Historisk arkiv

Skaldyrkonferansen 2008 - Kristiansand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa og skaldyrnæringa

Kjære møtedeltakarar

Takk for invitasjonen til skaldyrkonferansen 2008, der eg er utfordra til å gjere greie for korleis Regjeringa ser på skaldyrnæringa. 

Havet er ein enorm matkjellar, og Norge har eit mangfald av ressursar i  hav- og kystområda våre. Nokre, men langt frå alle desse, vert i dag utnytta kommersielt gjennom fiske, fangst, havbruk og annan form for næringsverksemd. Ein grunn til dette er truleg at vi i Norge ikkje har tradisjon for å sjå nytteverdien i mange av havets rikdomar. Ei rekkje sjødyr og vekstar som ikkje har nokon plass i norsk matkultur, er delikatesser ute i verda. Med heile verda som marknadsplass, er det difor ingen tvil om at vi har eit stort uutnytta potensial langs kysten vår.  

For å utnytte dette potensialet treng vi kunnskap. Denne kunnskapen er ein avgjerande innsatsfaktor for å sikre næringa  konkurransefortrinn internasjonalt, og for å kunne ta ut det betydelege potensialet for havbruk som vi har. Fiskeri- og kystdepartementet brukar difor nærare 1,4 milliardar kroner årleg på forsking og utvikling innan fiskeri- og havbruksnæringa. 

Ein stor del av forventningane til framtidig verdiskaping i marin sektor ligg i nye artar i oppdrett og havbeite. Skaldyr gir ei verd av unike smaksopplevingar og nye mulegheiter. 

Men desse artane stiller oss også overfor nye utfordringar – til teknologi, til fôr, til vaksinar, til biologiske utfordringar ved oppskalering og drift og til marknadskunnskap, for å nemne nokre. Det seier seg difor sjølv at det er ressurs- og tidkrevjande å kommersialisere nye oppdrettsartar. Erfaringa med laks viser at det tar lang tid frå ein startar med oppdrett av ein ny art til ein kan drive lønnsam kommersiell produksjon i stor skala. Dette krev eit betydeleg og langsiktig engasjement både frå det offentlege og frå næringsaktørane for at nye artar skal komme frå utviklingsfasen og over i lønnsam produksjon.  

Med danninga av NOFIMA har vi samla dei næringsretta forskingsinstitusjonane under ein paraply, og danna eit konkurransekraftig forskingskonsern som skal kunne møte næringa sitt forskingsbehov.  

Ei av utfordringane til norsk skaldyrnæring, er å få innpass i den internasjonale marknaden. Kundane blir stadig meir krevjande. Leverandørane møter omfattande krav til både kvalitet og tenester. For mange sjømatprodusentar, særleg dei små og mellomstore selskapa, er det ei utfordring å innhente marknadskunnskap, knyte kontakt og tilby logistikk og tilleggstenester som gjer dei til føretrekte leverandørar hos matvarekjedene og i godt betalande nisjemarknader. Ved å vere føretrekte leverandørar aukar forhandlingsmakta og mulegheita for å hente ut meirverdiar og gevinstar av rasjonaliseringstiltak. 

I oppfølginga av Soria Moria-erklæringa, har denne regjeringa funne rom for eit marint verdiskapingsprogram med ei ramme på 75 millionar kroner.  Det er Innovasjon Norge som forvaltar programmet. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar frå eigarar og tilsette i sjømatverksemder om at tilbodet gjennom Marint verdiskapingsprogram treff deira behov. Målet med programmet er at verksemdene skal kunne hente ut ein meirpris for sine kvalitetsprodukt. Til dømes gjennom å posisjonere dykk som dei føretrekte leverandørane av sjømat inn til interessante marknader. 

