Historisk arkiv

Regjeringa sin konkurransestrategi for havbruksnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Ulriksens presentasjon under AqKva konferansen, Stord 17.01.08

Statssekretær Vidar Ulriksen presenterte regjeringa sin konkurransestrategi for havbruksnæringa under AqKva konferansen, Stord 17.01.08.


Lysbilde 1

Takk for invitasjonen! Eg er komen hit til fagre Stord for å fortelje dykk meir om Regjeringa sin konkurransestrategi for havbruksnæringa. Eg legg i denne omgang mest vekt på marknadstilgang og  sjukdom- og miljøspørsmål, og vil avslutte med nokre ord om ein framtidsretta næringspolitikk.

I Soria Moria-erklæringa vart regjeringspartia einige om å gjennomgå konkurransetilhøva til den norske havbruksnæringa. På Aqua Nor i fjor lanserte difor fiskeri- og kystministeren ”Strategi for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring”. Dette er Regjeringa sin plan for korleis framtidige utfordringar for næringa kan bli møtt på ein best muleg måte. Dette skal skje med grunnlag i konkurransevilkår som sikrar ei livskraftig og miljøvenleg havbruksnæring, og som kan bidra til verdiskaping langs kysten.

I utarbeidinga av strategien tok Regjeringa omsyn til at vi i mange år har hatt reguleringar som fungerer godt, og vi ønskte difor ikkje å leggje fram forslag som snur næringa opp-ned. Tvert i mot. Det går godt for næringa no, og havbruk skaper utvikling og aktivitet langs kysten. Regjeringa ønskjer å medverke til at dette skal halde fram.

Lysbilde 2
 
Konkurransestrategien legg vekt på å sikre marknadstilgangen og at veksten i havbruksnæringa skal skje på ein berekraftig måte.

Regjeringa vil difor
• ha ein høg innsats i arbeidet med å inngå nye frihandelsavtaler med viktige marknader
• prioritere arbeidet i WTO i samband med internasjonale forhandlingar og samarbeid
• arbeide for å sikre berekraftig vekst og trygg sjømat
• vidareutvikle ein framtidsretta næringspolitikk
• prioritere marin forsking.

Om eg startar med marknadsutfordringane, er laksesaka og panelsaka mot EU kanskje noko de har høyrt mykje om.
 
Lysbilde 3

WTO-panelet ga Norge medhald i at EU har brote WTO-avtalen på ei rekkje avgjerande punkt, frå iverksetting av undersøkinga til innføring av tiltaka.
EU hadde ikkje grunnlag for å innføre tiltaket mot den norske laksenæringa. Vi meiner at tiltaket no må opphevast.
 
EU har ikkje anka saka, og WTO-rapporten blei difor endeleg vedteken i WTOs tvisteløysningsorgan 15. januar. Det betyr at EU no må gjere noko med punkta der dei har brote WTO-regelverket. Kor lang tid EU vil få på seg til å gjennomføre dette skal diskuterast. Frå norsk side meiner vi at EU ikkje kan gjere anna enn å oppheve tiltaka pga. dei grunnleggande feila som er gjort. Vi vil derfor arbeide for at gjennomføringsperioden skal bli så kort som råd. Men, norsk laksenæring må framleis leve med minsteprisane til dette er avklart. 
 Når det gjeld bilaterale handelsavtalar i høve til nye og potensielt viktige marknader, vil eg nemne at Noreg i løpet av 2008 vil setje i gong frihandelsforhandlingar med India.  Vi vonar også å kome i gang med forhandlingar med Kina i løpet av 2008. Vi vil vidare prioritere forhandlingar med Russland og Ukraina så snart desse landa har sluttført forhandlingane om WTO- medlemskap.

Samstundes viser russlandssaka kor viktig det er å ha klare reglar for korleis ”veterinære spørsmål” skal handsamast i internasjonal samhandel. I denne samanhengen er det avgjerande at styresmaktene – det norske Mattilsynet og den russiske Veterinærtjenesta – har tillit til kvarandre. Vi meiner Mattilsynet har gjort ein framifrå innsats i denne saka. 

Lysbilde 4

Etterspørselen etter sjømat aukar globalt, og ifølgje FAO kan dette berre dekkast gjennom vidare vekst i akvakultursektoren -  ikkje gjennom dei konvensjonelle fiskeria.

Eksporttala for 2007 viser oss resultatet av marknadstilgangen.  I 2007 eksporterte Norge fisk og fiskevarer for nærare 37 milliardar kroner og havbruks¬næringa stod for over halvparten av denne eksportverdien. Laks er framleis det viktigaste eksportproduktet og EU den viktigaste marknaden. Det vart produsert 706 000 tonn til ein eksportverdi på 17,5 milliardar kroner, noko som er opp 403 millionar samanlikna med i 2006. Eksporten av regnbogeaure låg på 1,3 milliardar kroner i verdi for 2007 og produksjonsvolumet vart 56000 tonn. Eksporten omfattar nok laks til å gi eitt sunt og godt måltid til over 3,5 milliardar menneske dersom vi reknar 200 grams porsjonar….!

