Regjeringas fiskeripolitikk – også med fokus på miljøspørsmål
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 30.08.2007
Statssekretær Vidar Ulriksen - Solstrand-seminaret til Vestnorges Rederiforening 30. august 2007
Statssekretær Vidar Ulriksen
Solstrand-seminaret til Vestnorges Rederiforening 30. august 2007
Kjære forsamling,
Eg er bedt om å innlede om ”Regjeringens fiskeripolitikk – også med fokus på miljøspørsmål”.
Fiskeripolitikk er i dag eit tema som interesserar og angår heile kysten og resten av landet, ikkje berre fiskarane. Fiskeripolitikk er heller ikkje berre ei nasjonal sak. Over 90 % av det norske fisket foregår på bestandar vi deler med andre land, og vi eksporterar over 95 % av fisken. Handelsspørsmål er difor også ein del av fiskeripolitikken.
Fiskeripolitikken tek heller ikkje for seg berre fisket. Fiskeriforvaltning har lenge også vore grunna på forsking på miljøspørsmål. Men miljøspørsmål får stadig meir merksemd, både nasjonalt og internasjonalt.
Fiskeripolitikk er difor ikkje lenger berre summen av statsråden og fiskeridepartementet sine reguleringsvedtak, men summen av ei lang rekkje prosessar – nasjonalt og internasjonalt, der fiskerispørsmål står meir eller mindre sentralt.
Men det er likevel slik at regjeringa handlar, tek avgjerder, og at disse let seg oppsummere som eit uttrykk for ein samla fiskeripolitikk. Regjeringa styrer på grunnlag av Soria Moria-erklæringa, og har ført ein konsistent og forutsigbar politikk på grunnlag av den.
Nokre gjennomførte tiltak
Vi har lagt fram ei stortingsmelding om strukturpolitikk for fiskeflåten, der vi har innleia ei fornuftig vidareutvikling av den strukturpolitikken det var tverrpolitisk semje om, fram til 2003 – ein politikk som er basert på ein god balanse mellom dei bedriftsøkonomiske og dei samfunnspolitiske omsyna.
Gjennom arbeidet med strukturverkemidla har vi og fått utvida strukturkvoteordninga for kystflåten nedover til 11 meters heimelslengde, 13 meter i notfisket etter makrell. Med det har vi løfta strukturarbeidet eit hakk vidare.
Vi har stramma opp ordninga med leveringsvilkår for enkelte torsketrålarar, og vi har gjeninnført distriktskvoteordninga. Dette er tiltak som skal ivareta omsynet til arbeidsplassar på landsida i fiskerinæringa, og med det bidra til trygge og gode arbeidsplassar i nokre av dei mest sårbare kystkommunane vi har.
For det er det heilt sentrale poenget i fiskeripolitikken til regjeringa – å bidra til lønsame arbeidsplassar, busetjing og sysselsetjing langs heile kysten – å auke lønsemda og verdiskapinga i den samla fiskerinæringa, både på sjøen og på land.
Det er dette som òg ligg til grunn for den ferskfiskstrategien som regjeringa no har lagt fram: Ei rad store og små tiltak som skal sikre kontinuitet i råstoffleveringa til landindustrien, som skal betre samspelet mellom dei ulike ledda i fiskeri- og havbruksnæringa og som skal betre kvaliteten på dei produkta vi byr fram til forbrukarane.
Det handlar om å legge til rette for at næringa kan utnytte dei fortrinn vi har, gjennom nærheit til rike fiskefelt, høg kompetanse og lang erfaring, og at vi har godt betalande marked nær oss.
Desse tinga heng altså saman. Og sjølv om det er størst merksemd om dei reint nasjonale tiltaka som vert lagt fram, er det all grunn til også å setje fokus på dei internasjonale sidene av politikken.
Internasjonale prosessar
Noreg har råderett over store og fruktbare havområde, og dermed store verdiar. Vi har eit stort ansvar i å forvalte desse områda, på ein god og ansvarleg måte.
