Historisk arkiv

Ei effektiv og framtidsretta losteneste

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si tale på årsmøtet til Norsk Losforbund, Trondheim 19. september 2008

Årsmøtet til Norsk Losforbund, Trondheim 19. september 2008

Først vil eg takke for hyggeleg invitasjon. Eg er glad for å kunne delta på årsmøtet til Norsk Losforbund, og dette seminaret om ”Sikker og miljøvenneleg sjøtransport”.

Eg skal seie noko om korleis vi i den politiske leiinga ser for oss rolla til ei framtidsretta losteneste i den samla satsinga på sjøsikkerheit. I det perspektiv vil eg ta for meg lostenesta si rolle ut i frå tre moment. Og la meg kort skissere ramma for dei tre punkta.

Først vil eg ta for meg kva lostenesta betyr i den samla politikken for hav- og kystforvaltninga. Regjeringa har som mål at ressursane i havet skal bidra til velstand og levande kystsamfunn. Vi kan ikkje nå desse måla utan eit godt havmiljø og ein sikker og framkommeleg sjøtransport.   

Deretter vil eg ta for meg behova for å tenkje nytt omkring losregelverket og organiseringa av lostenesta. Lostenesta finansierer seg sjølv.                                                                                                  

Sjølv om lostenesta er viktig for sikkerheita er det viktig at vi ikkje påfører brukarane unødvendige  kostnader. Det er og viktig at vi tilpassar regelverket til endra rammevilkår for sjøtransporten. Eit eksempel på endra rammevilkår kan vere innføring av ny teknologi som elektroniske navigasjonshjelpemiddel. Vi må møte desse utfordringane, dersom vi skal ha ei velfungerande og tilrettelagt losteneste for framtida.

Til slutt vil eg ta for meg utfordringane som følgjer av finansieringsstruktur for lostenesta. Det er ikkje nok at vi har ein velfungerande organisasjon og godt tilpassa regelverk. Vi er og avhengige av eit gebyrsystem som på ein god måte dekkjer behovet for inntening. Samstundes må vi ta omsyn til ulike brukarbehov.          

HAV- OG KYSTFORVALTNING

Eg skal seie litt om kva vekt denne regjeringa legg på sjøsikkerheita i eit samla perspektiv for hav- og kystforvaltninga.

Ressursane frå havet har gitt Noreg velstand. Havet er ei av dei viktigaste matkjeldene våre. Og fiskeressursane har gjennom tidene skapt grunnlag for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling langs kysten. Fiskeressursane skal også i framtida gje grunnlag for velstand og levande kystsamfunn. Ein sikker og framkommeleg sjøtransport er ein viktig føresetnad for å kunne nå desse måla.   

I ein verd der klima og miljøspørsmål stadig vert sette på dagsordenen, er det openbert at sjøvegen har ei viktig rolle å spele i framtida. Sjøtransporten har ein fordel samanlikna med andre transportformer når det gjeld klimautslepp per kilo transportert gods. Grunnen til dette er at mengda gods transportert på eit skip kan tilsvare fleire hundre lastebilar.

I eit meir lokalt miljøperspektiv kan også sjøtransporten vere eit godt val. Meir transport på sjøen vil avlaste vegane, føre til færre ulukker og redusere lokal forureining. I tillegg fører etablering av den nødvendige infrastrukturen for maritim transport til mykje mindre inngrep i naturen enn bygging av vegar og jarnbane.

Leia langs kysten er vår viktigaste transportåre – den er riksveg nr. 1 – og den knyter oss til dei viktige marknadene våre på kontinentet. Trygg seglas er ikkje berre viktig for å hindre ulukker. Trygg seglas er også viktig for å sikre framtidig verdiskaping innanfor dei marine næringane. Samstundes er det viktig å leggje til rette for bruk av sjøtransport. Sett frå eit større samfunnsmessig perspektiv er dette (trass alt) ei mykje meir miljøvennleg transportform enn for eksempel vegtransport.

Sjølv om sjøfarten representerer ei sikker og i utgangspunktet miljøvenneleg transportform, vil derimot konsekvensane av ei ulukke kunne vere alvorlege.

