Historisk arkiv

Ressurs, regulering og forvaltning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si innleiing til årsmøtet i Troms Fiskarfylking - Tromsø, 13. juni 2008

Statssekretær Vidar Ulriksen si innleiing til årsmøtet i Troms Fiskarfylking - Tromsø, 13. juni 2008

Dirigent, styreleiar, representantar og gjester.

Først av alt – takk for invitasjonen til å delta her på årsmøtet i Troms Fiskarfylking.

Overskrifta i dag er ressurs, regulering og forvaltning. Det dekkjer mykje av det vi held på med både i departementet og i Fiskeridirektoratet. Eg skal likevel ikkje gi dykk ein leksjon om korleis fiskeristyresmaktene jobbar, men heller ta for meg nokre saker som er aktuelle i dag. Mellom anna vil eg kome inn på utsiktene framover for næringa, kva vi legg i uttrykket berekraftig forvaltning og eg vil seie litt om torskereguleringa for kystflåten.

Kva næringa betyr

Først eit litt overordna blikk på den norske fiskeri- og havbruksnæringa. Noreg er som kjent verdas nest største eksportør av sjømat. Ifølgje Eksportutvalet for fisk eksporterer vi i gjennomsnitt 27 millionar måltid med sjømat kvar dag. Dette gjer oss til ei stormakt i den internasjonale handelen med sjømat. Og ikkje minst er vi ein stor leverandør av mat.

Det kan difor ikkje vere tvil om at fiskerinæringa har mykje å seie for Noreg som nasjon, og for busetting, sysselsetting og velferd langs kysten. 

Totaleksporten av fisk var på heile 37 milliardar kroner i 2007. Det er det høgste talet som nokon gong er registrert. Fiskeri- og havbruksnæringa sysselset om lag 25 000 personar. Dette er svært viktige arbeidsplassar i lokalsamfunn som er avhengige av fiskerinæringa. Så skal vi heller ikkje gløyme at ringverknaden av næringa er mange gonger større.

Den heilårsdrivne fiskeflåten hadde i 2006 eit samla driftsoverskott på 1,7 milliardar kroner. Tala viser at fiskeflåten jamt over tente godt i 2006, og ut frå rapportane i fiskeripressa er det mange som også i 2007 har hatt eit godt år. Bak tala ligg det kunnskap, innsats og mykje arbeid. Ein langsiktig horisont, tålmod og vilje til å investere og ta risiko er også viktig for å lukkast.

Det er hyggeleg å konstatere at det går godt for norsk fiskerinæring, ikkje minst for fiskeflåten. Det viser at det ikkje er nokon motsetnad mellom raudgrøn fiskeripolitikk og god bedriftsøkonomisk lønnsemd, slik enkelte røyster frå tid til anna hevdar.

God lønnsemd i flåteleddet er eit av måla som er skisserte i Soria Moria-erklæringa. Overskot i reiarlaga er viktig for å sikre drift, sysselsetting og aktivitet i lokalsamfunna. Men i regjeringserklæringa står det også at fisken er fellesskapets eigedom, og at denne ressursen skal forvaltast på ein måte som medverkar til å oppfylle andre mål enn berre å syte for at reiarar og fiskarar tener godt. 

Sjølv om det har vore nokre gode år for fiskeflåten, så veit de like godt som eg at det svingar i fiskeria. Kvotane går opp og ned. Prisane endrar seg gjerne motsett veg. Og bunkersprisen rår vi ikkje over. Samtidig må fiskeflåten kontinuerleg forbetre produktiviteten for å vere konkurransedyktig samanlikna med andre næringar.

Utsiktene framover

Kva framtida vil bringe er det sjølvsagt vanskeleg å seie noko om. Men i førre veke fekk vi i alle fall kvoteråda frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) for mellom anna torsk, hyse og sei i 2009. Råda er viktige for neste års fiske, og samtidig ein indikator på korleis stoda vil vere framover for dei fiskebestandane vi haustar mest av.

For norsk arktisk torsk tilrår ICES at kvoten aukar med 43 000 tonn torsk til neste år, til totalt 473 000 tonn. Bestanden er i god forfatning. og kvoten i 2009 er eit forsiktig uttak. Det er likevel fleire år sidan det vart tilrådd eit tilsvarande høgt uttak av denne bestanden.

