Historisk arkiv

Korleis vil fangstleddet sjå ut i framtida – korleis skal ein nå måla?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si innleiing til årsmøtet i Møre og Romsdal Fiskarlag

Innleiing til årsmøtet i Møre og Romsdal Fiskarlag
Ålesund 30. oktober 2008

Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester.

Først av alt vil eg få takke for invitasjonen. Eg vil rose dykk for eit spennande program, og eg ser fram til gode innlegg og gode diskusjonar.

Eg er blitt beden om å snakke om korleis fangstleddet skal sjå ut i framtida og korleis ein kan nå dei måla ein set. Eg skal gjere greie for regjeringa sin politikk, og vise korleis den tar vare på næringa og på dei lokalsamfunna som er avhengige av fiskeria.

Men dette spørsmålet er på mange måtar underordna dei grunnleggjande premissane for ressursforvaltninga vår, som fangstleddet også er avhengig av.

Eg vil difor ta følgjande utgangspunkt:
• Vi har berekraftige fiskebestandar.
• Vi har lønnsame reiarlag og bedrifter.
• Og vi har busetjing langs kysten i kreative og levande kystsamfunn.

Eller i meir direkte tale: Fisk i havet, fiskarar som tener pengar og lys i husa!

Det betyr at vi har lukkast svært godt i fiskeripolitikken vår! Det går godt for norsk fiskerinæring. Det er ikkje nokon motsetnad mellom raudgrøn fiskeripolitikk og god bedriftsøkonomisk lønnsemd. Så har det skjedd ting på kostnadssida no i 2008. Det kan sjølvsagt gje utslag i rekneskapstala både for flåten og for dei enkelte fartøya, sjølv om oljeprisen no er halvert samanlikna med då den var på det høgaste i sommar.

Det skal eg kome attende til. Her skal eg berre peike på at god lønnsemd i flåteleddet er eit av måla i Soria Moria-erklæringa. Men i regjeringserklæringa er det også slege fast at fisken er fellesskapet sin eigedom og at denne ressursen skal forvaltast på ein måte som bidreg til å oppfylle distriktspolitiske mål.

Fornybare ressursar – berekraftig forvaltning   
Det er nokre sentrale rammevilkår som ligg fast i fiskeripolitikken. Råfisklova, deltakarlova og stabil ressursfordeling er viktige stikkord. Dei har lege fast over lengre tid. Dei er stabbesteinar som gjev fiskerinæringa stabile og føreseielege rammer å halde seg til.

Eit anna sentralt rammevilkår er ansvarleg ressursforvaltning. Fiskerinæringa er basert på fornybare ressursar. Dette stiller krav til forvaltninga.

Ei ansvarleg og berekraftig forvaltning inneber at vi skal hauste av ressursane i havet, slik menneska alltid har gjort. Fisken er ei av våre viktigaste kjelder til mat. Ressursane skal forvaltast slik at kommande generasjonar også kan hauste av dei, på same måte som vi gjer no. Difor er det viktig å peike på at dette er nasjonale ressursar, og dei overordna måla for forvaltninga må difor også fastsetjast nasjonalt. Så kan det innanfor ei slik ramme leggast til rette for ulike former for regionale forvaltningsmodellar. Eit eksempel på dette er forvaltninga av kongekrabbe, der vi i forvaltningsreforma har foreslått å leggje til rette for lokal forvaltning. Men fastsetjing av nasjonal kvote og kvotar til dei ulike fartøya, vil framleis verte fastsett nasjonalt. 

Vi har reine og rike havområde og vi er komne langt på veg mot målet om ei langsiktig og berekraftig forvaltning. Men dette er ikkje eit mål vi når ein gong for alle. Vi jobbar heile tida for å verte betre.

I den nye havressurslova ligg det difor fleire viktige nyvinningar. Myndigheitene har no ei plikt til jamleg å vurdere kva for forvaltningstiltak som er nødvendige. Det skal sikre ei ansvarleg og berekraftig ressursforvaltning. Og det skal sikre at fiskeressursane gjev ei stabil og høg avkastning over tid.

I tillegg har vi i havressurslova styrka utkastforbodet. Dette har også fiskeri- og kystministeren tatt opp med EU-kommisjonen med sikte på at fisk som vert fanga av EU fartøy i norske farvatn ikkje vert kasta ut i EU-sona, slik vi såg eksempel på i sommar.

