Historisk arkiv

Sporing, miljømerking og ressurskontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innlegg på representantskapsmøtet i Norges Råfisklag 23. mai 2007

Innlegg på representantskapsmøtet i Norges Råfisklag 23. mai 2007

Kjære alle saman!

Det går godt i mange fiskeri no. Det er stor aktivitet og i marknadane er resultata historisk gode.

Dette er bra for næringa og det er bra for landet vårt. For oss i den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet gir dette arbeidsglede og kraft til å fremme og få gjennomslag for ein ambisiøs dagsorden.

Temaet mitt i dag er sporing, miljømerking og ressurskontroll. Innlegget mitt dreiar seg mykje om arbeid med ulike system, om marknadsføring og om forvaltningsmål som eg går ut frå at de i råfisklaget er velkjende med.

Her i starten kan det vere interessant å konstatere at koplinga mellom sporing, merking og etisk god mat er eit uttrykk for at vi no meiner vi er i stand til å meistre svært kompliserte samanhengar innan sjømatproduksjon og forvaltning, og at vi har kome langt i å vise at vi har ei truverdig næring og ei truverdig forvaltning.

Eg kjem tilbake til dette, men eg meiner det er viktig å ha klart for oss at sporingsverktøyet som no vert utvikla i fiskerinæringa kan vere eit stort steg framover i arbeidet for å dokumentere at vi er truverdige, både i næringa og i forvaltninga.

Det siste året har sporing kome høgt på dagsordenen – i Norge, i andre land og i internasjonale fora.

Forbrukarar er opptekne av maten. Vi vil ha trygg mat, og vi vil vite kvar maten kjem frå.

Eit godt omdømme vert eit stadig viktigare konkurransefortrinn for sjømatbedriftene. Det gjeld konkurranse i heimemarknaden, og i endå større grad ute i eksportmarknadane våre.

Diskusjonen om det gode omdømmet i marknaden er særleg knytt til berekraft. For fiskeria gjeld dette berekraftig hausting og forvaltning.

På havbrukssida omfattar eit godt omdømme at fisken kan produserast med minst muleg ureining for omgjevnadane og at det i produksjonen går med minst muleg av knappe innsatsfaktorar som fiskemjøl og fiskeolje. Rømming av oppdrettsfisk er også ein del av dette bildet.

Det er sjølvsagt ikkje berre næringa og forbrukarsida som er opptekne av berekraft. Politisk leiing i Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for forvaltninga av ein av dei viktigaste ressursane i Norge. Det er klart at eitkvart verktøy som kan hjelpe oss i dette arbeidet er kjærkome. Utviklinga av systema for sporing kan vere eit avgjerande tilskot for ei ressursforvaltning med store utfordringar.

Sporing og miljømerking
La meg så seie nokre ord om kva sporing og miljømerking er.

Sporing handlar om å ha system som sikrar at informasjon om det som har skjedd med fisken gjennom verdikjeda følgjer produktet, frå fjord til bord.

Miljømerking handlar om å ta i bruk private standardar for å dokumentere overfor forbrukarane at fisken kjem frå ein berekraftig forvalta bestand eller at fisken er fiska med reiskapar som ikkje skadar miljøet. Uttrykket miljømerking femner om fleire ulike standardar.

Det er liten tvil om at sporingssystema bør vere på plass for å kunne tilby ei truverdig merking. Dersom ikkje informasjonen om produktet kan sporast gjennom heile verdikjeda, er det vanskeleg for forbrukaren å kontrollere om merket faktisk er det som det gir seg ut for å vere.

Miljømerking handlar om at private aktørar ønskjer å dokumentere til dømes god ressursforvaltning, fordi det finst eit krav i marknaden om dette. Vi gjer alt vi kan for å sikre ei god og forsvarleg ressursforvaltning, og eg kjem tilbake til det. Vi gjer også det vi kan for å dokumentere at den norske fiskeriforvaltninga er forsvarleg og berekraftig. I fjor lanserte vi den engelskspråklege nettportalen www.fisheries.no nettopp for å komme bredt ut med informasjon om dette arbeidet.

Dersom krav i marknaden gjer at næringa treng eit miljømerke, vil vi gjere det som trengst for å få fram informasjon om det norske forvaltningssystemet. Men initiativet til å ta i bruk eit privat miljømerke må komme frå næringa.

Vi ser at næringa har samla seg om arbeidet med miljømerking, og vi set pris på at vi får delta som observatørar i gruppa som driv arbeidet.

