Historisk arkiv

Politiske mål for verdiskaping av biprodukt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg RUBIN-konferansen 7. februar 2007.

Politiske mål for verdiskaping av biprodukt

Statssekretær Vidar Ulriksen - Fiskeri- og kystdepartementet

RUBIN-konferansen 7. februar 2007

Hava rundt Noreg har til alle tider vore verdifulle haustingsområde, og har gitt grunnlag for sjømatprodukt som har vore og framleis er ettertrakta i heile verda. For Noreg som nasjon har sjømateksporten vore ein av dei viktigaste berebjelkane i økonomien. Gjennom akvakultur har vi auka utnyttinga av sjøområda slik at vi har kunna auke eksporten i volum og verdi og såleis oppretthalde sjømatindustrien som ein av dei viktigaste industriane i landet.

Vi kan ikkje vente at volumet vil auke i same takt framover. I dei tradisjonelle fiskeria har volumet ikkje auka, heller gått andre vegen. Dersom vi klarer å oppnå ei meir fornuftig utnytting av bestandar som i dag er feilutnytta og overutnytta er det likevel ein god del å hente her. Det vil også vere noko å hente i å utnytte nye artar.

Men uansett er det ikkje i volumauke dei store verdiaukane kan kome. Potensialet for auka verdiskaping ligg i å auke verdiskapinga av dei råstoffa og voluma vi har. Her er det openbert veldig mykje å hente.

Ettersom vi i dag har ein global marknad og må konkurrere med land som har langt lågare produksjonskostnader, er nokre tradisjonelle fryste produkt blitt ulønnsame å produsere i Noreg. Dette har skapt problem i distrikta der denne produksjonen har vore sentral. Her er det nødvendig å tenkje nytt.

Mange av dei tradisjonelle sjømatprodukta gir god lønnsemd, ikkje minst på grunn av god etterspurnad og gode prisar. Dette kan fortsetje om vi sørgjer for å halde oppe og forbetre kvaliteten.

Men det er vidareutvikling av desse tradisjonelle produkta og skapinga av nye produkt på grunnlag av dei same råstoffa, som gir dei største moglegheitene for auka verdiskaping. Det er på dette området RUBIN si viktige rolle ligg.

RUBIN har eksistert i nokre år no, og vi ser viktige resultat av arbeidet. RUBIN har initiert og støtta mange interessante forskings- og utviklingsprosjekt. Ein del av dei såkalla biprodukta frå marint råstoff har høg og aukande marknadsverdi - ja, ofte høgare enn fiskefileten. Mange nye høgverdige produkt ventar på å bli utvikla. I dag gir ikkje råstoffa frå havet berre god mat, dei gir også produkt og ingrediensar til helsekost, dyrefôr, medisinar, kosmetikk og høgverdige produkt til teknisk bruk.

Vi har altfor lenge vore fornøgde med å selje dei tradisjonelle produkta, mykje fordi næringsaktørane har tent pengar på å auke voluma og på meir effektiv drift. Men denne metoden gir plass for stadig færre sysselsette, noko som har gitt seg utslag i at mange kystsamfunn slit med å eksistere vidare. Vegen til ei positiv utvikling i mange av desse kystsamfunna ligg i nytenking når det gjeld utnytting av dei tradisjonelle råstoffa frå havet. I framtida bør desse råstoffa i hovudsak seljast som delikatessemat og høgverdige produkt og ingrediensar der heile råstoffet blir utnytta.

Med andre ord - målsetjinga må vere at alt marint råstoff skal utnyttast, og brukast til produkt som gir den høgaste verdiskapinga. Vi må sjå på heile fisken eller krabba og tenkje på korleis desse råstoffa kan utnyttast best mogeleg til å forsyne marknaden med dei mest verdifulle produkta og til å skape mest mogeleg verdiar for næringsaktørane og samfunnet.

Dei produkta som RUBIN arbeider for å skape bør derfor ikkje karakteriserast som biprodukt, men derimot som høgverdige produkt, som aukar verdien frå utnyttinga av råstoffet monaleg. I dag er verdien frå desse produkta vel ein milliard kronar. RUBIN seier i den siste årsrapporten sin at det bør vere mogeleg å mangedoble denne verdiskapinga i løpet av 10 år. Eg meiner det er all grunn til å tru på ei slik utvikling.

Det er ei viktig målsetjing for regjeringa å auke verdiskapinga i dei marine næringane. For å få dette til må det tenkjast nytt. Det er nærliggjande å spørje seg om ikkje den tenkjemåten som RUBIN og ingrediensindustrien står for vil vere nyttig for heile industrien som baserer seg på marint råstoff.

Vi må spørje oss sjølv om vi har det heilskaplege og offensive synet på utnyttinga av råstoffressursane som er nødvendig for å oppnå høgast mogeleg verdiskaping totalt sett. Dette er like mykje eit spørsmål til forvaltinga som til fiskeindustrien og fiskeriorganisasjonane. Alle som arbeider i sjømatnæringane, eller skal vi heller seie sjøproduktnæringane, må bidra - frå fiskaren i båten til produktutviklaren og eksportøren. Auka verdiskaping må skje i alle ledd.

RUBIN har gjort ein viktig jobb med å utvikle utstyr og arbeidsmåtar i kystflåten og i fiskemottak for å sikre kvaliteten på fisken, slik at dei verdifulle råstoffa kan bevarast.

Kvalitet er eit viktig stikkord i heile sjøproduktnæringa for å sikre høgverdige matprodukt og ingrediensar. Gjennom arbeidet for å sikre god nok kvalitet på råstoffet gjer altså RUBIN eit arbeid som heile sjøproduktnæringa kan nyte godt av.