I går heldt Innovasjon Norge ein presentasjon av deira innsats og verkemiddel som kan nyttast av skaldyrnæringa. Eg har forstått at særleg dei distriktsretta midlane har vore viktige for mange skjelprodusentar. Sidan ein stor skjelproduksjon i Norge krev at vi er etablerte i dei internasjonale marknadene, meiner eg det er viktig at de aktivt søkjer mulegheitene Innovasjon Norge har for å støtte og styrkje internasjonalt retta aktivitet. Eit døme kan vere IFU-ordninga: industrielle forskings- og utviklingskontraktar. Innovasjon Norge har også kontor i mange land. Bruk desse kontora for å få kunnskap og informasjon om blant anna støtteordningar i desse landa.  

Den norske skjelnæringa står overfor nokre særskilde utfordringar i året som kjem. Eg vil først peike på dei utfordringane som knyter seg til giftstoff og hausting av skjel. Skjelnæringa er spreidd langs heile kysten. Tilhøva med tanke på mikroorganismar, framandstoff og algegifter kan variere svært mye mellom lokalitetane langs kysten, og vi veit at skjel er eit særleg risikoprodukt med omsyn til algegifter. 

Den 1. januar 2006 tredde eit nytt hygiene- og kontrollregelverk knytt til matproduksjon i kraft i EU.  Dette regelverket vil tre i kraft hos oss i løpet av 2008. Dette inneber at det blir stilt strengare krav enn i dag til klassifisering og overvaking av dyrking- og haustingsområde for skjel. Dette vert kostnadskrevjande. 

Det vi veit er at kostnadene med klassifisering, overvaking, opning og lukking av hausteområda kan reduserast ved å satse på færre og større område, og der desse områda er godt eigna for skjeldyrking.  

Vi meiner difor det no ser ut til å vere rett tid for å systematisere kunnskapen om skjelproduksjon i Norge  - ikkje minst for å leggje til rette for å utvikle ei berekraftig skjelnæring med lønsame bedrifter framover. Dette arbeidet vil skje i nært samarbeid med næringa. 

Ei anna stor utfordring for skjelnæringa er opprydding der drift av anlegg har opphøyrt. Manglande opprydding er først og fremst eit miljøproblem som må takast på alvor. Lovverket vårt pålegg ei fullstendig opprydding av akvakulturanlegg etter at drifta er slutt. Det blir ikkje alltid gjort. Etterletne oppdrettsanlegg er skjemmande, og kan og vere ein trussel mot sjøsikkerheita. Det er forureinar som skal betale for oppryddinga, og Fiskeridirektoratet vil sjå til at eigarar av forlatne anlegg blir pålagd å rydde opp. For anlegg utan eigar vil Fiskeridirektoratet så langt råd er gje andre næringsaktørar høve til å overta ustyret mot å rydde opp.  

Fiskeri- og kystdepartementet har i tillegg fastsett ei forskrift om å stille sikkerheit som krev at alle som skal ha nytt blåskjelløyve må stille økonomisk sikkerheit for opprydding når drifta er avslutta. I dag kan det gjerast ved eit depositum, men næringa vurderer å utvikle ei felles ordning – eit oppryddingsfond. Eit slikt fond vil vere billegare for oppdrettaren, og departementet stør næringa sitt arbeid. Kjem fondet på plass, vil det vere eit alternativ til depositum. Fondet må og omfatte eksisterande blåskjelanlegg.  På sikt vurderer vi å krevje sikkerheit frå alle som driv oppdrettsverksemd.  

Men skaldyr er meir enn blåskjel. Til dømes er havbeite ei næring som har potensial til å kunne medvirke til ei positiv utvikling i kystområda, men som i dag har eit moderat omfang. I dag vert det drive havbeite på to artar, kamskjel og hummar. Dette er artar som oppnår gode prisar i marknaden, og det bør vere rom for monaleg ekspansjon utan at prisane vert særleg reduserte. Ei slik utvikling føreset naturlegvis gode produkt. 