Torskeoppdrett er òg på god veg opp og fram. Det vart eksportert 4 100 tonn torsk frå havbruk i 2007. Eksportverdien auka med 21 prosent til 166 millionar kroner frå året før.

Lysbilde 5

Etter oppgangstider kjem alltid nedgangstider. Det er i oppgangstidene vi må førebu oss på nedgangstidene. Som John F. Kennedy sa ein gong: ”Det er når sola skin, du skal vøle taket!”

Regjeringa er oppteken av å sikre at norsk havbruksnæring veks på ein berekraftig måte. Dette er og vil vere avgjerande for næringa sitt omdømme og framtidsutsikter.

Det er difor viktig å planleggje godt. Her på Vestlandet har de òg tatt del i dei gode tidene, sjølv om mange framleis har krevjandes utfordringar.  Det er nok å nemne fiskesjukdom som pankreas sjukdom, som av ekspertane er korta ned til PD, og lakselus. Vi har også merka oss interessekonfliktar omkring areal og miljøpåverknad, til dømes i Hardangerfjorden. 

På bakgrunn av eit større lusepress for villaks og sjøaure dei siste åra, særleg på Vestlandet, har arbeidet mot lakselus vore høgt prioritert hos styresmaktene.  Denne veka vil Mattilsynet sende ut på høyring ei endring av lakselusforskrifta, der det blir fremja forslag om endring av tiltaksgrensa, klår heimel til områdevis avlusing, og ei justering av nivået på tvangsmulkta – og den vil bli foreslått sett ned! Ikkje fordi vi trur det hjelper å vere snillare, men fordi vi meiner at lågare satsar for tvangsmulkt vil føre til at den blir teken meir i bruk – for å nå målet.

Mange av dykk er kanskje råka av PD. Sjukdomen  har auka markant hos på Vestlandet dei siste åra. Mattilsynets tiltaksplan er på plass, og PD er oppgradert til B-sjukdom. Ei eiga soneforskrift for Vestlandet vart vedtatt før jul. Vi gjorde dette i nær dialog med næringa og styringsgruppa mot PD. Eg trur dette samarbeide kan stå som eitt eksempel på korleis næring og styresmakter bør arbeide saman mot felles mål i framtida.

Satsar ein på nye arter i oppdrett, vil nye sjukdomar kome til. Eit eksempel er Francisella hos torsk, som er peika ut som eit av dei største sjukdomstrugsmåla mot kommersielt torskeoppdrett.  Slike utfordringar må vi klare å løyse gjennom vidare forsking og regelverksutvikling.

I konkurransestrategien har Regjeringa konkludert med at det ikkje skal etablerast ei statleg erstatningsordning knytt til pålagt utslakting av sjuk fisk. Vi er samstundes i dialog med næringa for å greie ut spørsmål om etablering av eit næringsfinansiert fond som kan dekkje delar av dei eigenandelane som oppdrettarane har ved forsikringsutbetalingar ved sjukdom.

Eg slår fast at det er ei gledeleg forbetring i rømmingstala for 2007 samanlikna med året før. Vi ser ei halvering i talet på rømte fisk – dette trass i produksjonsauke!

Også torsken er rømmingsvillig, sjølv om også tala for torsk viser mindre rømming i 2007. Faktisk berre ein fjerdedel samanlikna med året før. Dette er steg i rett retning!

Men målet må vere at rømming skal haldast på eit absolutt minimum. Vi er difor ikkje i mål enno!

Eg kan ikkje gå ned av denne talarstolen utan å seie nokre ord om Hardangerfjorden, som er mellom dei mest oppdrettstetta områda i landet og har særskilte utfordringar.

Hardangerfjorden har for tida dårleg vasskvalitet, noko som mellom anna kjem av auka eutrofiering og algevekst. Klare årsaker til dette er ikkje funne, men vi må ta desse signala inn over oss. Det er ikkje dokumentert at  havbruksnæringa er årsaka til  dei dårlege vasstilhøva. Havforskingsinstituttet meiner at dei store fjordane på Vestlandet, inkludert Hardangerfjorden, i liten grad er påverka av utslepp frå fiskeoppdrett. Havbruk er rett nok den største kjelda til utslepp i mange fjordar, men dei samla menneskeskapte tilførslane er likevel relativt små samanlikna med naturleg transport av næringssalt langs kysten og i fjordane. Uansett er Hardangerfjorden trekt fram som eit potensielt problemområde med stor tilførsel av næringssalt.

Fiskeridirektoratet har òg peika på at vi må fare varsamt fram i Hardangerfjorden og meiner at den regionale tolegrensa her snart kan vere nådd. Dei har foreslått stans i tildelingar av nye løyve og stans i vidare utvidingar for laks og aure i delar av fjorden, medan ein utarbeider ein eigen plan for korleis problema skal handterast. 

