Historisk arkiv

Olje og seismikk sett frå fiskerimyndigheitene si side

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innlegg ved statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet på Fiskerikonferansen i Bø fredag 26. september 2008

Fiskerikonferansen i Bø torsdag 25. og fredag 26. september 2008

Presentasjon (pdf-format)


(bilde 1)

Det er sagt og skrive mykje om seismikk, særleg det siste halve året. I dei nær førti åra vi har hatt petroleumsverksemd i Noreg har det vel aldri kome så tydeleg for ein dag at det kan sjå ut til å vere ein stor, ulmande konflikt mellom fiskerinæringa og oljenæringa. La meg med ein gong seie at eg ikkje kjenner meg heilt igjen i dette biletet. Mi oppgåve her er å sjå problemstillinga i ein noko vidare samanheng der seismiske undersøkingar berre er ein del av eit større kompleks.

(bilde 2)

Når det gjeld seismikk må vi skilje mellom to forhold. Det eine er knytt til dei seismiske undersøkingane som er gjennomførde i område nett utanfor her vi er, i Nordland VII og Troms II. Desse undersøkingane tok til i 2007, heldt fram i år og vil også bli utførde sommaren 2009. Dette er som det har vore sagt mange gonger, undersøkingar som Stortinget kravde skulle gjerast for å få samla eit godt nok grunnlagsmateriale til revisjonen av forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten i 2010. Stortingsmeldinga om forvaltningsplanen (St.meld. nr. 8 2005 – 2006) foreslår at spørsmålet om opning av Lofoten VII og Troms II skal takast opp ved revisjonen av planen i 2010. Dei seismiske undersøkingane skal skje i regi av Oljedirektoratet.

Det andre forholdet knytt til seismikk og fiskeri er av ein meir generell karakter, og gjeld når fiskeri og seismiske undersøkingar skjer samstundes i same område.

(bilde 3)

Fiskaren med ein lang, lang tradisjon for å rå grunnen åleine møter plutseleg ein ny aktør på dei same felta, ein aktør som att på til krev mykje plass. Det er klårt det må oppstå gnissingar. Siste månad toppa dette seg då Oljedirektoratet ikkje følgde råda dei fekk frå Fiskeridirektoratet i samband med fleire seismiske undersøkingar i Nordsjøen. Her var det særleg omsynet til dorgefisket etter makrell som gjorde at Fiskeridirektoratet frårådde seismiske undersøkingar. Dette vil eg kome attende til i slutten av foredraget mitt.

Her på konferansen er det fleire før meg som har snakka om seismikk og fiskeria, både om konfliktar og krav, om skadeverknader og om forventingar til petroleumsverksemda. Nokon vil ikkje ha oljeverksemd i det heile, medan andre ikkje vil ha det i sine område og nokon vil kan hende leite over alt etter dei siste dropane. Men det er no ein gong slik at vi skal ha plass til begge næringane, det har Stortinget sagt frå starten av oljeeventyret og det seier dei framleis. I denne samanheng er ordet sameksistens ofte brukt og i somme høve kan hende også misbrukt.

Historia synleggjer at omsynet til fiskeria og det marine miljøet alltid har vore høgt på agendaen. Allereie frå dei første førebuingane til oljeverksemd i norske farvatn vart det lagt stor vekt på omsynet til fiskeria og dei levande marine ressursane. Det speglar seg tydeleg av i alle dei stortingsmeldingane som har omhandla petroleumsverksemda frå starten  av 1970-åra og fram til i dag. Ei viktig stortingsmelding i så måte er ei melding som Finansdepartementet la fram i 1974, St.meld. nr. 25 (1973 – 74), med tittel ”Petroleumsvirksomhetens plass i det norske samfunn”. Her var eit heilt kapittel via forholdet til fiskeria og ei vurdering av faren for å skade dei levande marine ressursane om det skulle skje eit oljeutslepp.

