Fiskarane sine ordningar no og i framtida
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Tale av statssekretær Vidar Ulriksen under Norsk Sjømannsforbunds Fiskerikonferanse, Ålesund 17. 04. 2008
Tale/innlegg | Dato: 18.04.2008
- Regjeringa legg stor vekt på å fremme rekrutteringa til fiskaryrket. Regjeringa legg til rette for ei berekraftig og lønsam næring med gode og stabile vilkår og auka kompetanse, sa statssekretær Vidar Ulriksen på fiskerikonferansen til Norsk Sjømannsforbund i Ålesund.
- Regjeringa legg stor vekt på å fremme rekrutteringa til fiskaryrket. Regjeringa legg til rette for ei berekraftig og lønsam næring med gode og stabile vilkår og auka kompetanse, sa statssekretær Vidar Ulriksen på fiskerikonferansen til Norsk Sjømannsforbund i Ålesund i dag.
- Vi har sett i gang arbeid med ein analyse som skal vise korleis rammevilkåra til fiskerinæringa påverkar konkurransen om arbeidskrafta, vi vil fremme forslag om korleis ein kan etablere seg som fartøyeigar og det er oppretta eit ”prosjekt rekruttering” for å få fleire til å arbeide i marine næringar, sa Vidar Ulriksen. Dette prosjektet er tildelt 3,5 millionar kroner, og det skal utformast strategi og handlingsplanar for rekrutteringsarbeidet.
- Men næringa må også gjere sitt og medverke til å skape eit positivt bilde av det å vere fiskar og mannskap på fiskefartøy, drive rekrutteringsarbeid og skape eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsvilkår om bord i fartøya, sa Ulriksen.