Når eg legg så stor vekt på dei grunnleggjande premissane for ressursforvaltninga, er det fordi det knapt finst noko som er viktigare no og i framtida enn dette. Ei ansvarleg ressursforvaltning legg grunnlaget for at vi i det heile tatt har ei fiskerinæring.

Samla sett har vi tre grunnleggjande pilarar for norsk fiskeriforvaltning:
• Forvaltninga er basert på vitskaplege råd.
• Dei marine ressursane skal forvaltast berekraftig.
• Vi set i verk tiltak for bestandar der situasjonen ikkje er så god som ønskjeleg.

Vi skal alltid vere gjenkjennelege på dette, anten det gjeld norsk fiskeriforvaltning, forhandlingar med andre land eller i internasjonale fora der fiskeri- og miljøspørsmål vert drøfta.

Haustens høgdepunkt, dei årlege kvoteforhandlingane med andre land, nærmar seg. Rådgjevinga frå Det internasjonale råd for havforsking, ICES, og frå Havforskingsinstituttet er i hovudtrekk positiv. Bestandane i Barentshavet er i framgang, og torskekvoten for neste år er den høgaste på fleire år. Dei pelagiske bestandane, med unntak av kolmule, er også i svært god forfatning. I Nordsjøen er seibestanden i god forfatning, noko som er viktig for fiskarane i Møre og Romsdal. For andre nordsjøbestandar har vi framleis utfordringar, spesielt for sild og torsk. Men i hovudtrekk kan vi slå fast at den viktigaste føresetnaden for ei lønnsam fiskerinæring også i framtida, ressursgrunnlaget, er på plass.

Grunnlaget for strukturpolitikken
Regjeringas fiskeripolitikk byggjer på denne ansvarlege og berekraftige forvaltninga. Det er grunnlaget for alt vi gjer. Viss vi ikkje har bestandar som gjev ei god og stabil avkastning, vert andre diskusjonar som strukturpolitikk og korleis fangstleddet skal sjå ut, underordna.

Regjeringas fiskeripolitikk har 4 hovudmål. Vi skal leggje til rette for
• rettferdig fordeling av ressursane,
• ein variert eigarskapsstruktur,
• lokalt forankra fiskebåtreiarlag, og
• stabile politiske rammevilkår.

Det skal bidra til å sikre
• føreseielege vilkår,
• aktivitet og sysselsetjing langs heile kysten,
• lønnsemd og verdiskaping, og ikkje minst,
• busetjing og arbeidsplassar i kystsamfunna.

Strukturpolitikken er eit viktig verkemiddel for å nå desse fire hovudmåla, og for å sikre at fiskeressursane vert utnytta slik at det gjev best muleg verdiskaping både for fiskarane og for samfunnet.

Regjeringas strukturpolitikk vart fastlagt i stortingsmeldinga om strukturpolitikken som kom våren 2007, og strukturpausen vart avslutta 8. juni 2007 då strukturmeldinga var behandla i Stortinget.

Regjeringas strukturpolitikk inneber ein god balanse mellom bedriftsøkonomiske og samfunnspolitiske omsyn. Vi legg i større grad enn den førre regjeringa vekt på kva fiskerinæringa betyr for samfunnet.

Ikkje minst er vi meir opptekne av dei samfunnsmessige verknadane av strukturordningane. Difor har vi sett eit lågare kvotetak i kystflåten, med bakgrunn i kva denne flåten betyr for kystsamfunna, og fordi mange var redde for ei for stor nedbygging av denne flåten.

Eg går ikkje inn på dei enkelte tiltaka i strukturmeldinga, desse kjenner de godt.

Mitt inntrykk er at dei endringane vi gjorde i strukturpolitikken, i det store og heile, har blitt tatt godt imot. Struktureringa kom raskt i gang igjen i dei ulike gruppene. Eg meiner det viser at næringane opplever strukturordningane som attraktive.

Oppfølginga av strukturmeldinga
Men diskusjonen rundt strukturmeldinga er no historie. Regjeringa har fastlagt ein strukturpolitikk som skal liggje til grunn for strategien for korleis fangstleddet skal sjå ut i framtida, og vi planlegger ingen nye, store og overordna grep i strukturpolitikken.