Regjeringa ønskjer difor å ta eit aktivt ansvar for utvikling av den marine politikken. Dette gjer vi både på regionalt og på globalt nivå, både fordi vi meiner det er rett og fordi det tener norske nasjonale interesser.
Eit døme på det er arbeidet mot UUU-fiske.
Med utgangspunkt i ein situasjon der vi har oppnådd stadig betre kontroll i dei havområda vi har nasjonal råderett over, har vi fokusert stadig breiare. Først gjennom kontrollsamarbeidet med russiske styresmakter. Så gjennom initiativ i NEAFC og i høve til andre statar, særleg for å få på plass kontroll ved landing av fangst, både i europeiske hamner og i andre land.
Deretter fram til eit vedtak i FNs generalforsamling om å starte arbeidet med bindande regelverk for hamnestatskontroll, i regi av FAO – der vi fortsatt er pådrivarar i arbeidet.
Vi ser at innsatsen nyttar. Mengda svart fisk har gått ned, og norske eksportørar opplever større etterspørsel og høgare prisar. Desto mindre tilførsel av ulovleg fanga fisk – desto meir attraktiv vil fisk frå norske, ansvarlege og kvalitetsbevisste produsentar vere.
Kontroll over alt uttak av fiskebestandane er dessutan også nødvendig for at forskarane skal kunne gje oss best mogleg råd om bestandsforvaltninga og kvotestørrelsen.
Ved tidleg å ta initiativ og dermed lede dei internasjonale prosessane i rett retning, er det lettare å oppnå det ein ønskjer. Sjølv små land som Noreg, kan få stor innflytelse ved å fremme forslag som er godt fagleg underbygt – og å vere aktiv i prosessen.
Det er difor ei målsetting for oss å drive ein aktiv, internasjonal havpolitikk.
Miljøspørsmål får stadig meir merksemd innanfor fiskeripolitikken – og fiskerispørsmål får stadig meir merksemd innanfor miljøpolitikken.
Dette kan vi ikkje lukke augene for – mange miljøfora er faktisk med på å bestemme rammevilkåra for forvalting av dei levande marine ressursane – fisken.
Eit eksempel er spørsmålet om etablering av marine verneområde. Både organisjonar og land har teke til orde for å etablere eit legalt rammeverk under Havrettskonvensjonen, for å beskytte det biologiske mangfaldet på det åpne hav – det ein kallar High Seas Protected Areas. EU er ein av pådrivarane for dette, og temaet vil kome på dagsorden både i global samanheng og i regionale organisasjonar som NEAFC.
På same tid pågår det andre prosessar, med utgangspunkt i Johannesburg-erklæringa frå 2002 og FNs konvensjon om biologisk mangfald, der ein arbeider for å etablere ulike ”verktøy” for bevaring av biologisk mangfald. Johannesburg-erklæringa tek til dømes til orde for eit globalt nettverk av marine verneområde i farvatn innanfor nasjonal jurisdiksjon, innan 2012.
Det er altså slik at globale avtalar som Johannesburg-erklæringa, og resolusjonar frå dei årlege havdebattane i FNs generalforsamling, har direkte effekt på utforminga av dei bilaterale kvoteavtalene vi har med andre land, og på arbeidet i regionale forvaltingsorganisasjonar som NEAFC.
Dermed får dette også konsekvensar for norsk forvaltingspolitikk og for lønsemda i norsk fiskerinæring. Regjeringa har difor ei offensiv haldning til disse prosessane, og utnyttar dei muligheiter det gir til å få gjennomført – internasjonalt – tiltak som er til gagn for utviklinga av norsk fiskerinæring.
Økosystembasert forvaltning
Det er likevel ikke til å kome forbi, at integreringa mellom miljø og fiskeri gjev oss ein del utfordringar.