Eg meiner det er viktig å sikre at den vidare utvikling av havbruksnæringa ikkje fører til  auka risiko for miljøet i Hardangerfjorden eller i andre område. Departementet har no dette forslaget til vurdering og vil sjå nærare på korleis dette skal følgjast opp for å sikre at vi har ei berekraftig forvaltning av Hardangerfjorden.

I samband med dette har vi  auka budsjetta for 2008 til forskingsaktivitet knytt til fjordøkologi i Hardangerfjorden. Dette vil betre tilfanget av miljødata og gjere det muleg å kartleggje nærare effektar av utslepp og årsaksforhold.

Lysbilde 6

Så er vi komne til eit av dei store diskusjonstema no for tida; arealbruk og arealavgift.

Havbruk er avhengige av tilgang på nok areal, og det rette arealet. Sjølv om næringa legg beslag på mindre areal enn før, vil det framleis vere kamp om gode område for havbruk. Dette er ei særleg utfordring på Vestlandet med den PD-situasjonen vi har her.

Først vil eg fortelje korleis vi ser for oss at arealutfordringane kan møtast.

Ein føresetnad for gode resultat innan havbruk er gode lokalitetar.

Vi vil bidra til at havbruksnæringa får god tilgang på optimalt areal i kystsona. I samband med dette meiner regjeringa prinsipielt at kommunane bør få rett til å innkrevje betaling for bruk av areal i kystsona.

Vi meiner at ei eventuell arealavgift kan vere med å betre næringa sitt omdømme lokalt og å knyte nærare band til lokalsamfunnet ved at næringa i større grad bidreg direkte økonomisk. Å vere med å fremme ei optimalisert kystsoneplanlegging kan medverke til meir samfunnseffektiv utnytting av arealet.

Det er difor sett ned ei arbeidsgruppe mellom aktuelle departement, der eg er med, som skal vurdere dette nærare og på kva måte det eventuelt kan skje. Som grunnlag har arbeidsgruppa bede om fakta og synspunkt frå dei som brukar kystsona eller blir påverka av korleis kystsona blir brukt. Eg har sett at fleire kommunar i denne regionen har sendt brev til Finansdepartementet om saka.

Korleis ei eventuell avgift skal innrettast er det ikkje teke stilling til. Vi skal vurdere ei generell avgift, som kan påleggjast all næringsaktivitet som legg beslag på areal i kystsona over ei viss tid, og såleis ikkje berre havbruk. Det kan òg bli aktuelt med differensierte avgifter. Regjeringa si endelege vurdering av arealavgift vert lagt fram til hausten – i statsbudsjettet for 2009.

Eit anna viktig tiltak for ein framtidsretta næringspolitikk er den nye konsesjonsordninga for stamfisk som gjeld frå nyttår. Vederlagsfrie og tidsavgrensa stamfiskløyve vert tildelte fortløpande utan særskilte tildelingsrundar. Dette skal betre rammevilkåra både for nye og eksisterande aktørar – og stimulere til meir spreidd stamfiskverksemd langs kysten og sikre næringa stabil tilgang på nok rogn av god kvalitet.

Lysbilde 7

Eg vil runde av med nokre ord om den siste delen av konkurransestrategien som eg kjem inn på her i dag, nemleg ny tildelingsrunde i 2009.

Regjeringa vil gjennomføre ein runde med tildeling av nye laksekonsesjonar i 2009, der vi tek sikte på å vidareføre ordninga med tildeling mot vederlag til staten.

Fram mot tildelinga vil vi arbeide vidare med detaljane som ikkje er på plass enno. Dette gjeld mellom anna:
• talet på konsesjonar og regional fordeling
• vederlag og tildelingsmåte
• tildelingskriterium, m.a. for å styrke små og mellomstore aktørar, sikre at verksemda blir integrert økonomisk i regionen og gi mulegheit for foredlingsbedrifter.

Vi tek sikte på å gjere greie for dette òg i budsjettframlegget for 2009, med andre ord i oktober 2008.

Eg kan allereie no seie at det finst nokre område der interessekonfliktane er store og der vi ønskjer å utgreie meir rundt bereevna til miljøet før vi tillet vidare vekst. Vi ser det difor no slik at det ikkje er særleg aktuelt med nye konsesjonar i Hardangerfjorden i tildelingsrunden i 2009. Men det kan vere muleg med nye konsesjonar i denne regionen så snart tilhøva blir betre.

Lysbilde 8

Som oppsummering vil eg understreke at Regjeringa ønskjer ei konkurransedyktig havbruksnæring, både i eit nasjonalt og regional perspektiv.
Ei konkurransedyktig havbruksnæring er ei næring som:
• spelar på lag med lokalsamfunna og med miljøet
• tar fiskehelse og fiskevelferd på alvor
• produserer sunn og trygg sjømat til stadig fleire marknader i verda.

Takk for meg!

Lysbildene til Ulriksens presentasjon av regjeringa sin konkurransestrategi for havbruksnæringa under AqKva konferansen på Stord 17. januar 2008 (PPT-format)