Historisk arkiv

Maritim dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si tale på Maritim dag på Leknes 19. november 2008.

Tale på Maritim dag  på Leknes 19. november 2008


Kjære  forsamling,
takk for at eg fekk lov til å kome her i dag og delta på Maritim dag. De har lukkast med å få til eit godt arrangement som er med på å syne marin og maritim sektor som framtidig næring.

Soria Moria

 
Havet ligg der allereie som ei gåverik kjelde for mange ulike produkt som vi veit at forbrukarane vil ha, dersom vi steller oss rett.  Ei utfordring ligg i få kvalifiserte personar med god nok kunnskap til å fylle dei stillingane som er nødvendige for å utnytte resursane våre.  Innan utdanningssektoren har dei i fleire år merka ein nedgang i talet på personar som ønskjer å ta ei marin utdanning. Dette synest eg er illevarslande i eit samfunn der forbrukarane set stadig større krav til maten dei et og til miljøet rundt.  For å kunne gje dei den informasjonen dei ønskjer treng vi kunnskap – og bak kunnskapen må det stå kvalifiserte menneske.
---

I Soria Moria-erklæringa er det slege fast at regjeringa sitt mål er at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innan dei område der vi har fortrinn. Eit av områda regjeringa peikar ut er nettopp marin sektor, fordi vi der har både kompetanse og fortrinn.

Regjeringa har stor tru på at det er muleg å nå denne visjonen, og difor har vi i Soria Moria -erklæringa lagd fram eit forslag til politikk på dette området. Og eg må seie at vi er godt i gang med å realisere denne politikken.

Vi har

  1. lagt fram ei strukturmelding og ei ny havressurslov der vi mellom anna understrekar at fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet.
  2. laga ein ferskfiskstrategi der vi synleggjer mulegheitene som ligg i den gode tilgangen på fersk råstoff.  Her har vi i Noreg eit stort fortrinn.
  3. laga ein konkurransestrategi for havbruksnæringa. Denne strategien legg vekt på verdien av å gje næringa rammevilkår som hjelper ho til å sikre stillinga si som ein leiande, internasjonal produsent og eksportør.
  4. utvida det marine verdiskapingsprogrammet slik at det kan stimulerast til vidare utvikling og vekst i marine bedrifter som har eit potensial, men som ligg i område der ein slit med fråflytting og einsidig næringsstruktur.
  5. eit nytt statleg investeringsfond under etablering. Det er eit fond som skal bidra med langsiktig kompetent risikokapital til bedrifter, særleg i vekstfasen. Fondet er på 2,2 milliardar kroner, og av desse skal 500 millionar utelukkande gå til investeringar i marin sektor.    
      
  6. I tillegg legg vi vekt på eit område som før kanskje ikkje har fått så mykje merksemd som det burde - utvikling av ny næringsverksemd i kontaktpunktet mellom den tradisjonelle fiskeri- og havbruksnæringa og reiselivsnæringa. Dette er også omtala i ”Regjeringas reiselivstrategi -verdifulle opplevingar” som vart lansert i desember 2007.  
     

Seismikk

Eg kan vanskelege vere i Lofoten utan å seie nokre ord om seismikkskyting. Heilt frå ei arbeidsgruppe, leia av tidlegare havrettsminister Jens Evensen, gjorde dei første førebuingane til norsk petroleumsverksemd, har det vore teke omsyn til dei levande marine ressursane og det marine miljøet. Politisk har det alltid vore lagt vekt på forholdet til fiskeria.


Både oljeverksemda og fiskeria er svært viktige for norsk økonomi. Når det gjeld seismikkskyting utanfor Vesterålen i Nordland VII og i Troms II, så er dette ei oppgåve Stortinget har pålagt Oljedirektoratet å gjennomføre i samråd med Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og Norges Fiskarlag. Dei er bedne om å finne tider der seismikkskytinga er til minst skade for fiskeria. Vi må gjere det vi kan for å få til ei løysing som begge næringane kan leve med. Men for fiskaren som tradisjonelt har rådd grunnen åleine, kan nok til tider oljenæringa verke som ein inntrengar som øydelegg for fiskeria. Eg er difor glad for å kunne seie at regjeringa i 2009 vil redusere talet på veker med seismikkskyting til 6 veker.

Status

Ressursane i havet har gjennom generasjonar gitt håp og optimisme for framtida, og framleis er den tradisjonelle drifta ryggraden i mange kystsamfunn. Likevel er det viktig for næringa at vi tør å vere nyskapande og finne fram til nye mulegheiter i grensflata mellom tradisjonell næring og anna næringsverksemd.
Den politikken vi fører tar både bedriftsøkonomiske og samfunnsmessige omsyn. Fiskeripolitikken vår er god miljøforvaltning og god ressursforvaltning. Men politikken byggjer på at ein har tilgang på kompetanse, og tala så langt viser at stadig fleire ungdomar vel andre  utdanningsvegar enn marin sektor. Dette må vi gjere noko med.

Vi veit kvifor vi treng kunnskap; utfordringa ligg i korleis vi skal formidle behovet. Eg veit at dagens ungdomar er opptekne av den teknologiske utviklinga i samfunnet og dei viser både interesse og kunnskap i å få nye tekniske saker til å fungere. Dei er klare for innsats, utfordringa vår er å formidle bodskapen vår ut til ungdomen.