Overfisket i Barentshavet er kraftig redusert. Analysane viser at det ulovlege fisket vart redusert frå 166 000 tonn i 2005 til 67 000 tonn i 2006, og vidare ned til 41 000 tonn i 2007. Dette har sjølvsagt vore positivt for bestanden, og gjer at lovlydige fiskarar kan vente seg ein større pott.

For norsk arktisk hyse tilrår ICES ein kvoteauke på 39 000 tonn til totalt uttak på 194 000 tonn i 2009. Også denne bestanden er i god forfatning, med historisk høg gytebestand og sterk og god rekruttering.

Bestanden av sei er også på eit høgt nivå, og ICES tilrår  ein kvote 225 000 tonn i 2009. Dette er litt lågare enn den fastsette kvoten for i år, men er likevel høgt historisk sett.

For kysttorsk er det ikkje registrert nokon vesentleg bestandsendring, og tilrådinga om null fangst vert vidareført for 2009. I praksis inneberer dette at vi vil halde uttaket på eit så lågt nivå som muleg, og fortløpande vurdere kva tiltak som er best eigna for å hauste av den norsk arktiske torsken. I departementet er vi særleg opptekne av situasjonen for kysttorsken, og dette vil eg kome tilbake til litt seinare.

For blåkveite er det ikkje gjennomført nye estimeringar, og rådet frå ICES er som for dei siste to åra – altså at uttaket bør vere mindre enn 13 000 tonn. Dette vil vi leggje til grunn ved fastsetting av reguleringa for neste år.

Heller ikkje for uer-bestandane er det gjennomført nye bestandsberekningar, og råda frå dei siste åra er gjentekne for 2009. Rådet er å ha tiltak som skånar yngelen, null direktefiske og strenge bifangstreglar, slik dei norske reguleringane er i år.

Det er gledeleg å konstatere at det står så godt til med dei største og viktigaste bestandane av botnfisk at 2009 ligg an til å verte eit riktig godt år i kvotesamanheng. Dette kjem ikkje berre av tilfeldigheiter eller flaks. Den norske fiskeriforvaltninga er svært god.

Vi har likevel utfordringar knytt til enkelte bestandar, og for desse vurderer vi jamleg kva for reguleringstiltak som er mest tenlege. Målet er å byggje opp igjen desse bestandane, men i mellomtida må vi også ta omsyn til næring, tradisjonar og lokalsamfunna. Dette kan innebere at vi går for løysingar som gjer at det kan ta tid å byggje opp ein bestand.

Kvotane er ein del av rekneskapet for fiskarane. Fiskeprisane er kanskje like viktige. Om kvotane går opp, men prisane går ned som følgje av større kvantum i marknaden – då blir det fort berre snakk om meir arbeid for same løn.

Fiskeprisane har vore svært stabile målt i faste prisar gjennom fleire tiår. Dei siste åra har vi sett at matvareprisane i verda har auka kraftig, særleg prisane på korn og ris. Kjøtprisane har også stege. Saman med befolkningsvekst og større etterspørsel etter sunn sjømat kan det vere grunn til å tru at også fiskeprisane vil gå oppover i tida framover.

Det vil vere godt nytt for fiskeflåten og fiskerinæringa. For botnlinja er kostnadene like viktig, og desse aukar også. Den siste tida er det særleg bunkersprisen som har gått opp, og for dei fiskeria som er energikrevjande kan bunkersprisen no nærme seg eit kritisk nivå der det ikkje lenger er lønnsamt å fiske.

Refusjonsordninga for grunnavgifta og CO2-avgifta gjer at fiskeflåten kan bunkre tilnærma avgiftsfritt. Difor er det i all hovudsak oljeprisane og den internasjonale bunkersprisen som styrer prisen norske fiskarar må betale for drivstoff.

Måndag skal leiinga i Norges Fiskarlag ha eit møte i Oslo med fiskeri- og kystministeren for å diskutere nettopp bunkersprisane og kva slags konsekvensar dei har for næringa. Regjeringa ønskjer å redusere utsleppa av klimagassar, og for fiskeflåten vil reduserte utslepp gi lågare bunkerskostnadar. Vi er allereie i gang med eit arbeidd for å finne fram til kva slags tiltak vi kan setje inn for å redusere bunkersforbruket, og Fiskarlaget er med i arbeidet.

