Historisk arkiv

Berekraft og konsesjonspolitikk på Vestlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statsekretær Vidar Ulriksen på havbrukskonferansen AqKva på Stord 22.1 2009 

Havbrukskonferansen AqKva på Stord 22.1 2009


AqKva-konferansen er ein viktig møtestad for havbruksnæringa på Vestlandet. Det er godt å sjå at så mykje kompetanse er samla frå næring, kommunar, forskingsmiljø og forvaltning.

1. Kva havbruksnæringa bidrar med


Fiskeri- og havbruksnæringa i Noreg er ein suksess. Det er mange årsaker til dette, mellom anna viljen - og evna - vår til å forvalte ressursane og kystsona på ein god måte. Langsiktig vekst er avhengig av at vi legg til grunn ein tilpassa og langsiktig bruk av dei naturressursane vi er velsigna med.

Fiskeri- og kystdepartementet er eit næringsdepartement, men òg eit miljødepartement. Vi meiner at miljømessig berekraft er grunnleggande for vidare vekst innan havbruk både på Vestlandet og elles i landet. 

For å kunne sikre busetnad langs kysten er lokalsamfunna avhengig av å ha fleire bein å stå på. Skal dei tiltrekkje seg den arbeidskrafta dei treng, må det også vere arbeid for folk med utdanning og karriere-ønskje.

Aktivitet skaper aktivitet. SINTEFs ringverknadsanalyse for fiskeri- og havbruksnæringa viser at for kvart årsverk som vart oppretta innan havbruk i 2006, kom det i underkant  av 3 gonger så mange årsverk i ringverknader.  Både oppdrettarar, fiskarar og fiskeindustrien skaper stor aktivitet og økonomiske ringverknader langs kysten.
Kjerneverksemda omfattar fangst, mottak, oppdrett, slakting, foredling og grossistledd. Store og små oppdrag dryp på det lokale næringslivet.
I tillegg til dette skaper havbruk eit kunnskapsbehov, noko som stimulerer til utvikling av forskings- og utdanningsmiljø, som igjen fremmar utvikling i ulike sektorar.

2. Tildelingsrunden 2009


Tildelingsrunden i 2009 vil medverke til auka verdiskaping langs kysten. Gjennom utlysing av 65 nye løyve innfrir regjeringa lovnadene i ”Strategien for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring”. Dette vil bidra til at havbruksnæringa får stabile og føreseielege rammevilkår innanfor miljømessig akseptable rammer.

Tildelinga vil skje mot fast vederlag, og søknadene vil bli behandla med prioritering ut frå bestemte kriterium. Mindre aktørar blir prioriterte framfor større, søkjarar som vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk verdiskaping i kystdistrikta i Noreg vil òg bli prioriterte. Innanfor den såkalla PD-sona på Vestlandet vil det, i tillegg til dei andre kriteria, gjelde eit prioriteringskriterium om å bruke tildelinga til å stimulere til å endre lokalitetsstrukturen. Dette skal bidra til å gjere næringa meir robust mot sjukdom. Frysvedtaket i Hardangerfjorden ligg fast. Det blir ikkje gitt nye løyve i dette området. I tillegg blir det og gjeve prioritet til økologisk havbruk gjennom 5 øyremerkte løyve.

Eg vil understreke at desse kriteria ikkje utelukkar nokon frå å søkje, men det å oppfylle kriteria vil ha vekt i spørsmålet om søkjaren vil nå opp i konkurransen om løyva.

Problema som den chilenske havbruksnæringa opplever, viser kor viktig ei sterk havbruksforvaltning er. Noreg har i dag ei rekkje rammevilkår for havbruk som bidreg til berekraft. Det er dette som har gjort det muleg for regjeringa å leggje til rette for vekst innan oppdrettsproduksjonen ved tildelingsrunden for 2009.