Det er mellom anna difor at Havforskningsinstituttet alt har valt ein ny organisasjonsmodell. Dette gir seg no også utslag i Det internasjonal råd for havforskning – ICES – som også er i ferd med å omorganisere seg. Ein av grunnane til dette, er nettopp å legge til rette for økosystembasert rådgjeving, og å få til eit betre fagleg samarbeid mellom den tradisjonelle fiskerisida og miljøsida.
Difor – nokre ord om økosystembasert rådgjeving:Forvaltninga av dei levande marine ressursane er i utgangspunktet basert på vitskapelege råd om tilstanden til den enkelte bestand.
Ein lang tradisjon med kvalitetssikring av tolkninga av forskningsresultata, gjennom ICES, ligg til grunn for dei endelege råda. No arbeider vi med å trekke inn også flest mogleg andre faktorar som kan påverka den einskilde fiskebestanden, i tillegg til sjølve fisket. Den vitskapelege rådgjevinga vert langsamt dreia mot målet om å vere økosystembasert. Kompleksiteten i dette arbeidet tilseier likevel at det vil ta tid før vi kan seie at vi fullt ut har nådd målet.
Men poenget med den økosystembaserte rådgjevinga, er altså at det skal vere tatt omsyn til alle dei faktorane i eit økosystem som påverkar fiskebestanden, før det vert gjeve eit konkret forvaltningsråd frå forskarane. Dessutan vert det i neste omgang eit spørsmål om kva fiskepresset vil få for betydning for andre delar av økosystemet, og kva for verknad ulike typar fiskereiskap har.
Her ligg det nok store utfordringar for oss alle, før vi kan seie å ha nådd målet om økosystembasert forvaltning.
Forvaltningsplanar
Forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten, er eit steg for å systematisere den kunnskapen og dei prosessane som ligg til grunn for ei heilhetleg forvaltning av dette store økosystemet. Her har regjeringa kartfesta særleg verdfulle område, områder der det ikkje skal opnast for petroleumsverksemd og seglingsrutar for skipstrafikken. Og omsynet til fiskeressursane og til fiskeriverksemda, er eit viktig og grunnleggjande omsyn i planen.
Forvaltningsplanen vert no følgt opp, på mange måtar. Samtidig går vi vidare, og har starta arbeidet med ein forvaltningsplan for Norskehavet. Denne skal leggjast fram som ei melding til Stortinget våren 2009. Eg trur ikkje det blir like mykje strid rundt denne som det var rundt den førre planen, særleg fordi vi her allereie har hatt omfattande konsekvensutgreiingar og det meste av aktuelle område for petroleumsverksemd, allereie er opna.
Dessutan har vi ei arbeidsgruppe i gang med å lage ein rapport om sameksistens olje – fisk – miljø i Norskehavet og Nordsjøen. Her deltek både Fiskarlaget, Oljeindustriens Landsforening og dei relevante offentlege organ både frå fiskeri-, olje- og miljøstyresmaktene.
Eg trur også Fiskarlaget er samd i at dette var ei vellukka arbeidsform i arbeidet med forvaltningsplan Barentshavet.
For det er ikkje slik at fiskeriinteressene alltid må vike for oljeindustrien. Det var denne sameksistens olje-fisk-gruppa for Barentshavet som la fram forslaget om forbod mot utslepp av produsert vatn i Barentshavet. Det var arbeidet i denne gruppa som også la grunnlaget for den diskusjonen som førde fram til løysinga med ”petroleumsfrie område”, i forvaltningsplanen for Barentshavet.
Eg har tru på at dialog mellom dei forskjellige interessentane kan bidra til gode løysingar.
Det er viktig for nasjonen både å hauste av dei levande ressursane og å hente opp oljerikdomen frå havbotnen, og når dei enkelte aktørane forstår og aksepterar dette, blir dialogen god.
Vi treng oljen og gassen, men når olja ein gong tek slutt, så skal vi fortsatt fiske.
