Rømmingssituasjonen og styresmaktenes arbeid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 17.08.2007
Statssekretær Vidar Ulriksen - Rømmingsseminar Aqua Nor 17. august 2007
Statssekretær Vidar Ulriksen
Rømmingsseminar Aqua Nor 17. august 2007
Det er ei stor glede for meg å ønskje alle velkomne til dette rømmingsseminaret. Eg har sett fram til å delta her på seminaret då eg trur vi alle kan få nyttige innspel til vårt vidare arbeid med rømmingsproblemet både hos styresmaktene og i næringa.
Rømd oppdrettsfisk er framleis ein verkebyll for oss alle. Rømd oppdrettsfisk er ei stor miljøutfordring både for styresmaktene og for næringa. I tillegg er rømming den største omdømmeutfordring til næringa.
Dei endelege rømmingstala viser at 1,25 millionar oppdrettfisk rømde i fjor. Dette er skremmande høge tal.
I femårsperioden 2000 – 2004 rømde det om lag ½ mill fisk årleg.
I 2005 auka dette til om lag ¾ mill rømde fisk, før vi i fjor altså nådde meir enn millionen. No snakkar vi ikkje berre om rømde laks og aure, men også torsken viser seg å vere særs rømmingshissig. Sjølv om tala så langt i år er betre, må vi nå få bukt med rømminga!
Når vi snakkar om at rømming er den største miljøutfordringa til det norsk havbruket skuldast dette at det til rømming er knytt store utfordringar til genetikk, økologi og spreiing av sjukdomar. I tillegg medfører rømming økonomiske tap for næringa og som sagt ikkje uvesentlege utfordringar for omdømme. Opinionen og marknadene er som vi alle veit også oppteken av dette problemet.
Regjeringa tar difor rømmingsproblemet på alvor. Rømmingstala skal og må ned!
Styresmaktene har eit sterkt fokus på tiltak for å hindre rømming og har som målsetjing at rømming skal haldast på eit absolutt minimum. Fiskeri- og kystministeren har vore tydeleg i bodskapen sin til næringa og sagt at ”ein rømd oppdrettsfisk er ein for mykje”!
Det har vore eit høgt trykk på rømmingsproblemet dei siste åra og det har vore arbeidd på mange område for å få ned rømmingstala. Eg kan nemne kartlegging av årsaker, forsking, kunnskapsoppbygging, regelverksforbetringar og kontroll.
Det blir no stilt strenge tekniske krav til oppdrettsanlegg i tillegg til omfattande krav til korleis dei vert drivne. Det er i gong arbeid med å revidere dei tekniske krava til anlegg. Målet er å justere krava i forhold til ny kunnskap og erfaring hos næring, utstyrsleverandørar, inspeksjonsorgan og forvaltning.
Vi fekk etablert ein eigen rømmingskommisjon i fjor og det er i vår vedteke å skjerpe reaksjonane ved brot på regelverket. Den nye reaksjonsforskrifta gir nærare reglar om utmåling av brotsgebyr og tvangsmulkt. Fiskeridirektoratet har nær dialog med Riksadvokaten og Økokrim om korleis slike brot no skal følgjast opp.
Kontrollinnsatsen frå styresmaktene si side er også intensivert og kontrollane i 2007 blir utførte med fleire verktøy enn tidlegare for å få større effekt i arbeidet. Dette inkluderer både bruk av revisjonskontrollar og tekniske kontrollar. Fokusområdet er her særleg rømming og faktorar som påverkar risiko for rømming, der rømming av smolt er spesielt fokusert. Kontrollane skal bl.a. inkludere alle lokalitetar av laksefisk, både matfisk- og setjefisk, innanfor dei nasjonale laksefjordane og laksevassdraga.
Arbeidet med Fiskeridirektoratets tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk, Visjon nullflukt, som starta opp i 2006 er høgt prioritert. Planen består av 30 utgreiings- og tiltakspunkt og vil prolongerast til 2008. Det blir også fokusert på effektivt gjenfangstfiske og nærare utgreidd om oppdrett bør betale for opprydding etter rømming.
