Historisk arkiv

Open dialog i forvaltninga av havområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Foredrag av statssekretær Vidar Ulriksen, Sogn og Fjordane Fiskarlag: Tema- og formannskonferanse 2008. Florø 16.04.2008

- Prinsippa om sameksistens er ein føresetnad for forvaltninga av havområda våre, og det er ikkje slik at omsynet til fiskeria skal vike for andre økonomiske interesser. Vi må heile tida ha ein open dialog, sa statssekretær Vidar Ulriksen på temamøtet om fornybar energi som Sogn og Fjordane Fiskarlag arrangerte i Florø.


Konferansen i dag gjeld fornybar energi, vindmøller, seismikk og miljø. Det er viktige tema alle saman, og ikkje minst for dei som har havet som arbeidsplass. Eg vil ikkje gå andre i næringa med detaljar om det meir faglege, men eg vil nemne noko av det vi i Fiskeri- og kystdepartementet er opptekne av.

Om seismikk
Andre på konferansen vil gjere greie for dei grepa som no er tekne for å rette opp skeivheiter i regelverket kring seismiske undersøkingar og det forskarane veit om effektane av desse. Det har vore og er mykje støy i pressa kring spørsmål knytt til dei seismiske undersøkingane som oljeselskapa driv, ofte i område der det og vert drive fiske. Eg må også minne om at der det ser uttil å vere mest støy, om undersøkingane utafor Lofoten – Vesterålen, der er det Stortinget som har vedteke at undersøkingane skal gjerast og at det skal skje i regi av Oljedirektoratet.

Men det er ikkje alltid like lett å kjenne seg att i det som vert skrive. Vi må heller ikkje stikke under ein stol at det kan bli problematisk når to næringar ynskjer å vere på same plass samstundes. Og fiskarane har ein lang tradisjon for å råde grunnen åleine sjølv om vi no har hatt oljeverksemd i våre farvatn i meir enn førti år. Her som i alle andre samanhengar meiner vi at prinsippa om sameksistens er ein føresetnad for forvaltninga av havområda våre. Men dette må ikkje oppfattast slik at omsynet til fiskeria skal vike for andre, meir tunge økonomiske interesser. Vi har tru på open dialog, alle skal få seie kva dei meiner.

Berekraftig hausting
Fiskeri- og kystdepartementet har som mål å syte for ei berekraftig hausting av dei levande ressursane i havet, og fiskeria skal då kunne halde fram også etter at dei siste oljedråpane og gassen er henta opp frå havbotnen. Ei berekraftig hausting krev at vi tar omsyn til økosystema, der dei einskilde fiskeslaga er bitar i ein større samanheng. Dei marine økosystema vert utsette for mange truslar, både dei menneskeskapte og dei naturlege påverknadene kan endre produksjonstilhøva og påverke kor mykje og kva vi kan hauste. Det krev at vi må gå varsamt fram i alt vi gjer. Vi må vite korleis dei einskilde aktivitetane påverkar og ta omsyn til dei i planlegginga vår.

Forureining, anten det gjeld direkte utslepp av skadelege komponentar eller det er støy, kan påverke økosystema. Utfordringa for departementet er å kunne sjå alt i ein samanheng. Her treng vi råd. Vi har Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Kystverket til hjelp, men eg vil gjerne nemne at bidrag frå fiskarar og fiskarlag også er viktige for den samla vurderinga som departementet må gjere.

Som kjent arbeider Regjeringa med ei heilheitleg forvaltningsplan for Norskehavet. Den skal leggjast fram for Stortinget neste vår og vil følgje same mønster som forvaltningsplanen for Barentshavet som vart lagt fram i ei stortingsmelding våren 2006. Det er viktige at slike planar er konstruktive og at omsyn til dei einskilde næringane vert vektlagd på rett måte. Sameksistens mellom alle brukarane av havet er ein føresetnad for god forvaltning. Fiskeri- og kystdepartementet har her eit særskild ansvar. Når det gjeld dei levande marine ressursane så vil den nye havressurslova som er til behandling i Stortinget vere ein viktig reiskap for ei framtidsretta og berekraftig forvaltning.

Vindkraft
Ei anna utfordring for marin verdiskaping i kystsona er tilgangen på eigna areal. Kystnære sjøareal er ein avgrensa ressurs der mange interessentar er på bana. Det er så vel nærings- som friluftsinteresser og i seinare tid har også ulike vindkraftprosjekt meldt seg på.
Det er i dei fylkeskommunale og kommunale arealplanprosessane mange av premissane for arealbruken i kystsona vert lagde. Det er difor viktig at både fiskeriforvaltinga og fiskeri- og havbruksnæringa deltek aktivt i desse prosessane.

Vindkraftanlegg utanfor grunnlinjene ligg nok enno nokre år fram i tida, men vi i Fiskeri- og kystdepartementet er urolege for det arealbeslaget som slike anlegg vil medføre. Vi vil følgje utviklinga nøye og delta i arbeidet med reglar for vindkraftanlegg i sjø. Alle faste utbyggingar i sjø kan verte til hinder for fiskeria, det er difor særs viktig at vi allereie frå starten av er nøye i planlegginga slik at vi ikkje skaper unødige konfliktar. For det er vel ikkje slik at dei stadene i havet der det blæs mest også er dei stadene med mest fisk?

Eg trur nok at det er langt fram før vi får utbygging til havs av vindmøller. Utanfor kysten av Danmark, både i aust og vest, finst allereie lange rekkjer med vindmøller. Dei står på rimeleg grunt vatn og kan ikkje samanliknast med eit system der møllene må forankrast på djupt vatn. Men vi kan dra nytte av erfaringane frå Danmark i vår planlegging.

Sluttord
Sogn og Fjordane Fiskarlag skal ha ros for at dei tek tak i spørsmåla kring vindmøller, seismikk og miljø. Det er viktig å førebu gjennom sakleg diskusjon spørsmål kva som må gjerast for å unngå konfliktar. Eg håpar dette seminaret kan hjelpe til med å få fram kunnskap - og då tenkjer eg kunnskap ikkje berre i teknisk forstand, men også kunnskap om kva dei einskilde interessene meiner. Gode diskusjonar er alltid viktige, difor ønskjer eg lukke til vidare med dagens seminar.