Neste steg vert eventuelt ein forvaltningsplan for Nordsjøen. Ein slik plan vil i større grad måtte ta omsyn til påverkingane frå andre land, enn tilfellet er i Norskehavet og Barentshavet. Difor er det nødvendig at arbeidet med ein forvaltningsplan for den norske delen av Nordsjøen, vert samordna med tilsvarande arbeid i EU.
Dette syner igjen den internasjonale vinklinga på mykje av det arbeidet som no vert gjort – både innanfor tradisjonell fiskeriforvaltning, innanfor miljøområdet, og i skjeringspunktet mellom disse to ikkje lenger så adskilde sektorane.
Klimaspørsmålet
Det kan virke som om klimadebatten i høve til fiskerinæringa, først og fremst handlar om NOx-avgift. Den er viktig nok, i det daglege, og eg skal kome attende til den litt seinare – sjølv om NOx strengt tatt ikkje er ein klimagass.
Klimaspørsmålet kan likevel kome til å få langt større betydning for utviklinga i norsk fiskerinæring, enn vi gjerne likar å tenke på.
Det er usikkert korleis endringar i klimaet, vil påverke økosystema i våre havområde og dei fiskebestandane vi haustar av. Det er endringar på gang i havområda våre. Vi registrerer vesentlege endringar i havtemperaturen. Spørsmålet er om dei endringane vi no ser, er større enn tidlegare variasjonar og om temperaturen fortset å stige enda meir.
Spørsmålet er kva slike endringar vil føre til.
Eit bokstaveleg talt bitte lite eksempel: Det er registrert ei forskyving nordover i utbreiinga av raudåta Calanus finmarchicus i Nordsjøen. Artsfrenden Calanus helgolandicus synest å ha overtatt i dei meir sørlege områda. Har det samanheng med temperaturendringane, og kva vil det føre til? Helgolendingen er visstnok ikkje like velegna som føde for sildelarvar som skal vekse opp, som finnmarkingen.
Er dette då årsaka til, eller ein del av årsaka til, at vi har sett rekrutteringssvikt fem år på rad for sild i Nordsjøen?
Temperaturendringane fører og til endringar i vandringsmønsteret til fleire fiskeslag. Det er no registrert store mengder makrell heilt nord til Bjørnøya og kolmule og tobis lenger nord enn før.
Poenget er følgjande: Vi kjenner ikkje til kva for effekt klimaendringar vil få på økosystema, og dermed heller ikkje for fiskebestandane. Og dersom endringar fører til at fiskebestandar breier seg ut over nye område, vil det i sin tur påverke samanhengane i økosystemet der denne fisken har etablert seg. Vi får ei samanhengande kjede av årsaker og virkningar, ein dominoeffekt.
Vi kan få innvandring av nye fiskeslag, og utvandring av dei vi kjenner – lokalt, regionalt og kanskje endog nasjonalt.
Dette syner kor grunnleggjande viktige miljøspørsmåla faktisk er. Endringar vil kunne påverke kor mykje vi kan hauste frå havet, og kvar ulike fiskeri går føre seg. Det vil kunne påverke fiskens tilgjengeligheit langs kysten, både kvar den er tilgjengelig og når på året den er tilgjengelig. Det vil igjen kunne påverke flåtestruktur, sesongar, landindustri og marknadsmuligheitene.
Difor er overvaking og forsking avgjerande for å forstå kva for endringar som kan skje. Og forståing av dette, er i sin tur avgjerande for at vi skal kunne førebu oss på endringane.
Vårt arbeid med både fiskeri, havbruk, sjøtransport og heile maritim og marin sektor, skal og må difor ha ein klar klima- og miljødimensjon.
I klimameldinga gjekk regjeringa inn for at Norge skal ha verdas mest ambisiøse klimamål. Desse måla skal vi nå ved betydelege reduksjonar i norske utslepp, og ved at Noreg betaler for reduksjonar i andre land.