Fornybare ressursar – berekraftig forvaltning

La meg no vende tilbake til eit av hovudpunkta for temaet i dag; nemleg forvaltninga. Norske fiskeressursar skal forvaltast på eit berekraftig vis, men kva betyr eigentleg dette?

Ei berekraftig forvaltning handlar om eit heilskapsperspektiv, om å sikre verdiskaping, om sysselsetting og om at dei norske kystsamfunna skal vere attraktive og levedyktig også i framtida.

Berekraft er ein viktig del av Soria Moria-erklæringa og ein raud tråd i fiskeripolitikken vi fører. 

Fiskeri- og havbruksnæringa nyt godt av naturressursane. At myndigheitene vil sikre at bruken skjer på ein berekraftig måte, er difor både naturleg og sjølvsagt. I tillegg ønskjer vi å sikre at ressursane vert brukte på ein måte som tener samfunnet best totalt sett, også i framtida.

Fiskerinæringa er basert på fornybare ressursar. Dette stiller store krav til forvaltninga av ressursane. Det er avgjerande både for næringa og for samfunnet at dei viltlevande marine ressursane blir forvalta berekraftig. Frå vår side er det sjølvsagt at ei berekraftig forvaltning inneber at vi skal hauste av havets ressursar, slik vi alltid har gjort. Ressursane skal i tillegg forvaltast slik at også kommande generasjonar kan hauste av dei. 

Vi er langt på veg mot målet om ei langsiktig og berekraftig forvaltning. Men det er ein gong slik at dette ikkje er eit mål vi når ein gong for alle.

Og vi kan alltid bli betre – det jobbar vi kontinuerleg for å bli.

Haustingspotensialet kan aukast for nokre bestandar – det er vi klar over, men generelt sett er eg sikker på at historia vil vise at vår hausting er berekraftig slik at komande generasjonar også kan hauste av rikdomane i havet.

For ei stund sidan vart det i media stilt ei rekkje spørsmål om forvaltninga av fiskeslag som står på den norske raudlista, særleg kysttorsk.
Enkelte miljøorganisasjonar har kome med til dels sterk kritikk mot norsk fiskeriforvaltning og tatt til orde for at vi må stoppe alt fiske av kysttorsk. 

Eg meiner denne kritikken er noko unyansert.

Raudlista kan vere eit nyttig verktøy. Men, ho må brukast rett og med tanke på formålet med lista. Kriteria for raudlista er utarbeidde til bruk på landdyr, ikkje fisk. Det er difor for enkelt å seie at alle fiskeslag på raudlista skal vernast gjennom forbod mot fiske. Eg er skeptisk til at enkelte aktørar brukar raudlista til å så tvil om norsk fiskeriforvaltning.

La meg difor slå fast at:

  • Norsk fiskeriforvaltning er basert på vitskaplege råd.
  • Norsk fiskeriforvaltning har som eit absolutt grunnlag at marine ressursar skal forvaltast berekraftig.
  • Norsk fiskeriforvaltning har sett i verk tiltak for bestandar der situasjonen ikkje er så god som ønskjeleg.

Det må ikkje vere nokon tvil om dette!

Når fiskeriforvaltninga set i verk tiltak, må dette gjerast på eit mykje breiare kunnskapsgrunnlag enn det raudlista åleine står for.
Raudlista speglar eit augneblikksbilde, medan vi i vår forvaltning må ta med utviklinga over tid. 

Fundamentet for alle norske fiskeri er berekraftig forvaltning og hausting. Norsk fiskeriforvaltning er basert på den beste tilgjengelege kunnskapen og vitskaplege råd frå Det internasjonale råd for havforsking og frå Havforskingsinstituttet. 

For å sikre ei berekraftig forvaltning vurderer myndigheitene med jamne mellomrom kva tiltak som bør setjast i verk. Dette har vi no nedfelt i havressurslova som ei plikt for forvaltninga.