Ressursane og miljøet i havet er ein føresetnad for marin verdiskaping. Det er dei marine næringane vi skal leve av den dagen oljen tar slutt. Både busetjinga langs kysten og den nasjonale økonomien er heilt avhengige av reproduksjonsevna i havet.

Sjøsikkerheit er derfor ei av dei viktigaste oppgåvene som politisk leiing i Fiskeri- og kystdepartementet arbeider med.
 

SATSINGA PÅ SJØSIKKERHEIT

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for dei førebyggande tiltaka for sjøsikkerheit. Dette gjeld etablering og drift av maritim infrastruktur og tenester.

Den maritime infrastrukturen består av fyr, oppmerking og utbetring av farleier. Dei maritime tenestene omfattar lostenesta, trafikkovervaking og trafikkontroll, elektroniske navigasjonshjelpemiddel og meldings- og informasjonstenester.

Regjeringa har ein aktiv politikk for korleis dei tradisjonelle verkemidla, som til dømes fyr og sjømerke og losteneste, skal inngå i den samla innsatsen retta mot førebyggande sikkerheit. Vi satsar på dei tradisjonelle verkemidla gjennom dei årlege budsjetta. Denne regjeringa har auka løyvinga til fiskerihamner og farleiutbetringar. Med det har vi starta opphentinga av etterslepet i den økonomiske planramma i Nasjonal transportplan. Samtidig er vi opptatt av å tilpasse bruken av dei tradisjonelle verkemidla til utviklinga av ny teknologi som elektroniske navigasjonshjelpemidlar.  

Farleiutbetringar

Farleiene utgjer ein sentral del av transportinfrastrukturen, og er ein føresetnad for å fremme sjøtransporten. Tilstrekkeleg djup, breidde og rom for manøvrering er nødvendig for å kunne komme tilfredsstillande fram og for sjøsikkerheita.

Kystverket har i 2006 og 2007 gjort ferdig store utdjupingsprosjekt i Svelvikstraumen i Buskerud og i Drøbaksundet i Akershus. Utbetring av Brevikstraumen i Telemark vil bli ferdig i 2009.

Fyr og sjømerke

Fyr og sjømerke er visuelle hjelpemiddel for å gjere seglasen i farleiene så trygg som mogeleg. Trass i utviklinga av nye elektroniske navigasjonshjelpemiddel er tradisjonelle fyr og sjømerke framleis viktige for sjøsikkerheita. For fartøy med stor fart og i tronge farvatn er visuell navigasjon absolutt nødvendig. Tilbakemeldingane frå brukarane er klare på dette punktet. Visuelle navigasjonshjelpemiddel er nødvendige for at ein skal kunne få bekrefta posisjonen frå elektroniske hjelpemiddel, og også som eit sjølvstendig hjelpemiddel dersom elektroniske hjelpemiddel sviktar.

Behova for navigasjonsinnretningar endrar seg som følgje av ny teknologi, som til dømes elektroniske navigasjonshjelpemiddel. Desse behova blir følgt opp i arbeidet med å fornye navigasjonsinfrastrukturen. 

Lostenesta

Eit anna viktig sikkerheitstiltak med lange tradisjonar er lostenesta. Bruk av los er eit av dei viktigaste sikkerheitstiltaka for å hindre grunnstøytingar og kollisjonar. Dette blir bekrefta av ein risikoanalyse gjennomført av Det Norske Veritas, der ein har sett på ulike verkemidlar for å redusere risiko.

Trafikksentralar

I 2007 vart trafikksentralen i Vardø sett i operativ i drift. Dermed har vi fem trafikksentralar i drift på norskekysten. Dei dekkjer indre del av Oslofjorden, innseglinga til industrianlegga i Telemark, trafikk knytt til oljeverksemda i Rogaland og Hordaland og Nord-Noreg.

Kystverket har etablert eit nasjonalt system for mottak av AIS-signal frå skip langs heile norskekysten. For å nå måla om ein sikker sjøtransport legg vi vekt på å byggje ut moderne IKT innan navigasjonsområdet.

