Historisk arkiv

Utfordringar i kystsona i Sør-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens tale på årsmøte/medlemsmøte i Vestnorsk Havbrukslag i Florø, 7. mars 2008.

Statssekretær Vidar Ulriksens tale på årsmøte/medlemsmøte i Vestnorsk Havbrukslag i Florø, 7. mars 2008.

Se presentasjonen som fulgte talen.

Kjære møtedeltakarar
Det er ei glede for meg å kome her i dag.

I Soria Moria-erklæringa er det slege fast at regjeringa sitt mål er at Norge skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innan dei område der vi har fortrinn. Eitt av områda regjeringa peikar ut er nettopp marin sektor, fordi vi der har både kompetanse og fortrinn.

Norge er ein kyststat med rike fiskeri-, olje- og gassressursar. Dette inneber stor aktivitet på havet og langs kysten.

Skipstrafikken fører frå tid til anna til ulukker sjølv om vi legg best muleg til rette for at det ikkje skal skje. Fleire hendingar i 2007 minna oss om kor viktig det er med god førebyggjande sjøsikkerheit og oljevernberedskap for å skjerme norskekysten mot alvorlege miljøskadar.
 
Lysbilde 2
Den verste hendinga var forliset av M/S Server utanfor Fedje, 12. januar i fjor. Til saman 400 kubikkmeter tung bunkersolje lak ut i sjøen. Det vart oljepåslag på land  230 stader, i 13 ulike kommunar. Bildet av tjukk olje i sjøen, tilgrisa strender og skada sjøfugl er eit minne som mange har med seg.
 
Lysbilde 3   - Film
Naturen rundt Fedje er no ”friskmeldt” og dei fleste spora etter utsleppa er borte. Takka vere naturkreftene og ein stor menneskeleg innsats – om lag 13.000 dagsverk- er strendene rydda for oljesøl.

Det er Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket som har ansvaret for å koordinere den samla nasjonale oljevernberedskapen. Den kommunale og statlege beredskapen trer inn ved større hendingar når den ansvarlege forureinaren ikkje kan handtere forureininga på eiga hand. Statens beredskap er dimensjonert ut frå miljørisiko og beredskapsanalysar, men er ikkje - og kan heller ikkje vere - basert på det verst tenkjelege tilfellet.

Lysbilde 4
Overvaking av skipstrafikken ved trafikksentralane til Kystverket er eit viktig hjelpemiddel for å unngå at det skal oppstå fare. Trafikksentralane kan raskt reagere og tilkalle hjelp dersom dei oppdagar avvik frå normalen. Vi har god oversikt over skipa langs norskekysten. Automatisk identifikasjon av skip, AIS, er eit sentralt hjelpemiddel for trafikksentralane for å følgje skipa langs kysten. Eit tastetrykk gjev informasjon om posisjon, kurs, destinasjon og nasjonalitet.

Når eit fartøy likevel hamnar i ein akutt situasjon trengst det  handlekraft og godt skjøn for å handtere situasjonen. Liv og helse har alltid høgste prioritet, og her har hovudredningssentralane ei sentral oppgåve.

Lysbilde 5
Først når bergingsaksjonen er avslutta startar aksjonen for å verne miljø og materielle verdiar. Det er òg ei svært sentral oppgåve å avgrense miljøskadane. Eg vil understreke kor viktig det er å ha eit effektivt og kompetent aksjonsapparat, som med tilgjengeleg utstyr raskt kan setje i verk nødvendige tiltak.

Kystverket har nødlosseutstyr for bunkers i Horten og Hammerfest og slikt utstyr vil vere på plass på Svalbard før jul. Vidare har Kystverket plassert nødlosseutstyr for lasteolje i Stavanger, Ålesund, Bodø og Hammerfest, etter avtale med Buksér og Berging.

I tillegg til å ha tilgjengeleg utstyr i depot på land, vil eg nemne at Kystverket har plassert utstyr om bord både i eigne fartøy og i fartøy som tilhøyrer Kystvakta. Vi har plassert 200 meters lenser på 4 (snart 5) indre kystvaktfartøy. I fem av dei havgåande kystvaktfartøya har vi plassert 300 meters lenser. Utstyr om bord på fartøy gir Kystverket ein nyttig fleksibilitet og sikrar ei rask mobilisering av utstyr under aksjonar.

Slepebåtberedskap er òg ein del av kystberedskapen. For Sør-Norge er beredskapen basert på privat slepebåtkapasitet. I Nord-Norge, der trafikkgrunnlaget er lågare, har vi oppretta ein statleg slepebåtberedskap. Samstundes kan dei havgåande kystvaktsfartøya nyttast til slep. Det er også oppretta nødhamner der fartøy kan takast inn, for å hindre at utslepp spreier seg i stort omfang til dei mest sårbare områda.

