Historisk arkiv

Kva vil vi med lodda? Myndigheitenes politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si innleiing til representantskapsmøtet i Norges Sildesalgslag - Haugesund, 5. juni 2008

Innleiing

Dirigent, styreleiar, representantar og gjester.

Først av alt – takk for invitasjonen til å delta her på representantskapsmøtet i Norges Sildesalgslag.

Lodda er eit heitt tema – det har vi fått døme på tidlegare i dag. La meg slå det fast med ein gong – lodda skal utnyttast som ressurs så lenge det skjer på ein berekraftig måte. Når det er sagt vil ein eventuell endring av den fastsette forvaltningsregelen måtte basere seg på ny kunnskap og synleggjering av konsekvensane ved ein endring. Eg vil grunngje dette nærare litt seinare i innlegget, men når eg først har ordet vil eg gjerne seie litt om andre ting også.

Kva næringa betyr

Først eit litt overordna blikk på den norske fiskeri- og havbruksnæringa. Norge er som kjent verdas nest største eksportør av sjømat. Ifølgje Eksportutvalet for fisk eksporterer vi i gjennomsnitt 27 millionar måltid med sjømat kvar dag. Dette gjer oss til ei stormakt i den internasjonale handelen med sjømat.

Det kan derfor ikkje vere tvil om at fiskerinæringa har mykje å seie for busetting, sysselsetting og velferd i kystsamfunna, og for Norge som nasjon. 

Totaleksporten av fisk var på heile 37 milliardar kroner i 2007. Det er det høgste talet som nokon gong er registrert. Fiskeri- og havbruksnæringa sysselset om lag 25 000 personar. Dette er svært viktige arbeidsplassar i lokalsamfunn som er avhengige av fiskerinæringa. Den heilårsdrivne fiskeflåten hadde i 2006 eit samla driftsoverskott på 1,7 milliardar kroner. Tala viser at næringa er viktig for norske lokalsamfunn.

Det er hyggeleg å konstatere at det går svært godt for norsk fiskerinæring. Det viser at det ikkje er nokon motsetnad mellom raudgrøn fiskeripolitikk og god bedriftsøkonomisk lønnsemd, slik enkelte røyster frå tid til anna hevdar. 

God lønnsemd i flåteleddet er eit av måla som er skisserte i Soria Moria-erklæringa. Men i regjeringserklæringa står det også at fisken er fellesskapets eigedom, og at denne ressursen også skal forvaltast på ein måte som medverkar til å oppfylle distriktspolitiske mål. 

Fornybare ressursar – berekraftig forvaltning
Kva betyr så berekraftig forvaltning i fiskeria? Ei berekraftig forvaltning handlar om eit heilheitsperspektiv, om å sikre verdiskaping, om sysselsetting og om at dei norske kystsamfunna skal vere attraktive og levedyktig også i framtida.

Berekraft er ein viktig del av Soria Moria-erklæringa og gjennomgangsmelodien i den fiskeripolitikken vi fører. Vi kan sei den går som ein raud tråd gjennom fiskeripolitikken. 


Både fiskeri- og havbruksnæringa er heilt avhengige av naturresursane. At vi frå myndigheitene si side vil sikre at bruken skjer på ein berekraftig måte, er både naturleg og heilt sjølvsagt.

Fiskerinæringa er basert på fornybare ressursar. Dette stiller krav til forvaltninga av ressursane. Det er avgjerande både for næringa og for samfunnet at dei viltlevande marine ressursane blir forvalta på ein berekraftig måte.

Det er sjølvsagt at ei berekraftig forvaltning inneber at vi skal hauste av havets ressursar, slik vi alltid har gjort.

I berekraftsbegrepet ligg også at ressursane like sjølvsagt skal forvaltast slik at også kommande generasjonar kan hauste av dei. 

Vi er langt på veg mot målet om ei langsiktig og berekraftig forvaltning. Men det er ein gong slik at dette ikkje er eit mål vi når ein gong for alle; målet flyttar seg stadig etter som vi lærer meir.

Vi kan alltid bli betre – vi jobbar kontinuerleg for å bygge opp meir kunnskap.

I det siste har det vorte stilt ei rekkje spørsmål om forvaltninga av fiskeslag som står på den norske raudlista, særleg kysttorsk.
Enkelte miljøorganisasjonar har kome med til dels sterk kritikk mot norsk fiskeriforvaltning og tatt til orde for at vi må stoppe alt fiske av kysttorsk. 

Eg meiner denne kritikken er noko unyansert.

Raudlista kan vere eit nyttig verktøy. Men, ho må brukast rett og med tanke på det formålet som lista er laget. Kriteria for raudlista er utarbeida til bruk på landdyr, ikkje fisk. Det er derfor for enkelt å seie at alle fiskeslag på raudlista skal vernast gjennom forbod mot fiske. Eg er skeptisk til at enkelte aktørar brukar raudlista til å så tvil om norsk fiskeriforvaltning.