Skule

Den gongen eg skulle velje utdanning, var fiskarfagskulen eit naturleg val for meg. Eg opplevde at utdanninga gav meg mulegheit til å arbeide i ei næring eg fann både trygg og spennande og som eg aldri har angra på at eg valde. Eg er viss på at mange unge i dag vil ha like positive opplevingar som eg med å ta ei marin utdanning og å arbeide i marin sektor. Likevel er det tydeleg at mange unge menneske har ei anna oppfatning av ein av våre viktige næringsvegar. Vi ser ofte at det er lettare å få elevar til å velje ei utdanning der dei endar opp med eit sertifikat. Anna vidaregåande utdanning i fiskerifag ser ut til å ha fått rykte blant mange unge om å ha låg status.

Det er viktig at vi tar dei unge på alvor og finn ut kvar kommunikasjonen kan ha svikta. 
 

Rekruttering I

Denne hausten starta arbeidet med det nye rekrutteringsprosjektet som regjeringa oppretta tidligare i år. Det er tilsett to motiverte og flinke prosjektleiarar og eg er viss på at Elisabeth og Astrid vil gjere ei god jobb. Saman med seg har dei ei styringsgruppe der næringsorganisasjonane og skuleverket er representerte. Eg håpar at dei i eit godt samspel finn fram til gode forslag til korleis vi skal nærme oss ungdomen. For tida blir det arbeidd med strategi og handlingsplan.

 

Rekruttering II

Fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet, og vi har difor eit ansvar for at det er muleg for unge, motiverte fiskarar å etablere seg i denne næringa. Mulegheitene eksisterer i dag, men samtidig skal eg ikkje leggje skjul på at det kan vere vanskeleg for ungdomar utan eigenkapital. Mange av oss veit om unge fiskarar som slit med å få finansiert den første båten sin. Ofte kjem det av at eigenkapitalen er liten eller nærmast ikkje-eksisterande.

Ei av problemstillingane innan rekruttering til fiskeflåten er knytt til å etablere seg som fartøyeigar, og tildeling av rekrutteringskvotar inngår i dette. Fiskeri- og kystdepartementet har sendt ut eit forslag til tiltak for å senke etableringsterskelen for unge fiskarar som ønskjer å drifte eige fartøy. Høyringsfristen gikk ut 29. august, og departementet arbeider no vidare med saka. 

I rapporten er det to forslag til tiltak som kan hjelpe unge fiskarar til å etablere seg som fartøygeiar.
Det eine er at det kvart år i ein treårsperiode blir ei stipendordning med 30 stipend á kr 250.000 som vil styrke eigenkapitalen ved kjøp av fartøy. Det andre er ei rekrutteringsordning på 10 nye deltakarløyve der unge fiskarar som allereie har drive med eige fartøy kan få deltakarløyve i eit adgangsregulert fiskeri.

Maritim vs marin sektor

Marin og maritim sektor har fleire likskapar når det gjeld manglande rekruttering. Eit døme er maskinistar og anna sertifisert kompetanse. Skal vi kunne følgje opp dei krava vi internasjonalt er forplikta til, må fleire unge  komme inn i næringa. Og eg er sikker på at vi vil lukkast. Mange unge seier at dei vil arbeide på båt, og dei skil ofte ikkje mellom marin eller maritim sektor. Kanskje er det vi vaksne som er for opptekne av skiljet; kanskje skal vi heller gjere som dei unge og sjå på kva som er felles, ikkje kva som er ulikt.

Med sin pris for rekrutteringkampanjen i 2007 synte Marint forum at dei har lukkast med å finne ein måte å nå ungdomen på. Ein auke på 12% er bevis godt nok for meg. Eg må berre gratulere.

Stiftinga norsk maritim kompetanse har gjennom si støtte til både maritim og marin sektor gjort ein stor innsats i å fremme rekrutteringa til næringa. Eg er glad for at stiftinga i 2007 senka krava slik at båtar ned til 15 meter kan få støtte til å ha lærlingar om bord. Som følgje av dette mottok fleire fiskebåtar støtte frå stiftinga våren 2008. Dette gir auka motivasjon til å ta imot fleire lærlingar

Framtida

Kvar dag går mange menneske til eit arbeid i marin sektor, og dei gjer det fordi dei vil. Det er ingen tvil om at marin sektor er framtida og at norsk fiskerinæring står i ein gunstig posisjon:

  • Kjøpesterke forbrukarar ønskjer seg i aukande grad mat frå sjøen samstundes som dei stiller krav til informasjon om dei produkta dei et.
  • Forsking syner oss kva inntak av fisk har å seie for helsa. Ei ny undersøking utført av Nifes syner oss samanhengen mellom auka inntak av feit fisk og betring i hjarte- og karsjukdomar.
  • Auka miljøkrav krev utvikling av ny teknologi. Den teknologiske utviklinga innan marin og maritim sektor har skapt behov for ein ny kompetanse og næringa skrik etter sertifisert personell.

Dette er nokre av grunnane til at eg er sikker på at fleire unge vil velje ei framtid i den spennande og mangfaldige næringa som marin sektor er.
Det er dette vi må få ut til ungdomen.
Det er dette som er dagens fiskerinæring.
Takk for meg.