Våre vurderingar og vedtak er baserte på grundig fagleg kunnskap. Før det vert gjort vedtak, vert ei rekkje ulike interesser vegne mot kvarandre. Det skal takast omsyn både til ei langsiktig berekraftig forvaltning av ressursane og til næringa og distrikta.

Heile 90 % av bestandane vi fiskar på forvaltar vi saman med andre land. Gjennom samarbeid søkjer vi å oppnå berekraftig forvaltning og ansvarleg fastsetting av kvotar. Det er svært viktig at vi får samarbeidspartane våre med på det vi meiner er viktig og rett.

Vi er som sagt langt på veg mot målet om ei langsiktig og berekraftig forvaltning. Men framtida er stadig usikker. Difor er det vesentleg at vi legg vekt på føre-var-prinsippet, og at vi maktar å handtere risikoen som alltid vil vere der.
 
For fiskarane og fiskerinæringa kan det knapt vere noko som er viktigare både no og i framtida enn dette. Ei ansvarleg ressursforvaltning er grunnlaget for at vi i det heile tatt har ei fiskerinæring. 

Reduksjon av det ulovlege fisket
Det same kan vi seie om ein effektiv ressurskontroll. Det nyttar ikkje å ha ei ansvarleg fastsetting av kvotar dersom vi i tillegg har eit ulovleg og uregistrert fiske. 

Difor har regjeringa frå første dag sett ressurskontroll høgt på agendaen. Fiskeri- og kystministeren og hennar kollegaer i regjeringa har diskutert dette med sine motpartar i mange land. Vi har inngått kontrollavtalar, og det er sett i verk eit regime med hamnestatskontroll i regi av Den nordaustatlantiske fiskerikommisjon (NEAFC), som allereie har vist seg å vere svært effektivt. 

Det ulovlege fisket i Barentshavet er meir enn halvert frå 2005 til 2007. Fiskefartøy som er involverte i ulovleg fiske vert svartelista, og nekta anløp og tenester i hamner. Fleire av dei svartelista skipa har faktisk no blitt til spiker. Dette er ei svært gledeleg utvikling, og viser at regjeringa sitt internasjonale arbeid for å stanse ulovleg fiske nyttar. 

Dette kjem både norske og russiske fiskarar til gode.

Sjølv om vi har oppnådd gode resultat på kort tid, er kampen langt frå vunnen. Difor held vi fram med innsatsen mot ulovleg fiske på fleire frontar.

Heller ikkje dei internasjonale avtalane vi har fått på plass kjem av seg sjølv.

Kampen mot ulovleg fiske var eit av temaa statsråden tok opp i politiske samtalar med den portugisiske fiskeriministeren, under statsbesøket i Portugal for nokre veker sidan. Portugal er ein av dei store havnasjonane, som det er viktig å ha med på laget. Kampen mot ulovleg fiske var også eit sentralt tema under den nordatlantiske fiskeriministerkonferansen som vart arrangert på Malta i mai.  

Vi har innført nye og fleksible reglar i havressurslova for å kunne møte nye utfordringar. Med den nye lova styrkjer vi reglane for ressurskontrollen, også når det gjeld ulovlege aktivitetar i Noreg av norske næringsutøvarar. 

Det er fint at vi har framgang i det internasjonale arbeidet med å stanse ulovleg fiske, og at omfanget av dette no vert redusert. Det viser at det har vore rett å setje internasjonalt fokus på ressurskontroll.

Fleire lovbrot i Noreg?

Difor er det ekstra trist at det i år er fleire sakar som er melde til politiet her heime. For det første fordi lovbrot aldri er akseptable. For det andre fordi det svekkar vårt truverd i det viktige internasjonale arbeidet med å stanse lovbrot frå andre land sine fiskarar. 

Det er viktig at alle, fiskarar, kjøparar, forbrukarar og ikkje minst organisasjonane i næringa, tek klar avstand frå tendensen til meir ulovleg framferd på heimebane. Det er faktisk viktig for å kunne marknadsføre fisken som lovleg fanga. Dersom de ønskjer å gjere det, må de også ta konsekvensane og bidra til å rydde opp. 

Struktur

Ein anna del av regjeringa sin fiskeripolitikk har vore å finne fram til ein strukturpolitikk som er ei balansert og fornuftig vidareføring av den linja som det var tverrpolitisk semje om fram til 2003. Det er mange omsyn som må vegast mot kvarandre, og vår intensjon er å ta vare på både dei bedriftsøkonomiske og dei samfunnspolitiske omsyna.