Det å ta vare på og behandle råstoffet på best mogeleg måte er sikkert meir arbeidskrevjande, men høgare priser per kilo råstoff som blir utnytta på ein betre måte forsvarer dette. Eit viktig resultat av dette kan bli auka sysselsetjing i dei områda som slit med for få arbeidsplassar i dag. Den type innsats som RUBIN står for kan såleis ha monalege ringverknader for lokalsamfunna, og dermed gi eit godt bidrag til å realisere regjeringa sine distriktspolitiske ambisjonar.

RUBIN har gjennom selskapet BiNor engasjert seg i arbeidet med omsetning av konsumprodukt frå delar av fisken som hittil har vore lite utnytta. Dette er produkt det er stor etterspurnad etter. Utfordringa er her å få tilrettelagt og organisert produksjon og omsetning slik at det gir lønnsemd.

Eg håper RUBIN og BiNor lukkast i dette prosjektet. Utfordringa i dette prosjektet kan ein seie er felles for store delar av sjøproduktindustrien, ikkje minst kvitfiskindustrien. Mange ser behovet og moglegheitene for produktutvikling, men manglar den kompetanse og stønad som skal til for å lukkast. Ein suksess for BiNor kan vise vegen for industrien - og for forvaltinga.

Vi i forvaltinga skal leggje til rette for at dei marine næringane kan utvikle seg vidare og utnytte potensialet for auka verdiskaping som vi alle ser er der. I departementet blir det arbeidd med ein strategi for auka omsetning av fersk fisk. Verdiskapinga av dei nasjonale fiskeressursane våre skal i størst mogeleg grad kome kystsamfunn som er avhengig av fiskeria, til gode. Kystnært fiske og auka marknadstilbod av fersk fisk er ein viktig del av denne strategien.

Denne strategien legg også til rette for å kunne utvikle nye produkt der ferskt råstoff er ein føresetnad. Denne strategien som er nedfelt i Soria Moria-erklæringa må verkeleggjerast gjennom fleire grep i forvaltinga. Strukturpolitikken overfor fiskeflåten, fiskeindustrien og regionane er nokre av dei viktigaste grepa. Det vil vi kome nærmare tilbake til i den stortingsmeldinga om strukturpolitikken som regjeringa vil leggje fram.

Andre viktige verkemiddel er dei økonomiske. Her finst det ei rekkje verkemiddel allereie, hovudsakleg kanaliserte gjennom Innovasjon Noreg. Det nyleg etablerte programmet for marin verdiskaping er eit verkemiddel i denne samanhengen, som skal utviklast vidare.

Eit viktig verkemiddel for å kome vidare, særleg når det gjeld å utvikle nye produkt og ingrediensar frå marint råstoff, er forsking. Også på dette området har RUBIN gjort ein innsats. Gjennom det 5-årige generiske forskingsprosjektet ”dokumentasjon av marine ingrediensar sine eigenskapar for helse og ernæring” blir det gjort ein viktig jobb for å dokumentere kvaliteten til produkta som blir laga på grunnlag av marine råstoff. Dette blir berre meir og meir viktig for å hevde seg i matmarknadene og helsemarknadene, der det blir lagt stadig aukande vekt på helse og mattryggleik.

Også på dette området vil sjøproduktindustrien som heilskap ha nytte av det arbeidet som RUBIN står bak. At fisk og andre sjøprodukt er sunn og trygg mat må kunne dokumenterast, ikkje minst fordi det stadig kjem informasjon som set kritisk lys på maten vi et.

Vi må ha forsking som dekkjer alle delar av den marine verdikjeda. Vi har lenge vore gode på ressursforsking, kanskje kan vi skryte av å vere verdsleiande her. Det er viktig å bli gode på resten av verdikjeda. Vi har noko av det beste råstoffet i verda og vi må også nå dit at vi sel dei beste sjøprodukta og ingrediensane.

Ved å kombinere landet sine unike marine ressursar med kunnskap om ressursane, kunnskap om industriprosessar og kunnskap om marknaden, vil nye produkt kunne utviklast. Forsking er eit kraftfullt verkemiddel for å utvikle nye kunnskapsbaserte næringar baserte på dei marine biologiske ressursane.

Regjeringa vil vere oppteken av framleis sterk satsing på den marine forskinga, og vi trur jo at dei marine næringane vil følgje opp med eigen forskingsinnsats. Men minst like viktig er det at sjøproduktindustrien nyttar forskingsresultata og omset dei i gode produkt. På dette området er vi her i landet ikkje gode nok. Derfor treng store delar av den marine sjøproduktnæringa ofte drahjelp og initiativ frå offentleg hald. RUBIN gjer ein innsats som pådrivar når det gjeld dei nye produkta, men vi treng tilsvarande drahjelp også for å utvikle og leggje meirverdi til dei gamle produkta.

Dette er ei av dei store utfordringane framover dersom vi skal lukkast med å gjennomføre målsetjinga i Soria Moria-erklæringa. Eg trur at den type arbeid som RUBIN gjer i dag truleg blir enda viktigare framover. Eg veit at organisasjonane som står bak stiftinga er i gong med å sjå på korleis vegen framover bør vere for RUBIN, og vi i forvaltinga vil avvente dette arbeidet.

Eg ser fram til å delta vidare her på konferansen og få meir detaljert innblikk i RUBIN sitt arbeid og det som skjer på dett spanande feltet med å utvikle nye marine produkt.

Takk for merksemda.