Eg vil derfor slå fast:

  • Norsk fiskeriforvaltning er basert på vitskaplege råd.
  • Norsk fiskeriforvaltning har som eit absolutt grunnlag at marine ressursar skal forvaltast berekraftig.
  • Norsk fiskeriforvaltning har sett i verk tiltak for bestandar der situasjonen ikkje er så god som ønskjeleg.
     

Dette må det ikkje vere nokon tvil om!

Når fiskeriforvaltninga set i verk tiltak, må dette gjerast på eit mykje breiare kunnskapsgrunnlag enn det raudlista åleine står for.

Raudlista speglar eit augneblikksbilde, medan vi i vår forvaltning må ta med utviklinga over tid. 

Fundamentet for alle norske fiskeri er som sagt berekraftig forvaltning og berekraftig hausting. Norsk fiskeriforvaltning er basert på den beste tilgjengelege kunnskapen og vitskaplege råd frå Det internasjonale råd for havforsking og frå Havforskingsinstituttet. 

For å sikre ei berekraftig forvaltning vurderer myndigheitene med jamne mellomrom kva tiltak som bør setjast i verk. Dette har vi no også nedfelt i havressurslova som ei plikt for forvaltninga.

Våre vurderingar og vedtak er baserte på grundig fagleg kunnskap. Før det vert gjort vedtak, vert ei rekkje ulike interesser vegne mot kvarandre. Det vert teke omsyn både til ei langsiktig berekraftig forvaltning av ressursane og til næringa og kystdistrikta.

Heile 90 % av bestandane vi fiskar på forvaltar vi saman med andre land. Gjennom samarbeid søkjer vi å oppnå berekraftig forvaltning og ansvarlege kvotar. Det er svært viktig at vi får  samarbeidspartane våre med på det vi meiner er viktig og rett.

Tobis


Eg kan vanskeleg vere på møte her i Sildelaget utan å si nokre ord om tobisfisket, det har eg alt gjort tidligare i dag. I den bilaterale kvoteavtalen mellom Norge og EU for 2008 blei partane einige om å gjennomføre et felles prøvefiske etter tobis. Basert på dette anbefalte ICES ei kvote i Nordsjøen på 400.000 tonn tobis, men sa samtidig at dei var bekymra for nedfisking på lokale områder. Norge fastsette ei midlertidig kvote på 128.000 tonn og EU 360.000 tonn.

Når vi opna fisket valde vi samtidig å stenge ganske store områder. Det var fordi vi fikk informasjon frå HI om at det kanskje ikkje sto så bra til med tobisbestanden i norske farvatn. HI gjennomførte eit tobistokt i Nordsjøen i perioden 23. april til 19. mai. På grunnlag av dette toktet anbefalte HI at fiske etter tobis i NØS burde stengast. HI støtter rådet frå ICES for heile Nordsjøen, men på grunn av bekrymring for nedfisking på tobisområda i norsk område, anbefalte dei likevel å stoppe fisket i heile NØS.

Departementet fant det derfor nødvendig å stoppe fisket etter tobis. For å få meir kunnskap om dei felta som har vore stengde, har vi tillete eit avgrensa prøvefiske fram til 8. juni. 

Kvifor denne omtalen av tobis når eg er bedt om å snakka om lodde. Vel, på ein del punkt er det likheiter i biologien til tobis og lodde. Dei er begge kortlevande artar som det ikkje let seg gjere å ”spare” opp store bestandar av.

Det er ikkje slik at fisket åleine er årsak til variasjon i bestanden frå år til anna. Når gytebestanden er tilstrekkelig stor, er det dei naturgitte forhold for rekruttering og oppvekst som avgjer kor stor den enkelte årsklasse vert.

Loddeforvaltninga

Myndigheitene sin politikk når det gjeld forvaltninga av lodda er klar. Som eg sa innleiingsvis vil vi ikkje gjere noko som rokkar ved den fastsette forvaltningsregelen for lodde med mindre vi får ny kunnskap. Forvaltninga skal vere biologisk berekraftig. Denne ambisjonen er urokkeleg.

Kva er så biologisk berekraftig forvaltning av lodda?
I forvaltningsregelen er det lagt inn biologiske parameter som skal sikre eit minimumskvantum av lodde som skal kunne gyte, som Tjelmeland alt har gått igjennom.

Totalkvota skal fastsetjast slik at det er 95 % sannsynleg at 200 tusen tonn får gyte. Dette betyr i praksis omkring 50 % sannsynleg at gytebestanden er over 500 tusen tonn før fisket kan startast.

Dette kravet tar også omsyn til naturleg død. Dersom berekningar viser at berre 150 tusen tonn vil gyte, er ikkje dette nok for å kunne starte eit fiske. Det kan samtidig vere frustrerande at ein i ettertid ser at bestanden var i betre forfatning enn modellen tidligare gav uttrykk for.