I fiskeri- og havbrukssektoren er det i all hovudsak fiskeflåten som bidrar til norske klimagassutslepp, med omtrent 2,5 % av dei samla norske utsleppa. Dette er det moglig å redusere.
Det handlar om små og litt større endringar – betre propellar, optimal marsjfart, partråling og energigjenvinning – som ikkje berre gir ein hyggeleg miljøeffekt, men som også betyr sparte pengar.
Det handlar og om større endringar, som energioptimalisering ved konstruksjon av fartøy og bruk av gassbasert hovedmaskin. Her har vi no nettopp sendt på høyring eit forslag om å erstatte dagens lengdebaserte størrelsesbegrensning for dei største kystfartøya, med ei lasteromsbegrensning. Dette vil gi disse same muligheit som havfiskeflåten, til å ta større omsyn til slike ting ved planlegging av nye fartøy.
NOx-avgiften
Men tilbake til NOx-avgifta.
NOx-avgifta vart ikkje innført for å fylle statskassen. Den vart heller ikkje innført for å skattlegge verken fiskerinæringa eller andre sektorar. Den vart innført for å få redusert alvorleg forureining.
Gjennom Gøteborg-protokollen frå 1999 forplikta Norge seg til å sleppe ut maksimalt 156 000 tonn NOx i 2010.
Det betyr at utsleppa må ned.
Styresmaktene si tilnærming har vore at vi skal gjennomføre dei tiltak som er nødvendige for å nå dette målet – men til lavast mulig kostnad, for samfunnet og for dei næringsdrivande.
Samstundes med at avgifta vart innført frå årsskiftet av, vart det difor opna for å frita for avgifta, dersom det kjem på plass ein forpliktande avtale om utsleppsreduksjonar mellom staten og næringslivet.
Dette har det vore arbeidd med sidan.
Eg forstår at de er utolmodige med tanke på framdrifta i arbeidet med ein miljøavtale. Det er mange spørsmål som må avklarast, men eg kan i alle fall seie så mykje som at eg trur vi snart finn fram til ei god løysing for alle parter.
Det viktigaste – ikkje berre for staten, men for miljøet og for oss alle – er at vi finn fram til ordningar som sikrar at utsleppa faktisk blir redusert. Ikkje at de vert betalt ei avgift til staten.
Avslutning
Til slutt: Norsk fiskerinæring står i ein gunstig posisjon. Kjøpesterke forbrukarar ønskjer seg i aukande grad mat frå sjøen.
Norsk sjømat vert i dag eksportert til nesten 150 land.
Det norske opphavet blir av forbrukarane knytt til kvalitet. Det er avgjerande at vi tek vare på dette kvalitetsstempelet, og lever opp til vårt rykte både ute og heime.
Eg har nevnt ein del tiltak vi har gjennomført, eller arbeider med.
I tillegg til det som har vore nevnt, skal vi også i stortingsmeldinga vi legg fram i haust om kongekrabbe og i forslaget til ny havressurslov, igjen vise at:
Den politikken vi fører, ivaretar både dei bedriftsøkonomiske og dei samfunnsmessige hensyn. Vår fiskeripolitikk er god miljøforvaltning, og god ressursforvaltning. Det handlar om ein ansvarleg og balansert marin politikk.
Den viktigaste forutsetninga for ei lønnsom fiskerinæring, er rett og slett at vi har fiskebestandar å hauste av – i all framtid. Difor heng det daglege reguleringsarbeidet, kampen mot UUU-fiske, arbeidet med klimatiltak og mange andre oppgåver, saman.
Eg avsluttar difor med denne påstanden:
Fiskarane var dei første miljøvernarane, opptekne av samanhengane i havet og av eit reint hav. Fiskarane må også vere dei fremste miljøvernarane i framtida, dersom de skal ha eit fiskaryrke å levere vidare til neste generasjon, og generasjonane etter det.
Takk for merksemda.