Sidan havbeite er ei næring i startfasen er det ønskjeleg å leggje opp til ei forsiktig utvikling av næringa, basert på eit føre-var-prinsipp. På denne måten kan ein få nødvendig erfaring for vidare utvikling og byggje opp  kunnskap om konsekvensar for miljøet. Vi meiner at dette omsynet best kan takst vare på ved at løyver vert tildelte i rundar. Det blir ikkje starta arbeid med forskriftsendring no. Inngrep i allemannsretten gjer at desse sakene har konfliktpotensial. Ei arealavgift som kompensasjon til lokalsamfunna vil kunne redusere konfliktpotensialet. Dersom det vert slik kan tida då vere mogen for å endre regelverket slik at det kan tildelast nye løyve. 

Sjølv om havbeite har eit rikeleg utviklingspotensial har næringa også visse utfordringar. Særleg gjeld dette forholdet til kystfiskeria og allemannsretten. Departementet har inntrykk av at mangel på informasjon frå verksemdene og manglande kommunikasjon mellom verksemdene og lokalsamfunnet er kjelda til uroa. Ved tildelinga av løyve i 2004 var det mykje diskusjon rundt desse temaa, og protestane mot havbeite som næring var relativt omfattande. Erfaringar viser likevel at aukande kunnskap om havbeite som næring har ført til eit lågare konfliktnivå i etterkant av tildelinga av løyve. Regjeringa har prinsipielt lagt til grunn at kommunane kan krevje ei arealavgift for bruk av areal i kystsona. Slik vi ser det, kan ei slik avgift føre til at lokalsamfunnet vil sjå meir positivt på havbeite.  Samtidig vil eg oppmode næringa til å ta godt vare på lokalsamfunnet sitt. 

Fiskeridirektoratet lyste ut 10 nye løyve til havbeite våren 2007. 5 for hummar og 5 for kamskjel. Etter det eg veit er det gitt eit løyve til kamskjel i Sør-Trøndelag, og det vert spennande å sjå det endelege utfallet av runden.  

Eg kan ikkje halde eit innlegg på ein slik konferanse utan å ta opp helseeffekten med å ete sjømat. Det er ingen tvil om at sjømat er sunt og bra for helsa. Det fleire ting tyder på at sjømat inneheld ei rekkje helsefremjande komponentar. Norsk institutt for ernærings- og sjømatforsking - NIFES - har blant anna gjort forsøk som viser dette, og sjømat representerer difor eit naturleg alternativ til ei rekkje helsekost-produkt og pillar.

Regjeringa har utarbeidd ein handlingsplan for betre kosthald i befolkninga. Denne har som hovudmål å endre kosthaldet i tråd med tilrådingane frå helsemyndigheitene. Ei av desse tilrådingane er å auke forbruket av fisk og annan sjømat. Fiskeri- og kystdepartementet har difor saman med Eksportutvalet for fisk og Helse- og omsorgsdepartementet, i år løyvd pengar til aktivitetar som skal medverke til auka konsum av fisk og sjømat.

I tillegg til at vi ønskjer at maten skal vera sunn, har myndigheitene eit ansvar for å sikre forbrukarane trygg mat. Her har Mattilsynet ei sentral rolle både i utforminga av regelverk og i å handheve regelverket. Det er likevel viktig å hugse at sjølv om myndigheitene har eit overordna ansvar for å sikre trygg mat, er den enkelte næringsutøvaren i alle høve ansvarleg for dei produkta han sel.  

Skaldyr er sunt, lettvint, annleis, luksuriøst, økologisk rett  - og gir ei verd av unike smaksopplevingar. Eg trur det ligg store mulegheiter i å auke verdiskapinga frå dei råstoffa og det volumet vi  har. Tradisjonelle produkt kan vidareutviklast og ein kan skape nye produkt – og vi kan bli betre på å utnytte alle delar av dei marine råstoffa. Samanlikna med mange andre kystnasjonar er vi i Norge lite flinke til å utnytte mangfaldet i havet. Utnytt dette! Ta tak i utfordringane som dei ulike skaldyrartane utgjer. Bidra til at desse produkta vert kommersialiserte og at dette om nokre år er ei lønsam næring i vekst. Bidra til at denne delen av næringa lukkast.

Eg ser fram til å følgje skaldyrnæringa i dei komande åra.