Ut frå debatten og ytringane i media denne sommaren om dei seismiske undersøkningane i Nordland VII og Troms II, er det lett å tru at fiskeristyresmaktene er i hendene på oljeindustrien, men slik er det altså ikkje.

Rett nok må eg innrømme at vi svært gjerne skulle hatt kjennskap til Oljedirektoratet sine planar for sommarens seismiske undersøkingar langt tidligare enn det vi fekk. Her er eg heilt samd i Norges Fiskarlag sin kritikk. Eg trur vi alle har lært av denne historia, så når det gjeld neste års undersøkingar reknar eg med at vi og fiskerinæringa blir trekte med i planlegginga på eit langt tidligare tidspunkt.

Andre har tidlegare på denne konferansen gjort greie for skadeverknader frå skytinga av seismikk. Eg skal ikkje gjenta det, men eg vil leggje til nokre eigne erfaringar frå havet. Vi veit at fisk blir skremd av lyd, men vi veit ikkje heilt kor langt unna lydkjelda fisken må vere for ikkje å bli skremd. Mi erfaring seier at dette kan variere med tid og stad og også med fiskeslag og korleis fisken står i sjøen. Ein stimfisk til dømes reagerer nok ikkje på same måten som ein fisk som ikkje går i stim. Eg har og til dømes høyrd at kval ikkje reagerer på støyen frå eit seismikk fartøy under arbeid.

Eg trur difor det vil vere vanskeleg vitskapleg å dokumentere ein absolutt avstand. Vi må heller bli samde om ein avstand der føre var-prinsippet er lagt til grunn for avgjerda. Det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar for Fiskeridirektoratet, Oljedirektoratet og Statens forureiningstilsyn som skal følgje opp den forskinga som vert sett i gang for å finne fram til meir eksakte mål for mellom anna avstand til fiskfartøy.

Fiskeristyresmaktene blir kritiserte for behandlinga av fisket etter blåkveite og dei seismisk undersøkingane utanfor her i sommar. Som eg allereie har sagt var vi ikkje glade for at vi ikkje vart informerte tidlegare om tidsramma og dei planane Oljedirektoratet hadde lagt for undersøkingane sine. Men når det er sagt så må eg og leggje til at når Stortinget har bestemt ein ting så skal myndigheitene gjennomføre det dei er pålagde. Oljedirektoratet har fått i oppgåve av Stortinget å samle grunnlagsdata om dei geologiske forholda så dei kan nyttast når forvaltningsplanen skal reviderast i 2010.

(bilde 4)

Fisket etter blåkveite er tidsregulert. I dei vanlege prosessane for regulering vart fisket fastsett til tida frå 26. mai til 29. juni i heile området frå Stad og nordover. Det tidsregulerte fisket etter blåkveite kunne bli særleg skadelidande dersom dei skaut seismikk medan fisket gjekk føre seg. For å skjerme fisket frå den seismiske aktiviteten valde vi å dele Nordland VII i to, der ein sørleg del vart opna for tre vekers fiske frå 4. august til 23. august. I denne sørlege delen av Nordland VII, som ikkje vart opna for fiske etter blåkveite før i august, kunne då dei seismiske undersøkingane gjennomførast utan å komme i konflikt med fisket. Etter 29. juni, då fisket etter blåkveite skulle stoppast i heile det opna området, kunne seismikkfartøyet ta til med arbeid i den nordlege delen av Nordland VII. På denne måten ville det sørlege området ha heile juli å kome seg på etter dei seismiske undersøkingane.

No gjekk det slik at det vart eit dårleg blåkveitefiske i det fastsette tidsrommet, og det vart søkt om å forlenge fisket med ei veke. Det vart gjort. Seismikkfartøyet vart etter avtale med Oljedirektoratet bedt om halde fram i den sørlege delen ei veke til medan det utvida fisket etter blåkveite gjekk føre seg.