Formål med sporing
Næringa og styresmaktene har delvis ulike motivasjonar for å ville innføre sporingssystem.

Fiskeri- og kystdepartementets utgangspunkt er todelt:
Vi ønskjer å nytte sporing som eit verktøy i arbeidet med å kome det ulovlege, urapporterte og uregistrerte fisket – såkalla UUU-fiske, til livs. Vi er spesielt opptekne av å leggje til rette for system som gjer det muleg å spore, eventuelt også merke, fisken som er lovleg fanga. Poenget er å kunne spore fisken tilbake til landings- og sluttsetel eller andre dokument. Slik fisk vil vere registrert og avrekna på fartøyet sin kvote.

På denne måten vil vi gjere det muleg for butikkane og forbrukarane å velje fisk som er lovleg fanga og berekraftig forvalta.

Rykta om ”storhundre” under lofotfisket uroa meg. Gode tider for næringa skal ikkje vere gode tider for overfiske og anna juks. Det er heilt uakseptabelt at norske næringsaktørar driv med ulovlegheiter. I kampen mot UUU-fiske rettar vi med andre ord innsatsen både mot farvatn utanfor norsk jurisdiksjon og mot heimlege farvatn. Her er det sjølvsagt ein samanheng. Og la meg vere heilt tydeleg: Skal fiskeri- og kystministeren og eg kunne reise verda rundt med ein bodskap om at vi må få internasjonal orden på fiskeria, må vi vere sikre på at vi alle skikkar oss vel på heimebane. Elles kan vi kome til å misse truverd.

Det andre utgangspunktet for Fiskeri- og kystdepartementet er at sporing sjølvsagt også er ein viktig reiskap for å sikre at matvarer som kan innebere helsefare raskt kan trekkast tilbake frå marknaden.

Næringa har sjølvsagt ei eigainteresse i å kunne drive omsetning av lovlege varer.

Vidare har næringa gjennom matlova visse krav om sporing basert på behovet for å kunne trekkje tilbake fisk frå marknaden. Effektive sporingssystem vil også redusere næringa sine kostnader varer må trekkjast tilbake frå marknaden.

I tillegg opnar bruken av sporingssystem for å hente ut andre gevinstar i økonomi- og konkurransesamanheng.

Bedriftene kan optimalisere verdikjeda si. God og målretta sporing synleggjer produksjonsprosessen og viser forbetringspunkt.

Ei anna sak for næringa er at det trengst sporing for å kunne nytte alle typar merkeordningar. Ved god merking kan næringsaktørane oppnå høgre pris på produkta sine. Fleire og fleire marknader spør etter meir omfattande sporing. Til dømes hadde vi i departementet i fjor haust besøk av ei japansk TV-gruppe. Dei reiste rundt i Norge for å sjå på sporingsarbeidet som vert gjort i ulike bedrifter. I Japan står sporing av fisk høgt på dagsordenen.

Eg vil nemne at også EU-kommisjonen og EU-parlamentet har varsla at sporing skal prioriterast høgt i tida som kjem.

Harmonisering av sporingssystem
Departementets rolle i arbeidet med sporing har hittil vore å legge til rette for ein dialog mellom dei aktørane som er opptekne av dette. Slik ønskjer vi å medverke til framdrift i arbeidet.

Vi har særleg vore opptekne av å sikre at det ikkje vert utvikla ”ulike sporingsspråk”. For å få på plass eit system med sporing i heile verdikjeda er det viktig at systema ”snakkar” med kvarandre – altså at dei kan foreinast i ein standardsamanheng.

Styresmaktene og næringsorganisasjonane må medverke til dette i lag.

Salslaga må spele ei vesentleg rolle. Norges Råfisklag er ein svært viktig og ansvarleg aktør både i oppgåvene knytt til førstehandsomsetninga og i arbeidet med ressurskontroll.

I tillegg til at fiskerinæringa får til sporing av sine varer, er det viktig at arbeidet vert harmonisert med anna arbeid på sporingsområdet i Norge.

SINTEF og Fiskeriforsking har lenge arbeidd med å utvikle standardar for sporing av fisk og ligg langt framme internasjonalt.

I tillegg til at fiskeribransjen sine system snakkar med kvarandre, er det også ein fordel at dei andre matkjedene snakkar same språk. Det er også viktig for fiskeribedriftene. Vi kan sjå på eit eksempel:

Ei bedrift produserer fiskebollar. Dersom det ferdige produktet skal kunne sporast tilbake, er det ikkje nok at produsenten veit kvar fisken kjem frå. Dei andre innsatsfaktorane, for eksempel mjøl og tilsettingsstoff, må også kunne sporast.