3. Berekraftsstrategien


Veksten i havbruksnæringa må skje innanfor rammer som kan forsvarast fagleg ut frå miljøvitskaplege argument. Andre faktorar er og sjølvsagt viktige, som forbrukartrendar og økonomisk utvikling - faktorar vi vert sterkt minna om i desse dagar. Eg vil likevel seie det så sterkt at utan miljømessig berekraft vil veksten i næringa stoppe opp. Havbruk skjer over så store område og kan komme i konflikt med så mange andre brukarinteresser langs kysten, at det seier seg sjølv at ein ikkje kan vere blind for andre, og kanskje kritiske synspunkt
Eg har tidlegare i dag sagt at Fiskeri- og kystdepartementet er eit miljødepartement. På havbrukssida så arbeider vi for tida med ei systematisk samanstilling av kva som skal kjenneteikne ei miljømessig berekraftig havbruksnæring i framtida. For å nærme oss problemstillinga har vi tatt utgangspunkt i korleis oppdrettsverksemd påverkar miljøet. Det er lagt vekt på nokre utvalde utfordringsområde for havbruk:
• genetisk påverknad
• forureining
• sjukdom
• areal
• fôr 

3.1 Rømming

At rømmingstalet for laks og regnbogeaure i fjor berre er 100.000 fisk, syner ei positiv utvikling. Dette er bra. Eg ønskjer å gje honnør til næringa som har tatt problemet på alvor. Eg er også glad for at næringa har sett seg konkrete mål for korleis ein skal nærme seg visjonen om nullflukt. Men, sjølv om utviklinga går i rett retning, er fjorårets rømmingstal likevel ikkje i tråd med visjon nullflukt enno, særleg ikkje for torsk. Det er ulike årsaker til rømming, men med fare for at vi har meir ekstremuver i vente, må næringa prioritere solide anlegg. Samfunnet har klart gitt uttrykk for at rømming er uakseptabelt, og difor er det òg viktig at det blir tatt tak i dei næringsaktørar som opptrer uansvarleg i høve til denne problematikken. I tillegg til miljørisiko kan omdømmet til næringa og til Noreg som sjømatnasjon bli øydelagt.

3.2. Forureining

Havbruk sin påverknad på vasskvalitet gjennom utslepp av næringssalt og organisk materiale, har tradisjonelt blitt sett på som ei lokal affære. I særskilte oppdrettstette område kan regionale effektar ikkje avfeiast utan vidare, og vi må i framtida ikkje berre sjå på einskilde lokalitetar når vi vurderer utslepp. Eit område der dette er relevant er Hardangerfjorden, som er det området i Noreg med størst produksjon på avgrensa område.

3.3. Sjukdom (lakselus) og store merdar


Lakselus har tatt livet av svak villfisk gjennom alle tider. Lakselus var eit problem for oppdrettslaks før vi fikk effektive legemiddel. No er spreiing av lakselus frå havbruk til vill laksefisk eit av dei alvorlege trugsmåla mot ei berekraftig havbruksnæring. Kvifor har det blitt slik? Til fleire fisk, til betre oppvekstkår får lakselusa.  Aukande biomasse og resistensutvikling kan føre til aukande mengder lakselus langs kysten. Å hindre spreiing av lakselus er ei prioritert oppgåve for Fiskeri- og kystdepartementet.

For å redusere konsekvensane av lakselus vedtok departementet i fjor ei ny forskrift der målet er å kontrollere lakselus i oppdrettsanlegga og verne villlaks og sjøaure. Mattilsynet har med dette regelverket for kontroll med lus fått gode verktøy for å handtere lakselus. Eg vil særskilt peke på at dersom tilhøva tilseier det, kan Mattilsynet påleggje avlusing ved lågare grenseverdiar enn det som er sett i forskrifta, t.d. i geografiske område med særskild stor biomasse, eller i nasjonale laksefjordar.

Mattilsynet har og fastsett ei lokal forskrift som skal sikre samordna avlusing vinteren 2009 på Vestlandet. Mattilsynet køyrde ein tilsvarande kampanje i fjor vinter med gode resultat. Med erfaringane frå den kampanjen er eg viss på at vinterens avlusingskampanje blir ein suksess.

I fjor kom det meldingar om lus som ikkje let seg knekkje av lakselusmiddel. At nokre bestandar med lus blir mindre følsame for eitt eller fleire av dei lakselusmidla som finst på marknaden, kan ha mange og samansette årsaker.
Det er likevel grunn til å tru at nokre av hovudårsakene kan vere auka bruk av legemiddel og større merdar. Aukande biomasse og større merdar gjer avlusingsoperasjonane vanskelegare. Det er òg viktig at næringa på si side følgjer opp problema med lakselusresistens, mellom anna gjennom fornuftig veksling mellom tilgjengelege legemiddel og ein ekstra innsats i bruk av leppefisk.   
 