Vi legg - i større grad enn den førre regjeringa - vekt på den rolla fiskerinæringa har i samfunnet.  Ikkje minst er vi opptekne av den samfunnsmessige verknaden av strukturordningane. Lågare kvotetak, det vil seie kor mange kvotar som kan samlast på eitt fartøy, og den nedre grensa på 11 meter, skal nettopp avgrense graden av strukturering – ikkje for å plage folk, men på grunn av verdien kystflåten har for mange små lokalsamfunn langs kysten. 

I tillegg er det grunn til å leggje vekt på utnytting av andre ressursar enn torsk. 

Vi er svært opptekne av at flest muleg av dei viltlevande marine ressursane skal utnyttast. I dag ser vi at det er ei langt høgare utnyttingsgrad av torskekvotene, enn av kvotane på sei og hyse. Ved å utnytte desse kvotane i større grad kan den enkelte fiskar også styrkje drifta si. 

Fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet. Dermed er det ikkje berre  fiskarane sine interesser åleine som skal styre forvaltninga av ressursane. Vi er opptekne av fiskerinæringa sin verdi for lokalsamfunna. 

Vi ønskjer å styrkje banda mellom livet på kysten og aktiviteten om bord på og rundt fiskebåten. Vi ønskjer å styrkje busettinga, sysselsettinga og velferda i kystsamfunna. Vi ønskjer levande lokalsamfunn og ei spreidd busetting. 

Rekruttering

Så til ei sak mange er opptekne av, og som regjeringa har jobba med lenge; nemleg rekruttering – til marin sektor generelt og til fiskeflåten spesielt.
 
Eg meiner at fiskerinæringa har alle føresetnader for å trekkje til seg unge folk. Men då må vi alle syte for å få fram at næringa har gode framtidsutsikter, gode arbeidsforhold og kan tilby god lønn.

Vi ser heilskapleg på rekrutteringa for å kunne setje inn målretta og gode tiltak. Difor har vi i revidert nasjonalbudsjett foreslått å auke fiskarfrådraget med 35 000 kroner frå dagens 80 000 kroner til 115 000 kroner for 2008.
 
Dette vil styrkje konkurransekrafta i fiskerinæringa, og det er eit viktig bidrag både for å rekruttere mannskap og for å halde på eksisterande mannskap i fiskeflåten.

Så har vi sett i gang eit prosjekt for å auke rekrutteringa til marin sektor. Det er i første omgang løyvd 3,6 millionar kroner kvart år i 3 år for å finansiere to stillingar som skal jobbe aktivt med tiltak og samordning for å auke rekrutteringa til marin sektor. Prosjektet er lokalisert til Trondheim, og dei to medarbeidarane vil dele lokale med Fiskarlaget på Pirsenteret. Det er nedsett ei styringsgruppe for prosjektet der alle dei sentrale organisasjonane innanfor fiskeri og havbruk, inkludert Fiskarlaget, deltek. Styringsgruppa skal lage ein strategi for korleis innsatsen kan spissast for å få til auka rekruttering til marin sektor.

Kva så med unge fiskarar som ønskjer å etablere seg med sitt eige fartøy? Analysane våre viser at det i dag skjer ei kontinuerleg og naturleg nyrekruttering. Gjennomsnittsalderen blant fartøyeigarane har gått litt opp dei siste tiåra, men dette er likt for alle sektorar.
 
Det vil alltid vere slike svingingar, og næringa omstiller seg utan vanskar. 

Det er likevel nokre utfordringar.

For å drive fiske med eige fartøy må du ha både båt og fangstgrunnlag. Drifta krev også kunnskap; både om utøvinga av fisket og om administrative og økonomiske forhold.
 
Høge krav til eigenkapital er den største hindringa for unge, dyktige fiskarar som ønskjer å etablere seg med eige fartøy. Etableringskostnadane har auka som følgje av høgare prisar.

Vi har kome med to forslag som skal senke inngangsprisen og styrkje eigenkapitalen for unge fiskarar som allereie har ei tilknyting til næringa. Desse forslaga vart sende på høyring i midten av mai.
 