Men vi gjer likevel endringar. To aktuelle døme på det er evalueringa av strukturfondet, som finansierte kondemneringsordninga for kystflåten, og evalueringa av strukturordningane for fartøy under 15 meter. For begge ordningane har vi behov for å skaffe oss betre kunnskap om korleis ordningane fungerer for å vurdere korleis slike ordningar skal innrettast i framtida. Evalueringa av strukturfondet er vi i gang med, medan evalueringa av strukturordningane for fartøy under 15 meter skal gjennomførast i løpet av 2009. I evalueringa av strukturordningane for fartøy under 15 meter, kan utfallet verte at vi avviklar ordninga, fortsett som før eller endrar kvotetaket.

Det vil alltid oppstå spørsmål om tekniske endringar og tilpassingar i eksisterande ordningar. To eksempel på det er innføringa av ei strukturordning for nordsjøtrålarane saman med den pelagiske trål-gruppa, og endringane i strukturordninga for seitrålarane. Eg reknar med at de kjenner detaljane her, og eg går difor ikkje nærare inn på desse.

Men begge desse eksempla viser at vi har vilje til å gjennomføre endringar og tilpassingar innanfor rammene av strukturpolitikken. For seitrålarane gjorde mellom anna kombinasjonen av fallande seiprisar og auka bunkersprisar at lønnsemda for desse fartøya vart betydeleg redusert. Slike tilpassingar handlar om å leggje til rette for dei enkelte fartøygruppene når rammevilkåra endrar seg, innanfor rammene av strukturpolitikken. Slike justeringar representerer ei naturleg utvikling av reglane om flåtestrukturen.

Begge desse endringane vart gjort på grunnlag av initiativ frå, og i nært samarbeid med, organisasjonane for dei som vart berørte av dette, mellom anna Møre og Romsdal Fiskarlag. Dette er ein god og tenleg arbeidsmåte, som sikrar at vi treff rett med endringane. Slik vil raudgrøne regjeringar arbeide med strukturordningane i åra framover også, og sikre god demokratisk forankring hjå partane for dei justeringane og tilpassingane som vi i fellesskap skal arbeide fram.

Kva for utfordringar vil fiskeflåten stå overfor framover?
Debatten rundt strukturpolitikken og utforminga av flåteleddet kan ofte verte ei ganske detaljert øving for spesielt interesserte. Difor er det viktig å løfte blikket og sjå på kva som vil påverke fiskerinæringa på kort og lang sikt.

I slike diskusjonar kan ein i tillegg til berekraftig og ansvarleg ressursforvaltning trekke fram prisar, marknadsforhold og marknadstilgang, forbrukarvanar og etterspurnad, utvikling av bestandane, kampen om arbeidskraft. Dette vil utvilsamt påverke utforminga av flåteleddet i framtida.

Eg trur desse faktorane likevel er underordna to særlege forhold som i stor grad vil påverke fiskerinæringa framover. Det eine er kostnadsnivået.

Vi er i ein periode med høg oljepris og høg bunkerspris. Kostnadene til drivstoff er framleis høgare enn det vi er vane med, sjølv om oljeprisen har gått mykje ned sidan tidleg i sommar. Vi er no også i ein periode med stor uro i finansmarknadene over heile verda, og med høgare renter enn vi har vore vane med dei seinaste åra. Begge deler kan få mykje å seie for rammevilkåra til fiskeflåten framover.

Det andre er klimaspørsmålet. Så å seie alle er samde om at klimaet på jorda endrar seg. Prognosane frå FNs klimapanel tyder på at det går mot eit varmare og våtare klima.

Det er ingen som veit korleis utviklinga vil verte på lang sikt. Men vi veit at klimaendringane vil få konsekvensar for fiskerinæringa som for alle andre samfunnsområde. Fiskerinæringa er sannsynlegvis ei av dei næringane som vil merke klimaendringane mest. Det er også slik at fiskeflåten slepp ut ei betydeleg mengde klimagassar.

I klimameldinga gjekk regjeringa inn for at Norge skal ha ambisiøse klimamål, med konkrete tiltak for å nå desse måla. De som haustar av naturen og har havet som arbeidsplass, har interesse av at vi får kontroll over klimaendringane.

For fiskerinæringa er det to hovudutfordringar som krev omstilling.

For det første, fiskerinæringa må tilpasse seg endringar i lokalisering og utbreiing av fiskebestandane.

For det andre, fiskerinæringa må redusere dei negative klimapåverknadane frå eigen aktivitet. Poenget er at fiskarane rett og slett må bruke mindre drivstoff per kilo fisk dei fiskar og leverer. Det kan få konsekvensar for ulike krav til utforming av fartøy og reiskapar.