Lysbilde 6
Det er til saman 2.300 vrak utafor norskekysten, og nokre av dei utgjer ein fare for akutt forureining. Vraket av U-864,  som vart torpedert ved Fedje under 2. verdskrig, er truleg det farlegaste av desse. Handteringa av vraket er ei stor utfordring, både ut frå korleis ubåten ligg, og ut frå innhaldet i og rundt vrakrestane. Den store mengda med kvikksølv om bord, kombinert med ammunisjon, fører med seg risiko for naturen og ei rekkje næringar.

Lysbilde 7
I desember 2006 tilrådde Kystverket ei tildekkingsløysing som regjeringa då støtta opp om. Det vart i etterkant halde to høyringar i Stortinget, der kom det også heilt nye forslag på bordet. Difor vart det bestemt at saka måtte utgreiast på nytt for å sikre ei grundig vurdering av alle innkomne forslag. Ulempa ved dette er at fordi oppdraget er så stort, så tek det tid å følgje fristane i innkjøpsregelverket. Den nye gjennomgangen inneber at tiltak tidlegast kan setjast i verk sommaren 2009, kanskje først i 2010. I mellomtida lek det ut meir kvikksølv, samstundes som tilstanden til vraket vert dårlegare år for år.

Lysbilde 8
Samla sett meiner eg at ut frå det risiko- og trafikkbildet vi ser i dag, så har vi ein god nasjonal beredskap mot akutt forureining. Vi skal likevel ikkje vere altfor velnøgde på dette området. Vi kan alltid bli betre. Vi kan aldri vite kva for ei ulukke som rammar oss neste gong, eller kvar det vil skje. Det er ei rekkje tilhøve, både innanfor og utanfor den menneskelege kontroll, som verkar inn på kva for konsekvensar ei ulukke kan få.

Soria Moria-erklæringa seier at regjeringa vil styrkje oljevernberedskapen. Vi har foreslått å auke løyvinga til fornying av oljevernutstyr på budsjettet dei siste åra. Stortinget gav og si tilslutning til å setje i gang arbeidet med å reetablere hovuddepotet med oljevernutstyr på Fedje i 2007. Vi har sørgd for tømming av vraket Nordvard i Mossesundet for olje. Vi skal finne ut korleis vi skal handtere ubåten U-864 utafor Fedje på ein miljømessig forsvarleg måte. Alt dette bringar oss nærare regjeringa sitt mål om å styrkje beredskapen mot akutt forureining.

Lysbilde 9 - Havbruk
Når eg står på denne talarstolen er det naturleg for meg  å seie nokre ord om regjeringa sin konkurransestrategi for norsk havbruksnæring.

Konkurransestrategien er regjeringa sin plan for korleis framtidige utfordringar for næringa kan bli møtt på ein best muleg måte.
Vi legg i strategien vekt på å sikre marknadstilgangen og at veksten i havbruksnæringa skal skje på ein berekraftig måte. Slik kan næringa medverke til vidare verdiskaping langs kysten.

Lysbilde 10
Om eg startar med marknadsutfordringane, er vel laksesaka og panelsaka mot EU noko de har høyrt mykje om.
WTO-panelet gav Norge medhald i at EU har brote WTO-avtalen på ei rekkje avgjerande punkt, frå iverksetting av undersøkinga til innføring av tiltaka. Vi meiner at tiltaket no må opphevast. Vi vil difor arbeide for at dette skjer så raskt som råd er, men – i dette tilfellet er mykje opp til EU. Det betyr at norsk laksenæring må leve med minsteprisane så lenge dei gjeld.
Når det gjeld bilaterale handelsavtalar i høve til nye og potensielt viktige marknader, vil eg nemne at Norge i løpet av 2008 vil setje i gong frihandelsforhandlingar med India og Kina. Vi vil vidare prioritere forhandlingar med Russland og Ukraina så snart desse landa har sluttført forhandlingane om WTO- medlemskap.

Lysbilde 11 (Oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden)
Regjeringa er oppteken av å sikre at norsk havbruksnæring veks på ein berekraftig måte. Dette er og vil vere, avgjerande for næringa sitt omdømme og framtidsutsiktar.
Det er difor viktig å planleggje godt. Her på Vestlandet har de òg teke del i dei gode tidene dei siste åra, sjølv om mange framleis har krevjandes utfordringar. Det er nok å nemne fiskesjukdom som Pancreas Disease (PD) og lakselus.
Sjukdomen PD har auka markant på Vestlandet dei siste åra. Mattilsynets tiltaksplan er på plass, og PD er oppgradert til B-sjukdom. Ei eiga soneforskrift for Vestlandet vart vedteken før jul. Vi gjorde dette i nær dialog med næringa og styringsgruppa mot PD. Eg trur dette samarbeidet kan stå som eit eksempel på korleis næring og styresmakter bør arbeide saman mot felles mål i framtida.

