Historisk arkiv

Tale ved opninga av Kystkulturmessa i Florø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si tale ved opninga av Kystkulturmessa i Florø 5. september 2008.

Tale ved opninga av Kystkulturmessa i Florø 5. september 2008

Det er ei stor glede for meg å vere til stades her på dette seminaret som markerer starten på Kystkulturmessa og matfestivalen i Florø 2008. Det er sjølvsagt litt ekstra å vere på ei slik hending på heimeplan– eg kjenner jo godt fleire av dei døma på kultur som vi alle kan verte betre kjende med seinare i dag.

Som representant for fiskeri- og kystministeren har eg og merka meg at matopplevingar er del av programmet her på festivalen – og då må eg understreke at  fiskeri- og kystministeren også er matminister! Norge er nummer to i verda når det gjeld fiskeeksport – vi eksporterer faktisk 27 millionar fiskemåltid kvar dag! 

I den strategien for kystbasert reiseliv som vi la fram i vår er hovudmålet betre samarbeid mellom fiskeri- og havbruksnæringa og reiselivsnæringa – og eit delmål er ”auka samarbeid mellom reiselivet og sjømatnæringa om marknadsføring av norsk sjømat og Norge som reisemål”.

Samarbeid er viktig for å fremme kystkulturen. Vårt eige kystmuseum er eit godt døme på slikt samarbeid. Arbeidet med å få til museet starta i 1975, då var interessa for kystkultur aukande, og dei etablerte musea i fylket hadde ikkje naturleg tilknyting til kysten. Kystmuseet vart formelt stifta i 1980, og kystkommunane her i fylket er deleigarar i museet.

Fiskeri- og kystdepartementet starta i 2005 eit treårig samarbeid med Sogn og Fjordane om kystkultur, og dette samarbeidet er mellom anna bakgrunnen for kystkulturmessa og det seminaret som vi no skal halde. Initiativet til eit slikt samarbeid vart teke etter at  Kulturavdelinga i fylkeskommunen 19. januar 2004 arrangerte ein arbeidskonferanse om kystkultur. Mellom deltakarane var representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet. I samarbeid med fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad og hennar medarbeidarar vart det i tida etter denne konferansen drøfta ein avtale som skulle konkretisere og realisere regional og nasjonal kulturminne- og verdiskapingspolitikk. Fylkeskommunen og departementet vart einige om at det var behov for eit lengre perspektiv enn eitt år for slikt samarbeid, og saman gjekk dei inn for ein treårig avtale. Dette samarbeidet er eg særs glad for!

Fiskeri- og kystforvaltninga skal medverke til vern, bruk og formidling av kulturminne og kulturmiljø slik at allmenta kan få innsikt i og oppleve kulturverdiane i kystsona. Hovudideen med samarbeidsavtalen mellom departementet og Sogn og Fjordane  er at arbeidet med kystkultur vil få ein større verdi når nasjonale og regionale aktørar går saman. Ved å etablere nettverk og skape lokal deltaking i arbeidet med kystkultur, kan vi få ei betre  samordning med dei aktørane  som er knytte til arbeidet med kystkultur i Sogn og Fjordane. Slik kan vi konkretisere og realisere regional og nasjonal kulturminne- og verdiskapingspolitikk.

Departementet har i alt løyvd 1 275 000 kroner til kystkultursamarbeidet med Sogn og Fjordane i desse tre åra. Medarbeidarane i departementet har hatt fleire møte desse åra med representantar frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane, men møta har alltid vore haldne i Oslo. Det er difor godt at vi no kan få sjå og høyre meir om dei prosjekta som har fått støtte via denne samarbeidsavtalen.

Eg gler meg til å få sjå Haugefisk og Svanhild, og ikkje minst gler eg meg til å få ein tur med Atløy til Kystmuseet i Sogn og Fjordane - det blir ein tur med formidling av kystkultur, både praktisk om bord i eit ”flytande museum”, og på Kystmuseet. Etter det eg har sett av programmet vil vi også få fleire døme på formidling og verdiskaping når vi er tilbake her i Samfunnshuset etter turen med Atløy.
Med desse orda er det ei stor  glede for meg å erklære seminaret om ”Kystkultur – formidling og verdiskaping” for opna.