(Bilde 5)

Eg meiner at vi med denne løysinga oppfylte Stortingets pålegg om å skaffe fram data samstundes som fisket etter blåkveite i Nordland VII kunne gjennomførast utan påverknad av støy frå seismikkfartøyet. Men til neste sommar ventar eg at planlegginga av seismikken og fisket etter blåkveite kan samordnast så tidleg at vi slepp same situasjonen som i år. Eg vil og nemne at Fiskeridirektoratet har opplyst at dei ikkje har fått melding om nokon vanskelege konfliktar mellom fiskeria og seismikken i dette området i sommar. Når det gjeld sjølve fisket etter blåkveite så har ikkje det vore så godt, men her seier Fiskeridirektoratet at det har vore mykje vind frå nord-aust, noko som kan verke negativt på fangstane.

Det var og planlagt at det under sommarens 3D seismikkskyting i Troms II skulle forskast for å finne ut meir om korleis lyden frå lydkjelda på det seismiske fartøyet påverka fisket. Havforskingsinstituttet vart engasjert til denne forskinga. Uheldigvis gjekk dette ikkje som planlagt, men det er vel omtalt tidligare på konferansen. Eg har forstått at denne forskinga no skal gjennomførast til neste sommar.

Eg vil understreke at Nordland VII og Troms II ikkje er opna for leiteboring. Stortinget skal vurdere om dei skal opnast i samband med revisjonen av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten i 2010. Men, og det kan ikkje seiest mange nok gonger, dersom Stortinget vel å opne desse to områda så krev likevel petroleumslova at det skal gjennomførast ei konsekvensutgreiing. Resultata frå ei slik utgreiing skal leggjast fram for Stortinget før dei gjer eit endeleg vedtak.

Til slutt vil eg seie nokre ord om seismikk og fiskeri generelt. Både fiskeri- og oljestyresmaktene er samde i at regelverket som styrer innsamling av seismiske data kan bli betre. Difor la ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet fram ein rapport no i vår med ei rekkje forslag til forenklingar og innstrammingar i regelverket slik at ein kan unngå konfliktsituasjonar så langt råd er.

(bilde 6 )

Forslaga vil bli sette i verk etterkvart.

Ei anna arbeidsgruppe med deltakarar frå dei to departementa, frå dei to direktorata og frå fiskarlaga la samstundes fram ein rapport om erstattingsordningar. Eit viktig forslag frå denne gruppa var at det skal lagast eit skjema som kan nyttast til å søkje om erstatning. Det forenkla skjemaet er no klart og er å finne på heimesida til Fiskeridirektoratet. Søknader om erstatning skal behandlast innan fire månader.

Som eg sa innleiingsvis så vil det alltid kunne oppstå gnissingar når fleire ønskjer å arbeide i same område samstundes. Då gjeld det å ha klåre reglar, og reglane blir klårare no. Men vi veit alle at det innimellom finst nokon som bryt reglane anten det no er på sjøen eller på vegane. Dei må vi prøve å luke vekk.

Som eg nemnde toppa det seg på seinsommaren då Oljedirektoratet valde ikkje å følgje råda frå Fiskeridirektoratet om å unngå seismikk i områda med dorgefiske etter makrell. Slik prosessen er i samband med å melde inn område der selskapa ønskjer å skyte seismikk, er det forståeleg at Fiskeridirektoratet måtte fråråde seismikk av omsyn til dorgefiske i meir eller mindre heile området, sjølv om makrellfisket flyttar seg frå stad til stad. No er det også auka seismisk aktivitet, og den skjer nærare land enn tidligare, noko som kan auke konfliktnivået. Men som sagt, det reviderte regelverket vil hjelpe til slik at konfliktar kan unngåast.  

Eg trur på dialog og openheit. Det er viktig å ha respekt for kvarandre og for dei oppgåvene dei har, dei som har sin arbeidsplass på sjøen. Sameksistens er eit viktig ord som ikkje må misbrukast. Det skal vere plass til begge næringane. Men som eg har understreka før så må ingen tru at vi tillet at nokon steller det til slik at vi ikkje kan hauste av havets levande ressursar når oljen og gassen ein gong tar slutt.

Takk for meg.