For å sikre at dette vert muleg, er Fiskeri- og kystdepartementet med i E-sporingsprosjektet.

Prosjektet starta i regi av Landbruks- og matdepartementet. Målet er å kartleggje korleis vi best kan byggje opp system som sikrar sporing av mat og tilfredsstillande utveksling av informasjon i matkjeda.

I Fiskeri- og kystdepartementet er vi opptekne av å få til ein brei representasjon frå fiskerisida i prosjektet og vi har av den grunn nemnt opp ei styringsgruppe. Styringsgruppa vil få ansvar for å følgje opp pilotprosjekt, følgje opp støtteprosjekt om grunndataregister og å foreslå eventuelle nye tiltak.

Regelverket
I lovverket har matlova heimel til å påby sporing. Dette gjeld berre krav om sporing eit ledd fram og eitt ledd tilbake i verdikjeda. Dette er ikkje nok til å sikre full verdikjedesporing.

Verdikjedesporing krev at ein skal kunne hente fram informasjon om eit sluttprodukt der alle omdanningane produktet har vore igjennom, er registrert. Sporingsheimelen for fisk i matlova er knytt til mattryggleik, ikkje til om fisken er lovleg fanga eller ei.

I Fiskeri- og kystdepartementet arbeider vi no med ei ny havressurslov. Der vil vi foreslå ein heimel for å påby sporing av fisk som del av ein styrka ressurskontroll.

Bakgrunnen for dette er vanskane med å kome UUU-fisket til livs. Det ulovlege fisket i Barentshavet har vist oss kor omfattande og samansette desse problema er. Aktørane er utspekulerte og ressurssterke og gjer mykje for å skjule dei ulovlege aktivitetane. Å kunne sikre at omsett fisk er lovleg fanga vert svært viktig i kampen mot UUU-fisket.

Dette er høgt prioritert i departementet og regjeringa er svært oppteken av å vinne bukt med det ulovlege fisket.

Med heimel i havressurslova kan sporing gjerast obligatorisk slik at aktørane sjølve ikkje kan avgjere om dei vil bruke sporing eller ei.

Vi reknar med at Stortinget skal få framlegget til havressurslov hausten 2007.

Arbeidet med sporing framover
På forskingssida har det vore arbeidd med sporing ei tid. Det starta i stor skala med det EU-finansierte prosjektet Tracefish, der Fiskeriforsking og SINTEF har spelt ein viktig rolle.

Det er også tydeleg at den norske fiskerinæringa har teke eit stort felles løft for å kome i gang med sporingsarbeidet. Råfisklaget skal ha ros for eit tidleg initiativ for råvaresertifikat for reker. Eg har også registrert at råfisklaget er sentrale i pilotprosjektet som Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) og Aker Seafoods ASA har gått inn for på filetproduksjon av kvit fisk. Det er klart at råfisklaget, som eit stort og ansvarleg salslag, vert ein viktig og aktiv aktør i dette pilotprosjektet.

På styresmaktene si side vil Fiskeridirektoratet ha ein sentrale rolle i sporingsarbeidet. Direktoratet er ein naturleg samarbeidspartnar for salslaga. Direktoratet får også oppgåver knytt til krava frå Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) om dokumentasjon når fisk skal landast. I oppfølginga av det nye hamnestatsregimet vil NEAFC sjå nærare på sporingsspørsmålet.

Å innføre sporingssystem vil krevje mykje av næringa, ikkje minst vert salslaga sin rolle avgjerande. Mykje av informasjonen som trengst finst allereie i næringa og forvaltninga. Det er likevel ein omfattande prosess å få informasjonen til å følgje fisken gjennom heile verdikjeda.

Frå styresmaktene si side vil vi gjere det vi kan for å støtte næringa i den første fasen. Det er viktig for oss at prøveprosjekta kjem i gang så fort råd er. Teknologien er der, men det krev vilje og innsats å få dette til å fungere i praksis. Først når vi ser korleis prosjekta formar seg kan vi meine noko om kor krevjande det vert å få dette til i større skala.

Vi veit vi kan få til gode løysingar i samarbeid med råfisklaget og dei andre salslaga. De har den kunnskapen, erfaringa og innsikta som vi må ha med for å lukkast.