Historisk arkiv

Fisk og olje - nok ein gong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innleiing av statssekretær Vidar Ulriksen, 16. august på Husøydagan 2008.

Statssekretær Vidar Ulriksen, 16. august 2008
Husøydagan – 2008

Temaet for Husøydagan - 2008 er fisk og olje. Dette er viktige tema, ikkje minst for dei som har havet som arbeidsplass. Vi i Fiskeri- og kystdepartementet er opptekne av sameksistens mellom desse to viktige næringane for landet vårt. Men vi gløymer ikkje at når oljen og gassen ein gong tek slutt så skal vi fortsetje å hauste av dei levande ressursane i havet. Dette er føresetnaden for sameksistens mellom dei to næringane.

Seismikk

Dei seismiske undersøkingane som Stortinget har bedt om å få gjennomførd i Nordland VII og Troms II skapte mykje turbulens i forkant av undersøkingane. Men eg har fått opplyst at det i sommar ikkje har vore direkte konfliktar mellom fiskefartøy og dei seismiske undersøkingane. Det er framleis støy i pressa kring spørsmål knytt til dei seismiske undersøkingane, men det er også siste året gjort ein del grep (Figur 1) for å  følgje opp forslaga om endra prosedyrar ved seismiske undersøkingar.

Det har vore to arbeidsgrupper i arbeid denne våren som skulle sjå på spørsmål knytt til slike undersøkingar:

  • Den eine gruppa var samansett av folk frå Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet. Dei har foreslått ei rekkje forbetringar/forenklingar i regelverket, mellom anna å styrkje ordninga med fiskerikyndig og krav til satellittsporing av seismikkfartøya.
  • Den andre gruppa – som vart leia av Olje- og energidepartementet – var samansett av representantar for næringane og myndigheitene. Gruppa foreslo fleire forbetringar i dagens erstatningsordning for å gjere den meir tilgjengeleg – som til dømes å utarbeide eit skjema som den einskilde fiskeskipper sjølv kan fylle ut.

I etterkant har vi bestemt å stramme inn på behandlingstida for søknader om erstatning – det skal ikkje ta meir enn 4 månader før søkjaren får svar.  Fiskeridirektoratet melder at dei hittil har registrert 2 søknader knytt til områda Nordland VII og Troms II, med krav om erstatning for seismisk aktivitet.

 Og sjølv om det ofte vert omtala i pressa at vi veit lite om effektar på livet i havet av seismikk skytinga, så kan forskarane fortelje oss ein god del (Figur 2), og undersøkingane held fram (Figur 3).

Men vi må heller ikkje stikke under ein stol at det er problem når to næringar ønskjer å vere på same plass samstundes. Den tydelege veksten i seismikkaktiviteten, særleg i Nordsjøen, aukar naturleg nok også konfliktnivået. Her vil eg understreke at det ikkje må vere tvil om at omsynet til fiskeria skal vege like mykje som andre og tyngre økonomiske interesser. Dei ulike interessene skal behandlast likt. Vi har tru på ein open dialog, der alle skal få seie kva dei meiner.
 
Når det gjeld sommarens seismiske undersøkingar i Nordland VII og Troms II så håpar eg at Oljedirektoratet har fått gjort tilstrekkelege undersøkingar i år så vi slepp tilsvarande problem til neste år. Vi har registrert at det har vore eit dårleg blåkveitefiske og at det er rapportert om reduserte fangstar av sei i området. Når det gjeld blåkveite kan verforholda, med mykje nordlege og nordaustlege vindretningar, vere ei årsak, låge fiskeprisar og høge drivstoffkostnader kan også vere medverkande. Men sjølvsagt må også seismikken reknast med.

Havforskarane seier dei har lite kunnskap om effekten av seismisk skyting på seifangstane. Men seien er ein nær slektning av torsk og hyse. Han har god hørsel, og andre typar forsøk syner at sei ofte reagerer på lyd, bl.a. frå fiskefartøy. Det er difor grunn til å tru at også seifangstar kan påverkast av lyden frå seismiske luftkanoner.

Forvaltningsplanen

Forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten gir eit rammeverk for å vege dei einskilde interessene opp mot kvarandre. Forvaltninga skal vere økosystembasert og føre-vâr-prinsippet skal leggjast til grunn for avgjerdene. I dette ligg også at vi skal ta vare på det biologiske mangfaldet og vi skal beskytte særleg verdefulle område som til dømes korallreva. Den nye havressurslova inneheld føresegner som sikrar dette. 