3.4. Areal


Ein hovudtendens for norsk lakseoppdrett dei siste åra har vore ei utvikling mot færre, større og betre oppdrettslokalitetar.  Dette vil frigjere areal og har gjort det muleg å etablere større avstand mellom anlegg og mellom grupper av anlegg. Det er mange brukarinteresser langs kysten. Dersom det ikkje blir  utarbeidd gjennomtenkte og føreseielege planar for bruk og vern av kystsona, kan det lett oppstå konfliktar mellom brukargrupper. Dei nasjonale laksefjordane og vassdraga er eit døme på føreseielege verneområde for villaks.

3.5. Fôr


Ei anna viktig utfordring er knytt til fiskefôr og korleis vi kan sikre oss at havbruksnæringa sine behov for marine råstoff  ikkje øydelegg fiskebestandar og marine økosystem. I samband med dette er det aktuelt å vurdere om marint råstoff i fôr har sitt opphav i fiskebestandar som blir berekraftig forvalta. Innhaldet av vegitabilier i fôret kan auke, men det må ikkje gå ut over fiskens helse og velferd. Andre kjelder til marine ingrediensar i fôret må utviklast.
Fiskeri- og kystdepartementet trur at det kjem næringa til gode dersom ein tek bekymringsmeldingar for miljøspørsmål seriøst.

4. Hardangerfjord-forskrifta


Av og til kan det vere nødvendig å stanse opp og undersøkje bekymringsmeldingar før ein går vidare.
For eit år sidan var den samla miljøsituasjonen i Hardangerfjorden slik  at det kunne gå gale om ein heldt fram i same takta. Derfor sette vi foten ned, og «fraus» situasjonen, i påvente av ei ”sjølvberande” forskrift for området. Fleire aktørar var kritiske til dette, mellom anna fordi næringa si eiga  ”Styringsgruppe  mot PD” arbeidde med førebuingar til betre lokalitetsstruktur på Vestlandet pga pankreassjukdom (PD). Eg har opplevd ein god dialog med næringa i denne prosessen. Departementet har mottatt eit forslag til forskrift for Hardangerfjorden frå Fiskeridirektoratet.  Vår oppgåve blir no å sikre at forskrifta og næringa kjem i takt, slik at vi får ei styrt omstilling i rett retning. Forskrifta blir send på høyring før påske, og vi vil sjølvsagt lytte til dei innspela vi får.

5. Mine ønskje for framtida


Eg vil oppfordre næringa til å leggje opp til ein vidare vekst som tar omsyn til andre interesser òg. Invester i framtida gjennom å stimulere til innsats for å motverke grunnlag for negative miljøverknader frå havbruk.  Mitt inntrykk er at havbruksnæringa  er prega av dyktige menneske, som gjennom kunnskap og pågangsmot har utvikla lønnsame bedrifter. Eg vil gi honnør til alle som kvar dag står på for å sikre utvikling av bedriftene sine, og dermed òg bidreg til å skape verdiar for samfunnet.

Denne regjeringa ønskjer at havbruk skal vere ei viktig næring for både Kyst-Noreg og resten av landet. I dette ligg òg det faktum at heimemarknaden er viktig – også som utstillingsvindu for norsk sjømat. I tillegg til det direkte økonomiske potensialet dette kan ha i desse usikre finansielle tider, er heimemarknaden viktig for sjømatnæringa sitt omdømme i befolkninga. Eg ønskjer at nordmenn skal føle seg stolte over norsk sjømat, inkludert oppdrettsfisk, og kjenne seg trygge på at havbruksnæringa vår er basert på berekraftige prinsipp.

Dei skal  ikkje vere redde for at dei bidreg til utrydding av ville bestandar når dei et eit godt laksemåltid.  Det er viktig å medverke til kunnskapsutvikling og informasjon om sjømatens rolle i det  daglege kosthaldet vårt. Ut frå eit helseperspektiv er det eit mål å auke forbruket av fisk og annan sjømat i Noreg. Vitskapskomiteen har slått fast at både barn og vaksne bør ete meir fisk – både som middagsmat og som pålegg. Fiskeri- og kystdepartementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Eksportutvalet for fisk sett i gong prosjektet Fiskesprell retta mot barnehagar og skular. Barn likar nemleg fisk – dersom vi vaksne ikkje fortel dei noko anna!  

6. Avslutning


Eg vil avrunde med å seie at det er framleis rom for vidare vekst innan havbruk, og at vi skal leggje til rette for at miljø og villfisk ikkje vert skadelidande. Det er ei viktig oppgåve de har framfor dykk. Noreg og resten av verda treng meir sunn mat, mange treng rett og slett berre mat. Det er dette det eigentleg handlar om.