Vi har for det første foreslått å dele ut 30 etableringsstipend, kvart på 250 000 kroner, retta mot unge fiskarar som ikkje tidligare har eigd og drive sitt eige fartøy. 

Vi har for det andre foreslått å tildele inntil 30 nye deltakaradganger i lukka fiskeri over ein periode på tre år, til unge fiskarar som allereie er etablerte med eige fartøy i opne eller uregulerte fiskeri.
 
Vi har altså følgt opp forslaga frå både fleirtalet og mindretalet i rekrutteringsutvalet.

Forslaga vi no har sendt på høyring er eit klart signal frå regjeringa om at unge fiskarar absolutt bør satse på ei yrkeskarriere om bord i fiskebåten. Ved å gjere terskelen for å etablere seg litt lågare, skal fleire få høve til å starte eller vidareutvikle si eiga bedrift.

Torskereguleringa

Til slutt vil eg seie litt meir om reguleringa av fisket, og då særleg om eit fiskeri eg trur mange av dykk her i salen er opptekne av. Torskekvoten vil neste år vere større enn i år, og til større kvoten er til enklare er det å regulere. Likevel ser vi at noko må gjerast med reguleringa av fisket etter torsk nord for 62 grader nord. Det har vore mange endringar i denne reguleringa dei siste åra, og dette har skapt ein lite stabil situasjon for fiskarane.

Fisket etter torsk, hyse og sei med konvensjonelle reiskapar er grunnstammen i det nordnorske kystfisket, og reguleringsgruppa er med over 2000 deltakaradgangar, den største målt i talet på fartøy.

Hovudpoenget i reguleringa av fisket er å sikre eit ressursuttak som er innanfor rammene av dei fastsette gruppekvotane. Den norske totalkvoten vart overfiska i 2007, og det same ser ut til å skje i 2008. Det er særleg i dei to minste lengdegruppene at det har skjedd eit overfiske, og det er overreguleringa vi ikkje har fått heilt til å stemme. Dette har vorte ekstra vanskeleg som følgje av dei endringane som har skjedd og fartøyeigarane sine tilpassingar.

Difor vil departementet no før sommaren set inn for fullt, sende ut eit høyringsnotat der vi går gjennom kva for omsyn som skal leggjast til grunn for reguleringa. Vi må sikte oss inn på ei regulering som alle kan forstå, og som syter for at reguleringsopplegget vert oppfatta som rimeleg og legitimt. Nettopp fordi dette er ei viktig og stor sak, så vil vi ha ei brei høyring slik at vi er sikre på at når vi vedtek reguleringa for 2009 så gjer vi det på eit solid grunnlag og med oversikt over kva slags konsekvensar det vil ha.

I denne samanhengen vil eg understreke at det ikkje er haldbart med eit overfiske på nivå med 2007, og eg kan garantere at forvaltninga har lært av dei erfaringane vi har hausta.

Ei anna sak som mange har snakka om er å etablere ein slags kvotebank på gruppenivå. Dette har vi gjort for sei, norsk vårgytande sild og kolmule, men så langt ikkje for torsk. Eg vil her nøye meg med å seie at ein kvotebank, i likskap med vanlege bankar, både har innskot og uttak. Overfiske eitt år vil då verte trekt frå kontoen, og det vert mindre å fiske på året etter.

Oppsummering

Eg innleia med at det går godt for fiskerinæringa. Gjennom ei berekraftig forvaltning og reduksjon av det ulovlege fisket sørgjer vi for at dei viktigaste bestanda gir ei god og stabil avkastning og inntekt for kystsamfunna og fiskarane.

Sentrale rammevilkår som råfisklova, deltakarlova og stabil ressursfordeling ligg fast. Eg trur at framtidsutsiktene er lyse både for tradisjonelt fiskeri og for nye næringar. Dette er poeng som ofte vert borte i den fiskeripolitiske debatten.

Skal vi greie å rekruttere ungdommen til næringa, og skal næringa oppnå det omdømet vi ønskje i framtida, er det viktig å markere at fiskerinæringa går godt. Og fiskerinæringa skal også i framtida vere med på å gi folk høve til å velje eit liv på kysten.

Takk for meg.