Nye premissar – nye krav?
Ein ting er heilt klart. Både klimautfordringane, drivstoffkostnader og finanskostnader vil vere viktige premissar for regjeringas fiskeripolitikk framover. Det kan godt hende at nye utfordringar gjer at vi må tenkje nytt om mange forhold, og det kan hende at gamle sannheiter må opp til ny vurdering.

Det kan hende vi må stille nye krav til fiskeflåten når det gjeld utslepp og miljøpåverknad. Det kan hende vi må stille krav til meir energieffektive fartøy og til effektiv hausting av ressursane. Det kan hende vi må stille krav til reiskapsutforming og reiskapsbruk, for å sikre at reiskapane er mest muleg effektive og samstundes skånsame mot havmiljøet. Eg er samstundes viss på at dette vil gå hand i hand med omsynet til lønnsame fartøy.

I 1995 var det nesten 14 000 merkeregistrerte fartøy i Norge, i dag er talet rundt 7 000. Korleis dette talet vil utvikle seg i framtida er det vanskeleg å spå om. Men ein ting er sikkert. Det vil verte færre fartøy. Det vil vere ei naturleg utvikling på vegen mot meir miljøvennleg og lønnsam drift. Men vi vil også i framtida ha ein differensiert og stor flåte. For fiskerinæringa har gjennom tidene vist ei utruleg evne til å omstille seg. Det er eg viss på at de vil gjere også i framtida. 

Noko av det viktigaste som må til for å finne konstruktive og gode løysingar, er at næringa sjølv tek del i denne debatten og kjem med forslag til korleis vi kan møte desse utfordringane.

Vi er glade for at næringsorganisasjonane har engasjert seg i denne saka. Både Norges Fiskarlag og Fiskebåt har kome til oss med eit ønskje om å setje i gong ein prosess for å identifisere problem og skissere mulege løysingar som kan bidra til å redusere forbruket av bunkers i fiskeflåten. Det er difor sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå næring, forsking og forvaltning som skal arbeide med dette.

Klimaarbeidsgruppa er såleis eit godt døme på korleis vi også bør jobbe framover, for å møte utfordringane klimaspørsmålet og kostnadsutviklinga gjev. Det er eit positivt trekk ved fiskeriforvaltninga i Norge at ulike aktørar greier å jobbe konstruktivt saman. I diskusjonane rundt korleis fiskeflåten skal sjå ut i framtida og korleis vi skal møte dei ulike utfordringane, treng vi breie og gode prosessar der næringa, forskarar og forvaltninga samlar kompetansen sin og kjem med forslag til tiltak, prosessar og mulege løysingar.  

Seismikk
Så skal eg gjere ein liten avstikkar til eit heitt tema. Sidan seismikk står på agendaen, vil eg nytte høvet til å seie nokre få ord om dette. Kalamitetane rundt seismiske undersøkingar på Nordland sju og Troms to sist sommar skal ikkje gjenta seg.

Vi håper at dei seismikkundersøkingane Stortinget har bedt om, kan gjennomførast på ein måte som tek vare på omsynet til både fiskeri og seismikk og reduserer grunnlaget for konfliktar. Eg reknar med vi vil komme tilbake til dette temaet i morgon. 

Avslutning
Korleis kan vi legge til rette for lønnsame fiskefartøy og samstundes oppretthalde ein variert flåtestruktur og busetjing i kystsamfunna? Korleis skal ein variert og lønnsam flåte som leverer fisk av høg kvalitet og som gjev grunnlag for busetjing og næringsliv i kystsamfunna, sjå ut i framtida? Korleis skal vi finne ein god balanse mellom bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske omsyn?

Korleis vi skal møte desse utfordringane må vi finne ut saman og vi er heilt avhengige av at næringa sjølve deltar konstruktivt i slike diskusjonar.

Nett no kan det sjå ut som det er fleire spørsmål enn svar, men eg er optimistisk med tanke på den utviklinga som må kome. Eg er trygg på at vi i framtida vil ha rike og berekraftige forvalta fiskeressursar og ein miljøvennleg og lønsam flåte som er ein livsnerve for levande kystsamfunn langs heile kysten.

Dette målet skal vi nå, gjennom gradvise endringar og små steg i rett retning, i nært samarbeid med dykk, som tillitsmenn i fiskerinæringa.

Takk for meg!