KVA NY TEKNOLOGI BETYR – BEHOV FOR ENDRINGAR I DEI TRADISJONELLE VERKEMIDLA

Så langt fram vi kan sjå vil vi vere avhengige av tradisjonelle navigasjonshjelpemiddel som fyrlykter og merke, både for at fartøya skal kunne kontrollere at elektroniske navigasjonshjelpemiddel gjev rett posisjon og som sikkerheit ved eventuell svikt i elektroniske hjelpemiddel.

Tilsvarande vil vi også i framtida vere avhengige av losane sin navigasjonskompetanse og spesialkunnskap om lokale farvatn.        

Innføring av ny teknologi og elektroniske navigasjonshjelpemiddel medfører like fullt eit behov for å vurdere dei tradisjonelle verkemidla på nytt. Som eg allereie har nemnt gjer vi dette i dag når vi etablerer ny navigasjonsinfrastruktur. Med same utgangspunkt må vi også sjå på lostenesta.

Ein av hovudføresetnadane for å få det til på ein god måte er ein felles forståing av at det er nødvendig med effektivisering og omstilling. Då må vi ha ein prosess der vi trekkjer med organisasjonane til alle dei tilsette, brukarane og dei folkevalde.

Så til spørsmålet om korleis vi i den politiske leiinga ser for oss rolla til ei effektiv og framtidsretta lostenesta. 

Først vil eg ta for meg kva vi tenkjer om endringar i losregelverket og organisering av lostenesta i framtida. Dette er blitt kjent som loseffektiviseringsprosjektet.

Deretter skal eg ta for meg spørsmålet om finansiering av lostenesta, med andre ord kva vi ser for oss av justeringar i Kystverket sin gebyrstruktur, der jo losgebyra er ein betydeleg komponent.

LOSEFFEKTIVISERINGSPROSJEKTET

Eg startar med loseffektiviseringsprosjektet.

Departementet har motteke ei utgreiing frå Kystverket med forslag til revisjon av losregelverket. Utgreiinga tilrår tiltak som kan gje effektiviseringsgevinstar samtidig som sjøsikkerheita blir teken vare på.

Utgreiinga har vore til behandling i departementet og vi vil i desse dagar sende eit svar til Kystverket. Kystverket vil bli bedt om å ferdigstille forslaga med tanke på at endringsforslag skal sendast ut på brei høyring.

Eg vil derfor ikkje komme inn på detaljar her, men nøye meg med å nemne nokre hovudmoment.

Departementet legg vekt på at forslaga frå Kystverket tek omsyn til endra behov som følgje av ny teknologi, som til dømes elektroniske navigasjonshjelpemidlar. Vi har og merka oss at forslaga til nye reglar i større grad harmoniserar med regelverk i land det er naturleg å samanlikne oss med.

Ein annan viktig komponent er forslag om å gjere det enklare å få farleibevis. Dette skal gjerast ved å vri tyngdepunktet frå formelle krav til fartstid og segling på norskekysten til faktisk prøving av kompetanse. Meininga er å få ein meir optimal ressursbruk i lostenesta, ved at skipsfartsnæringa får eit insitament til å skaffe seg nødvendig kompetanse for å kunne gjennomføre sikker seglas utan los om bord.    

Vi har tru på at forslaga kan bidra til betydelege effektiviseringar, samstundes som sikkerheita fullt ut blir teken vare på, på det nivået vi har i dag.

Forslag til endringar vil bli sendt på høyring i 2009.

FINANSIERING

Gebyr- og avgiftsstrukturen er eit viktig verkemiddel i transportpolitikken, og har innverknad på korleis transporten faktisk fordeler seg mellom transportformene. Regjeringa ønskjer ei samla vurdering av alle gebyr og avgifter knytte til sjøtransporten, og vi har ein ambisjon om at sjøtransporten skal få like konkurransevilkår samanlikna med landtransporten.

Det er mange avgifter og gebyr som blir belasta sjøtransporten og som verkar inn på transportsektoren samla. I dette inngår rammeføresetnader som ligg utanfor Fiskeri- og kystdepartementet, som for eksempel finanspolitikken.