Rømmingskommisjonen som blei oppretta i fjor sommar har no fått ei sentral rolle i å kartleggje årsaksforhold og byggje opp kunnskapsbase om havari. Kommisjonen skal systematisk arbeide for å redusere risiko for rømmingar og havari. Kommisjonen har no vore i arbeid i snart eitt år.
Fiskeridirektoratet stiller sekretariat til rådvelde for kommisjonen.
Vi er i nær kontakt med kommisjonen sitt arbeid og departementet og direktoratet vil etter kvart vurdere nærare kommisjonen sine ressursar i form av personell og pengar.
Eg er overtydd om at kommisjonen er og vil bli eit svært viktig verktøy for styresmaktene og næringa sitt arbeid med rømmingsførebygging.
Det endelege vedtaket om nasjonale laksevassdrag (NLV) og nasjonale laksefjordar (NLF) vart gjort av Stortinget 15. mai i år. Vedtaket innebar at det blei oppretta 15 nye NLV og 8 nye NLF i tillegg til dei som blei oppretta i runde 1 i 2003. Det inneber at ordninga med dette no består av totalt 52 NLV og 29 NLF.
I laksefjordane skal det ikkje etablerast ytterlegare matfiskoppdrett for laksefisk, og gjeldande verksemd vert underlagd strengare krav til rømmingssikring og strengare krav til kontroll av lakselus og annan sjukdom.
Utprøvingsprosjektet om merkemetodar i Hardangerfjordregionen er godt i gang i nært samarbeid med næring, forsking, og miljøvernstyresmakter. Siktemålet er å kunne bruke slike metodar til å førebyggje rømming ved sporing av rømd fisk tilbake til lokaliteten fisken kjem frå.
Når det gjeld båttrafikk innanfor ferdselsforbodssoner tek Fiskeri- og kystdepartementet sikte på at det til neste år blir fastsette spesielle prosedyrekrav i ei eiga forskrift. Slike prosedyrekrav vil bl.a. omfatte tiltak for risikoredusering i arbeidsoperasjonar, opplæring av mannskap, restriksjonar for anløp i dårleg ver og rutinar ved anløp i mørke. Krava vil omfatte både brønnbåtar, arbeidsbåtar og servicebåtar.
FHL og næringa legg no sjølve ned mykje arbeid for å hindre rømming. Eg er glad for at FHL har slutta seg til visjonen om nullflukt. Det er heilt nødvendig at næringa her sjølv tek ansvar, har klare mål og visjonar, og set i verk konkrete tiltak.
Derfor er det bra at FHL og næringa no arbeider for fullt med bl.a. kursing i rømmingsførebygging, kursing i NYTEK og i IK-akvakultur, i beredskapsplanar osv. I det vidare arbeidet er det ikkje minst viktig at det blir jobba med risikotankegang og risikohandtering, og generelt med haldningsskapande arbeid.
Eg er glad for at rømmingstala for fyrste halvår 2007 er vesentleg lågare enn i fjor. Det kan tyde på at tiltaka verkar og at arbeidet til styresmaktene og næringa gir resultat. Det er likevel for tidleg å forskotere dei gode tala for resten av året. Erfaringsmessig rømmer det mest fisk om hausten og vinteren under dårlege verforhold.
Fleire grep vil bli tekne frå styresmaktene si side dersom dei høge rømmingstala varer ved.
Det blir no gjort mykje på mange område for å løyse rømmingsproblemet. Alle har eit felles mål om at rømming skal haldast på eit absolutt minimum. Det er eit konstruktivt samarbeid mellom styresmaktene og næringa og mellom alle aktørane. Eg ser difor framtida lyst i møte og trur at norsk havbruksnæring skal bli endå meir berekraftig og miljøtilpassa, og ikkje minst bli best i verda i rømmingsførebygging!
Eg ser fram til eit spanande program og meiningutveksling her på seminaret og ønskjer dykk lukke til.