Historisk arkiv

Informasjonsmøte om tømminga av vraket av ”Welheim”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på informasjonsmøte om tømminga av vraket av ”Welheim” i Florø.

Det ligg mange vrak langs vår lange kyst. Kystverket har registrert over 2000 vrak i sin vrakdatabase. Dette er vrak etter fartøy som har gått ned sidan 1914 og som var på 100 bruttotonn eller meir. Dei færraste av desse vraka utgjer ein fare for forureining.

Det har i den seinare tid vorte sagt at vi ikkje har nokon oversikt over vraka, og heller ikkje gjer noko med dei av vraka som vi veit utgjer ein fare for forureining. Dette er feil.

Tømminga av vraket av ”Welheim” for olje er eit døme på at vi jobbar systematisk med å handtere forureining frå skipsvrak. 

I 2006 leverte Kystverket ein rapport til Fiskeri- og kystdepartementet med vurdering av faren for oljeforureining frå skipsvrak. I denne rapporten har Kystverket, mellom anna basert på tidlegare undersøkingar, gjort ei nærmare fagleg vurdering av 30 av vraka langs kysten med vekt på faren for akutt oljeforureining.

Av dei 30 vraka vart 5  prioritert av Kystverket for vidare tiltak. Kystverket si prioritering er basert på ei totalvurdering av påvist og berekna oljemengde, vrakas plassering og faren for forureining som kan ha ein verknad for miljø og friluftsliv.

Kystverket meinte at to av vraka, ”Nordvard” i Moss og ”Welheim” i Flora, burde undersøkjast nærmare i  2008, og at dei måtte tømmast dersom det viste seg at vraka inneheldt mykje olje. 
Regjeringa har følgt opp Kystverket si  tilråding i rapporten frå 2006. Tømminga av vraket av "Nordvard" i Moss vart avslutta i vår og i revidert nasjonalbudsjett i år vart det løyvd 25  millionar kroner til tømming av "Welheim" no i haust.

Dei tre siste vraka med fare for oljeforureining som Kystverket har tilrådd at ein må få undersøkt, og eventuelt tømme, er
”Boardale" i Vesterålen og "Erich Giese" og "Neuenfels" i Narvik. Kystverket har tilrådd at dette skjer i løpet av 2010.

Fiskeri- og kystdepartementet og regjeringa vil halde fram arbeidet med vraka som utgjer ein fare for oljeforureining.

I tillegg til arbeidet med vrak som kan føre til oljeforureining, arbeider vi også med vrak som kan vere ein miljørisiko av andre grunnar enn at det er olje ombord.

I fjor undersøkte Kystverket vraket av "Orizaba" ved Skjervøy i Troms i samarbeid med andre fagetatar etter at det kom fram opplysningar i media om at det skulle vere kvikksølv i dette vraket. Undersøkinga av ”Orizaba” viste at dette ikkje var tilfelle.

Den 10. november i år overleverte Kystverket sin rapport med tilråding om korleis vi bør handtere kvikksølvforureininga frå vraket av ubåten U-864 ved Fedje, til fiskeri- og kystministeren.  Dette er naturleg nok ei sak som har høg prioritet i departementet, og i går var statsråden på Fedje for å møte lokalbefolkninga og høyre deira syn på saka. 

No i haust starta Kystverket også arbeidet med ei heilskapleg vurdering av faren for anna forureining enn olje frå skipsvraka. Siktemålet er å gi ein rapport til Fiskeri- og kystdepartementet i løpet av hausten 2009.

Men, tilbake til dagen i dag og tømminga av vraket av ”Welheim”:

Kystverket og Riise Underwater Engineering har orientert om ein vellukka tømmeoperasjon. Sjølvsagt skulle vi gjerne sett at alle tankane i vraket var tømde, men vi kan ikkje gå på akkord med tryggleiken til personellet. Eg vil nytte høvet til å takke både Kystverket og Riise Underwater Engineering for vel gjennomført arbeid.

Med tømminga av ”Welheim” har vi redusert faren for framtidige oljeutslepp frå vraket betydeleg – utslepp som kunne skada naturmiljøet, fiskeri og havbruksnæringa, og vore til stor ulempe for lokalbefolkninga.