Det er derfor naturleg at ein samla gjennomgang av gebyr og avgifter innan sjøtransporten blir sett i samband med rulleringa av Nasjonal transportplan.  (Dette er ein naturleg stad å forankre ambisjonen om like konkurransevilkår mellom transportformene). Resultatet av denne gjennomgangen vil derfor bli presentert i samband med framlegginga av Nasjonal transportplan 2010-2019. Dette vil skje vinteren 2008/2009.

I forlenginga av den samla gebyr- og avgiftsgjennomgangen er det naturleg å sjå nærare på strukturen i gebyra som Kystverket krev inn. Det er viktig å utvikle eit gebyrsystem som kan stimulere til utvikling av ein rasjonell og effektiv sjøtransport. Samstundes ser vi behov for løysningar som tek omsyn til betalingsevna til dei ulike fartøya. Kystverket har levert ei utgreiing om saka, som har vore til vurdering i departementet. Samstundes med tilbakemeldinga om loseffektiviseringsprojektet vil vi også gi ei tilbakemelding om gebyrstrukturen.

Forslag til endringar i gebyrstruktur for Kystverket vil bli sendt på høyring i 2009 saman med høyringsforlag på loseffektiviseringsprosjektet.

Eg vil ikkje komme inn på nærare detaljar no. Det får høyringa vise. Eg vil berre nemne at forslaga vil innehalde ein stimulans til auka bruk av farleibevisordninga, som blir gjort  enklare og meir attraktiv, i tråd med ønskje frå næringa. Gevinsten vil vere mindre ressursbruk i Kystverket, samstundes som sikkerheita blir teken vare på. Slik sett vil det vere samsvar mellom forslag til gebyrendringar og loseffektiviseringsprosjektet.

Sjøtransport er eit miljøvenneleg alternativ langs kysten. Men det kan bli endå betre og det kan brukast meir. Då må det vere både lønnsamt, enkelt og miljøvenneleg å velje båt framfor lastebil for delar av transporten. Regjeringa vil medverke til dette gjennom dei årlege budsjetta og ved hjelp av Nasjonal transportplan, slik at sjøtransporten både kan fremme ny aktivitet og sikre trygg, miljøvennleg transport på sjøvegen.    

Eg har prøvd å beskrive korleis Fiskeri- og kystdepartementet ser på lostenesta si rolle i framtida:

  • Eg har peika på lostenesta si rolle i den samla politikken for hav- og kystforvaltning.
  •  Vidare har eg peika på behovet for endringar i losregelverket, mellom anna som eit resultat av loseffektiviseringsprosjektet.
  •  Til slutt har eg komme inn på behovet for ny finansieringsstruktur.

Desse tre momenta heng nøye saman. Vi i den politiske leiinga har som mål ”eit reint hav" og "fisk som fornybar ressurs". Sjøsikkerheit er heilt klart avgjerande for å kunne nå desse måla. Dette blir ikkje mindre viktig når vi ser på Stortinget si behandling av Nasjonal transportplan, der det var brei politisk semje om å leggje til rette for overføring av transport frå veg til sjø (og bane). Eg vil leggje til at dette i seg sjølv er god miljøpolitikk då sjøtransport ofte er meir miljøvennleg enn vegtransport.

Skal vi lukkast med måla om ei effektiv, sikker og framtidsretta losteneste stiller det krav til omstillingsvilje og dyktigheit. 

Omleggingane betyr ikkje at vi skal slutte å lose skipa inn til norsk hamn. Lostenesta er ein viktig komponent i arbeidet med trygg seglas langs kysten.

Eg har tru på at vi kan gjere lostenesta meir effektiv samtidig som krava til sikkerheit held same høge nivå som i dag. Men det krev at alle som jobbar med, eller i lostenesta, bidrar til å nå dette målet. Det er viktig at både losar, losbåtførarar, losformidlarar, administrative medarbeidarar og byråkrater og politikare som utformar og utarbeider regelverket, tek sin del av ansvaret.

Eg lovar at embetsverket og politisk leiing i departementet skal gjere sitt beste, slik at vi saman med dei som skal gjere den praktiske og fysiske del av arbeidet utviklar ei robust og sikker losteneste for framtida.