbudsjettet tør eg seie: Vi skal halde fram som vi stemnar!