Forvaltningsmodellen har vist seg å vere svært sterk, ja kanskje den mest robuste forvaltningsregelen vi har for å ivareta måla.

Verdien som mat for annan fisk og omsynet til ungsild
Kva så, dersom det etter forvaltningsregelen er tilrådeleg å starte eit fiske? Skal vi likevel halde igjen for at lodda skal nyttast til gjødsel eller næring for andre organismar i sjøen? Sjølv om mesteparten av lodda likevel døyr etter gyting blir dette berre synsing – vi veit enno ikkje nok til å seie kva slags verknader dette har.

Konsum, eller mjøl og olje

Skal eit eventuelt fiske gå til konsum, eller til mjøl og olje? Mjøl og olje er ingen mindreverdig utnytting av lodda, men det er marknaden som bestemmer kva lodda skal nyttast til. Dette er derfor ei uinteressant problemstilling med tanke på bestanden, men som vi har høyrt tidlegare er det ulike interesser å ivareta her i høve til verdiskaping og sysselsetting. Det tek vi gjerne imot synspunkt på.

Evaluering/endring av forvaltningsregelen

Lodda er ein fellesbestand som forvaltast i samråd mellom Norge og Russland. Norge kan derfor ikkje åleine endre på dette. Ei eventuell evaluering av forvaltningsregelen og paremetrane vil også Russland måtte vere einige i.

Ei eventuell forandring av forvaltningsregelen må vere basert på ny og betre kunnskap – ikkje på nye ambisjonar for økonomisk avkastning frå bestanden. Det må setjast ned ei arbeidsgruppe med forskarar frå begge partar og det vil ta tid å endre på dette.

Næringa og HI venter på en tilbakemelding frå departementet om HI skal gå i gang med å vurdere kriteria i regelen og kva vi vil med lodda. Departementet er ikkje uvillig til eit slikt arbeid, men vil samtidig understreke at det ikkje må gå nemneverdig på ut over andre oppgåver.

Ei endring av forvaltningsstrategien må drøftast i den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon, basert på råd frå ICES.

Begrensa kvote til konsum
Det er ikkje noko forhandlingstema å skulle ta sjangsar med bestanden sjølv om her er ein konsummarknad å pleie. Det er derfor ikkje relevant å evaluere modellen for å sikre eit konsumfiske for å tilfredsstille delar av næringa. Når det er sagt har eg likevel tru på at eit avgrensa årleg uttak for å pleie ein konsummarknad kan gi god økonomisk avkastning på sikt så sant bestanden held seg oppe. Men med dagens kunnskap er det altså ikkje rom for
slik gambling med lodda.

Salslaga

Salslaga og råfisklova ligg fast som ein sentral del av norsk fiskeripolitikk, og det vil vere bildet også i framtida. Salslaga har gjennom åra vist evne til å tilpasse seg og handtere nye utfordringar. Det er ein føresetnad for å vere ein viktig aktør også i framtida. 

Salslaga får eit stadig større ansvar for ressurskontrollen. Dette heng naturleg saman med verksemda til salslaga. Gjennom prosjekt salslag har salslaga og Fiskeridirektoratet gjennom fleire år samarbeidd for å leggje til rette for ei mest muleg effektiv utnytting av kontrollressursane. Dette kan føre til nye oppgåver for salslaga. 

Det er fleire tilhøve som kan påverke salslaga sine oppgåver og organisering i framtida, og det er fleire opne spørsmål.

Til dømes: Marknadsmakta til dei store kjedene – nasjonalt og internasjonalt – kva krav vil det stille omsetningssystemet overfor? Vil klimaendringane føre til at vandringsmønstra til fiskebestandane stadig endrar seg og kva for konsekvensar kan det få?

Desse spørsmåla har vi ikkje fasiten på i dag, men dei er viktige å ha med seg og diskutere. Uansett er eg sikker på at salslaga vil vere ein viktig del av norsk fiskerinæring – også i framtida. 

Oppsummering

Eg begynte med å si at det går godt for fiskerinæringa. Gjennom ei berekraftig forvaltning og reduksjon av det ulovlege fisket sørgjer vi for at dei viktigaste bestanda gir ei god og stabil avkastning og inntekt for kystsamfunna og fiskarane.

Ei eventuell forandring av forvaltningsregelen for lodde må vere basert på ny og betre kunnskap.

Sentrale rammevilkår som råfisklova, deltakarlova og stabil ressursfordeling ligg fast. Framtidsutsiktene er lyse både for tradisjonelt fiskeri og for nye næringar. Dette er poeng som ofte vert borte i den fiskeripolitiske debatten.

Skal vi greie å rekruttere ungdommen til næringa, og skal næringa oppnå det omdømet vi ønskjer i framtida, må vi også kunne fokusere på at fiskerinæringa går godt. Og fiskerinæringa skal også i framtida vere med på å gi folk mulegheita til å velje eit liv på kysten.