Forvaltningsplanen skal reviderast i 2010. Då skal kunnskapsgrunnlaget
(Figur 4) vere så godt at Stortinget skal kunne vurdere om Nordland VII og Troms II skal opnast for petroleumsverksemd. Dersom Stortinget vil opne desse områda så må myndigheitene gjennomføre ei konsekvensutgreiing slik petroleumslova krev før saka kjem til ny behandling i Stortinget.

Media

FiskeribladetFiskaren har siste veke hatt ein serie artiklar om fisk – olje-problematikken. Det eg har lese så langt meiner eg er både spennande og  ballansert informasjon. Artiklane viser at alt ikkje er svart/kvitt og at det samstundes sjølvsagt er mykje vi ikkje veit. Sist måndag var overskrifta ”Fisken stakk frå oljen”. Om oljealderen hadde starta i Nordsjøen den gongen då den norsk vårgytande silda brått flytta gyteområda sine frå felta utanfor Karmøy til nord om Stad, så hadde nok overskrifta måtte seiast å vere midt i blinken. Men dette skjedde lenge før nokon hadde tenkt på oljeutvinning til havs i Nordsjøen. Årsaka til at silda så brått flytta nordover veit vi ikkje. Men lærdomen denne dramatiske hendinga gir oss er at det har skjedd store endringar i havet som ikkje skuldast menneskeleg aktivitet, og endringar vil skje igjen. Dette er av dei  utfordringane forskarane har når dei skal vurdere årsakssamanhengen knytt til observasjonar i havet.

20. konsesjonsrunde

Når det er sagt er det og viktig at petroleumsaktiviteten tek dei nødvendige omsyn til livet i havet og til fiskeria. Vi veit mykje om kva eit oljeutslepp kan bety for dei marine miljøa, og denne kunnskapen kjem til nytte når myndigheitene fastset føresetnadene for petroleumsverksemda. Seinast vart dette presentert i miljø- og fiskerivilkåra knytt til utlysninga i 20. konsesjonsrunde. Vilkåra set strenge og spesifikke restriksjonar for dei einskilde blokkene når det gjeld tidsrom for prøveboringar og seismiske undersøkingar, likeeins seier vilkåra at operatørane skal synleggjere dei miljøvurderingane som ligg til grunn for dimensjoneringa av beredskap mot akutt forureining.

Vilkåra viser også til dei skjerpa krava til petroleumsverksemd som er fastsette i stortingsmeldinga om forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. I desse områda gjeld krav til verkeleg null utslepp frå petroleumsverksemda i motsetnad til det som førebels gjeld for resten av sokkelen, der kravet er null utslepp av miljøfarlege stoff.

Beredskap

Når det gjeld oljeforureining er største faren eit tankbåtforlis nær kysten. Vi har derfor i mange år hatt ein statleg slepebåtberedskap i Nord-Norge. Forvaltningsplanen for Barentshavet tek omsyn til auka oljetrafikk og vi har oppretta seglingsleier eit godt stykke frå kysten, frå Vardø til Røst. Overvakingssentralen i Vardø held greie på skipstrafikken. Føremålet med seglingsleiene er både å separere trafikken for å unngå samanstøyt og å få trafikken langt nok frå kysten slik at vi kan nå fram med hjelp før havaristen når land, men ikkje så langt ut at beredskapstiltaka ikkje når fram før det er for seint. Med dagens beredskap ville trafikksentralen straks ha fanga opp at slepet av ”Murmansk” var ute av kontroll. Og føresett at slepet følgde seglingsleia ville vi ha unngått at ”Murmansk” hamna i fjøresteinane utanfor Sørvær. Det viser seg ofte å vere billegare å førebygge enn å reparere.

Sluttord

Eg vil slutte med å understreke at Fiskeri- og kystdepartementet sitt mål er å syte for ei berekraftig hausting av dei levande ressursane i havet. Då kan fiskeria  halde fram også etter at dei siste oljedråpane og den siste gassen er henta opp frå havbotnen. Ei berekraftig hausting krev at vi tek omsyn til økosystema, der dei einskilde fiskeslaga er bitar i ein større samanheng. Dei marine økosystema vert utsette for mange truslar. Både dei menneskeskapte og dei naturlege påverknadene kan endre produksjonstilhøva og dermed få utslag i kva og kor mykje vi kan hauste. Det krev at vi må gå varsamt fram i alt vi gjer. Vi må vite korleis dei einskilde aktivitetane påverkar systema og ta omsyn til det i planlegginga vår.

Forureining kan påverke økosystema, anten det er direkte utslepp av skadelege komponentar eller det er støy. Utfordringa for departementet er å kunne sjå alt i ein samanheng. Her treng vi råd. Vi har Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Kystverket til hjelp, men også bidrag frå fiskarar og fiskarlag er viktige utgangspunkt for den samla vurderinga som departementet må gjere.