Lysbilde 12 (Oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden)
Eg slår fast at det er ei gledeleg forbetring i rømmingstala for 2007 samanlikna med året før. Vi ser ei halvering i talet på rømte fisk – dette trass i produksjonsauke!
Men målet må vere at rømming skal haldast på eit absolutt minimum. Vi er ikkje i mål enno!

Lysbilde 13 (Fiskeridirektoratets kartverktøy, utsnitt av Hardangerfjorden)
Når vi no snakkar om berekraft, vil eg spesielt nemne situasjonen i Hardangerfjorden, som er ein av dei mest oppdrettstette områda i landet. Her finst det særskilte utfordringar.

Hardangerfjorden har for tida dårleg vasskvalitet. Klare årsaker til dette er ikkje funne, men vi må ta desse signala inn over oss. Havforskingsinstituttet meiner at dei store fjordane på Vestlandet, inkludert Hardangerfjorden, i liten grad er påverka av utslepp frå fiskeoppdrett. Uansett er Hardangerfjorden trekt fram som eit potensielt problemområde med stor tilførsel av næringssalt.

Fiskeridirektoratet seier at vi må fare varsamt fram i Hardangerfjorden, og meiner at den regionale tolegrensa snart kan vere nådd. Direktoratet foreslår stans i tildelingar av nye løyve og stans i vidare utvidingar for laks og aure i delar av fjorden, medan ein utarbeider ein eigen plan for korleis problema skal handterast. 
Eg meiner det er viktig å sikre at den vidare utvikling av havbruksnæringa ikkje fører til  auka risiko for miljøet i Hardangerfjorden eller i andre område. Vi ser det difor no slik at det ikkje er særleg aktuelt med nye konsesjonar i Hardangerfjorden i tildelingsrunden i 2009. Men det kan vere muleg med nye konsesjonar så snart tilhøva blir betre.

Vi har gitt Fiskeridirektoratet i oppdrag å identifisere område langs kysten der ein bør gå særleg forsiktig fram når det gjeld vidare vekst i havbruksnæringa. Oppdraget er enno ikkje fullført, og det er difor ikkje konkludert i spørsmålet om i kva for område det eventuelt ikkje vil bli tildelt nye konsesjonar. Vi tek endeleg stilling til dette i  statsbudsjettet for 2009.

Lysbilde 14
Så vil eg seie litt om eit av dei store diskusjonstema no for tida; arealbruk og arealavgift.

Vi vil medverke til at havbruksnæringa får god tilgang på optimalt areal i kystsona. I samband med dette meiner regjeringa prinsipielt at kommunane bør få rett til å krevje inn betaling for bruk av areal i kystsona.
Ei slik avgift vil vere med på å betre næringa sitt omdømme lokalt og å knyte nærare band til lokalsamfunnet ved at næringa i større grad bidreg direkte økonomisk.

Det er difor sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe - der eg er med - som skal vurdere dette nærare, og på kva måte det eventuelt kan skje. Regjeringa si endelege vurdering av arealavgift vert lagt fram til hausten – i statsbudsjettet for 2009. Arbeidsgruppa har møtt fleire av interesseorganisasjonane som har lagt fram sine syn og svart på spørsmål, mellom andre FHL. Etter det møtet må eg seie at eg undra meg litt over at oppdrettarane sin dominerande organisasjon i sin iver etter å argumentere mot arealavgifta, seier til statssekretærane at næringa ikkje opplever nokon arealutfordring i kystsona.

Lysbilde 15
Eg vil avslutte med nokre ord om den siste delen av konkurransestrategien, nemleg ny tildelingsrunde for laks- og aurekonsesjonar i 2009.
Fram mot tildelinga vil vi arbeide vidare med detaljane rundt tildelingsrunden. Dette gjeld mellom anna:
• talet på konsesjonar og regional fordeling
• vederlag og tildelingsmåte
• tildelingskriteria, mellom anna for å styrkje små og mellomstore aktørar, sikre at verksemda vert integrert økonomisk i regionen og gi mulegheit for foredlingsbedrifter. I tillegg kan det som tidlegare nemnt vere aktuelt å ikkje dele ut konsesjonar i visse område.
Vi tek sikte på å gjere greie for dette òg i budsjettframlegget for 2009, med andre ord i oktober 2008.

Lysbilde 16
Vi ønskjer å leggje til rette for ei konkurransedyktig havbruksnæring, både i eit regionalt og nasjonalt perspektiv. Saman kan vi byggje ei berekraftig havbruksnæring, som kan medverke til verdiskaping langs heile kysten!

Takk for meg!